Morn’a, Carl!

Nei, Siv Jensen saknar ikkje seg sjølv i politikken.

Siv Jensen og Carl I Hagen under trontaledebatten i 2019.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Siv Jensen: «Siv med egne ord». Skrive i samarbeid med Gunnar Ringheim. 259 sider. Kagge Forlag.

Karl Ove Knausgård kunne aldri ha vore ghostwriter for Siv Jensens memoarbok, for her går det unna: Etter nokre innleiande barndoms- og ungdomsminne blir ho medlem av partiet på side 29, og alt på side 60 er ho formann. Og det berre skjer, utan stor indre kamp, sjølv om ho innrømmer at ho gøymde seg på do i nervøsitet før den første tv-debatten. Men det gjekk bra til slutt, det òg.

Nå skal ikkje eg kritisera forfattarar som skriv kort, det er altfor mange som overdriv i motsett retning. Og Siv Jensens bok er både openhjarta, humoristisk og lettlesen. Men for dei politisk interesserte er boka nærsynt og overflatisk.

Djupe refleksjonar om utviklingstrekk i det norske samfunnet, eller om Norges rolle i verda, finst ikkje her. Dei store sakene som har vore oppe i Siv Jensens tid i politikken, er for ein stor del fråverande. Og sjølv er ho ikkje akkurat plaga av tvisyn eller tvil. Korleis ho – og partiet – har kome fram til standpunkt i ulike saker, teier også boka om for det meste. Vel, rett skal vera rett: Ho vedgår at ho har vore usamd med partiet når det gjeld ulv, klima og likekjønna ekteskap. Men då var det berre å bita tennene saman, gå i krigen og forsvara partiet sitt syn.

Politikk er personar

Skal ein døma etter boka, har politikken for Siv Jensen handla om personar, forhandlingar og krisehandtering. Dei fleste politikarkollegaene får god attest – for eksempel Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Audun Lysbakken, Kjell Ingolf Ropstad, Ketil Solvik-Olsen og Sylvi Listhaug.

Ja, bortsett frå ein del uidentifiserte, dobbeltmoralske journalistar finst det eigentleg berre to store skurkar i boka. Det er Eli og Carl I. Hagen. Jensen vart etter kvart dyktig lei dei «nedrige» og smålige «sjuande far i huset»-stikka frå ekteparet Hagen. At Carl I. Hagen kom seg inn igjen på Stortinget i haust, gjer neppe gleda hennar over å vera fri leiaransvaret mindre.

Siv Jensen skildrar partileiarvervet i Frp som ei konstant øving i «konflikthåndtering, krisehåndtering og kommunikasjon». Skandalane rundt Terje Søviknes, Trond Birkedal, Tor Mikkel Wara/Laila Bertheussen og andre blir fyldig omtala, like eins konflikten med Per Sandberg, som førte til at eit langvarig personleg venskap vart avslutta.

For Jensen er politikken personleg også i forholdet til andre parti. Det fører til at ho tilsynelatande blir blind for viktige politiske og ideologiske skiljeliner, som når ho i fullt alvor skriv at Knut Arild Hareide ville ført KrF inn i regjering med Frp alt i 2013 «om han hadde hatt hår på brystet». Den harde interne kampen i KrF i 2018 om regjeringssamarbeid. Venstres politiske konfliktar med Frp i regjering tilskriv ho «en forferdelig omkampkultur» i partiet. Ola Elvestuen var verst, og Trine Skei Grande kunne bli «fryktelig sint og urimelig», sjølv om ho og Siv også har hatt det «mye morsomt sammen».

Nå er ho fri

Boka er på sitt beste når Siv Jensen skriv om dei menneskelege, daglegdagse sidene ved politikarlivet, som å ha livvakter med seg for alle gjeremål, vanskane med å gå på date utan at det blir offentleg kjent, eller å vera konstant på vakt mot ei ny krise. Jensen har også opplevd tunge stunder i privatlivet undervegs, som då svogeren Nicolai døydde av kreft for tre år sidan.

Det var denne tragedien som for alvor fekk henne inn på tanken om å forlata politikken, for å få meir tid til familie, venner og eit anna liv. Og det verkar både ærleg og djupfølt når ho på slutten av boka forsikrar om at ho nå er fri, lykkeleg og aldri vil tilbake til politikken. Tanken slår meg: Kanskje var aldri Siv Jensen eit slikt politisk dyr som eg trudde?

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En skattkiste for bergensere. Er det bra, eller?

  2. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  3. Rogalands svar på Mr. Bean på verdens ver­ste syden­tur

  4. Krigen var ikke så fredelig som disse bildene viser

  5. Vilt fabu­lerende, over­skudds­preget og under­holdende om Ibsen

  6. Han kjempet for demo­krati, ble feng­slet, tort­urert og havnet i Stav­anger. Diktene hans er vakre!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Siv Jensen
  5. Carl I. Hagen