Politisk korrekt

BOK: Sosialdemokratisk solid og traust gjennomført frå Ap-politikar.

Marianne Marthinsen, født i 1980, er samfunnsøkonom og har sittet på Stortinget for Arbeiderpartiet siden 2005, men tok ikke gjenvalg i 2021.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Marianne Marthinsen: «Selveiersanger». Roman. 346 sider. Aschehoug.

Eks-stortingspolitikar Marianne Martinsen frå Arbeidarpartiet debuterer her som romanforfattar.

Fleire kritikarar har rosa henne for forteljinga om Tonje, den skuleflinke Oslo-jenta som veks opp under kummerlege tilhøve med kaldsleg åleinemor, gjennomfører ei såkalla klassereise, blir anerkjent forskar og giftar seg med advokat frå den velståande delen av byen. Men så er ikkje alt så enkelt likevel, verken på jobben eller privat: Fortida og barndommen spøker i nåtida.

Slike (klage)songar har ein høyrt ein del gonger før, i ulike litterære versjonar. Enkelte vil nok finna «Selveiersanger» gjenkjennande. Sjølv sit eg igjen med ei kjensle av hakk i plata. Refrenget av ei sosialdemokratisk korrekt forståingsramme kling litt for tydeleg gjennom romanen. Ei ideologisk eintydig stemning (understøtta av den allvitande forteljarstemma) som gjer både handling og figurar føreseielege og trauste, om enn truverdige. Som at unge Tonje blir rutinemessig utnytta av ein eldre førelesar på universitetet, blir dumpa, skuffa og skammar seg. Eller at ho i møte med kjærasten sin betrestilte familie merker kontrasten til eigen oppvekst og synest ho kjem til kort. Det er ikkje særleg usannsynleg. Det er heller ikkje særleg originalt.

Romanen lir i framhaldet av dette av eit litt for stort ønske om at «alt skal med»: barn sine oppveksttilhøve, verdien av utdanning, sosiale skilnader. Seksuelle overgrep mot barn. Seksuelle overgrep mot kvinner. Likestilling, kjønnsroller og dilemmaet jobb versus barn. Klimaspørsmålet. Ei lett forkledd Trond Giske-sak.

Elementa blir for mange, og handlinga enkelte gonger springande. Ut av ingenting byrjar den keisame rettleiaren å bli klåfingra mot Tonje. Like plutseleg dukkar ei utanpåklistra løysing opp frå sidelinja, og me er over på neste tema. Kanskje ut frå ein tanke om at «alt henger sammen med alt», men vekslinga blir likevel opplevd som sprikande. Handlinga flyt ut i for mange retningar.

Forteljemåten er nokså tradisjonell, med startpunkt då Tonje startar som student, og fram til nåtida, med avstikkarar tilbake i tid innimellom. Handlinga blir sett i gong og halden gåande av eit ganske interessant paradoks: hovudpersonen tenker for mykje, men er likevel lite gjennomtenkt.

Etter kvart som Tonje kjem seg opp og fram, veks ein subtil ironi fram: Hovudpersonen er eigentleg privilegert, grunna sin teoretiske dugleik, men ser det ikkje sjølv. Med barndommen som argument vender ho stadig tilbake til kor lett det er for dei andre og kor vanskeleg det er for henne sjølv. Flink pike er blitt stakkars lille, nyrike pike.

Denne meir eller mindre medvitne ansvarsfråskrivinga frå eit vakse menneske, som slik nærast køyrer livet sitt i grøfta med vilje, er kanskje den sterkaste delen av romanen.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En skattkiste for bergensere. Er det bra, eller?

  2. Eks-stortings­politikar debuterer som for­fattar – vår kritikar er passe nøgd

  3. Rogalands svar på Mr. Bean på verdens ver­ste syden­tur

  4. Krigen var ikke så fredelig som disse bildene viser

  5. Vilt fabu­lerende, over­skudds­preget og under­holdende om Ibsen

  6. Han kjempet for demo­krati, ble feng­slet, tort­urert og havnet i Stav­anger. Diktene hans er vakre!

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse