Stivna teater

TEATER: Norges fremste dramatikar. Gode folk og vilje i alle ledd. Så kvifor blir «Når vi døde våkner» likevel ganske kjedeleg?

Øystein Røger som Rubek og Ragnhild Margrethe Gudbrandsen som hans modell Irene i «Når vi døde våkner».
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

NÅR VI DØDE VÅKNER

Det norske ibsenkompaniet. Turnépremiere Sandnes kulturhus. Av: Henrik Ibsen. Med: Kikki Stormo, Øystein Røger, Ragnhild Margrethe Gudbrandsen, Eric Todd og Sara Beraniek. Regi: Kjetil Bang-Hansen. Lengde: 70 minutt.

Det norske ibsenkompaniet, med Kåre Conradi i spissen, har eit flott mål: Ta i bruk kremen av norsk teatertalent, spel vår fremste dramatikar både på norsk og engelsk – og skap ei bru ut i verda frå Ibsens heimland.

Kompaniet har hatt fleire oppsettingar i London. Sist «Når vi døde våkner» på The Coronet Theatre, til glitrande kritikkar i britisk presse, ifølgje reklamen.

Nå reiser kompaniet på ein liten turné i Norge med oppsettinga, og premieren var lagt til Sandnes kulturhus torsdag kveld.

«Når vi døde våkner» er Ibsens siste verk, frå 1899. Det handlar om bilethoggaren Rubek (Røger) som lever i eit gledelaust ekteskap med den langt yngre Maia (Stormo). Dei er heime i Norge etter mange år i utlandet. Så blir han oppsøkt av sin tidlegare modell Irene (Gudbrandsen), som stod modell for verket som gjorde han verdskjend, men som har slite sidan han drog frå henne. Rubek innser at han ikkje skulle late henne gå. (Ifølgje Ibsen-mytologien skal stykket vera inspirert av at ho som var modell for Nora i «Et dukkehjem» oppsøkte Ibsen.)

Her er gode skodespelarar på scenen, ei levande legende på regi, og verdas nest mest spelte dramatikar bak teksten.

Likevel sleit eg med å bli særleg engasjert. Tvert om blei eg tidvis sitjande og kjeda meg – og lura på kvifor. Her er nokre teoriar:

Dette er klassisk, gammaldags teater. Skodespelarar går rundt på ein scene med ein statisk scenografi og leverer replikkane sine, meir vendt ut mot publikum, med eit litt fjernt, uutgrundeleg blikk, enn i blikkontakt med den dei snakkar med. Sjølv om teksten blir framført på moderne norsk, på dialekt, og tidvis på engelsk – heile tida med engelsk teksting på sceneteppet på scenografien – er det noko gammaldags og stivt over denne måten å spela teater på.

Og så har du tematikken. Rubek er i ei slags eksistensiell krise, mest av alt som kunstnar, men også som (ekte)mann. Men problemstillinga rundt kunst, liv og verk, som både han og Irene slit med, er ganske sær. Det blir vanskeleg å identifisera seg med eller engasjera seg i for oss ikkje-kunstnarar. Vår moderne debatt rundt «virkelighetslitteratur» er meir interessant og oppdatert.

Det finst uendeleg mange måtar å spela Ibsen på, frå hypermoderne omarbeidingar – som kan bli over the top – til tradisjonelle versjonar – som kan kjennast utdaterte og gammaldagse. I vår har me fått presentert tre variantar i vår region: «Gjengangere» på Rogaland Teater, Riksteatrets «Hedda Gabler» og nå Ibsenkompaniet. Dei to siste er turnerande oppsettingar, med dei avgrensingane det har for scenografi og tekniske løysingar.

Det som likevel gjorde «Gjengangere» til den mest vellukka av dei tre, er at regissør Hanne Tømta lukkast i å gjera Ibsen verken hypermoderne eller støvete, men tidlaus. Skodespelarane framførte Ibsens tekst, på tradisjonelt vis. Men dei spelte mot kvarandre, ikkje mot salen, og lukkast i å skapa ein intim energi dei omreisande på besøk i Sandnes sin storsal slit med.

Publisert: