Smart, dansk gangster­komedie

FILM: Smart, svart gangsterkomedie om store og vonde spørsmål.

Soldaten Markus (Mads Mikkelsen) vil hemna kona. Med seg på laget har han to forskrekka statistikarar. Det blir det mykje moro av.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Rettferdighetens ryttere

Kinopremiere: 02.07.2021. Med: Mads Mikkelsen, Nikolaj Lie Kaas, Andrea Heick Gadeberg, Lars Brygmann, Nicolas Bro. Sjanger: Action / Komedie / Drama. Regi: Anders Thomas Jensen. Nasjonalitet: Danmark, 2020. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 56 min.

Desse danskane er ganske gode på å laga film, ja. Sist me såg Mads Mikkelsen i ein dansk film på kino, enda det med Oscar for Beste utanlandske film for «Et glass til». Nå er han her i ei heilt anna rolle, i ein heilt annan type film. Men igjen er han god. Og igjen er det så … dansk.

Frå starten av ser «Rettferdighetens ryttere» ut som eit klassisk og vondt (hemnar)drama: Kona til afghanistansoldaten Markus (Mikkelsen) hamnar i ei tragisk togulukke heime i København. Markus er ein hard og brutalt rasjonell militærmann. Han har ikkje det kjenslemessige registeret til å handtera verken si eiga eller tenåringsdotteras sorg. Korleis skal dette gå?

Samtidig blir me tidleg introdusert for to statistikarar, to håplause nørdar som forskar på algoritmar som forklarer – og til slutt kan forutseia – ting som skjer. Når det viser seg at ein bandeleiar som skulle vitna i ei rettssak er blant dei drepne i togulukka, reknar dei seg fram til at det er statistisk umogleg at det kan vera tilfeldig. Det må altså stå nokon skuldige bak.

Så koplar du nerdane med soldaten, statistikken med valden, og vips! Eit klassisk hemndrama er på gang.

Men så enkelt er det altså ikkje når smarte danskar lagar film. For midt inni og som ein viktig del av dette menneskelege dramaet og diskusjonen rundt tilfelle og statistiske mønster, er det altså enorme mengder humor. Av den svarte typen. Og her kjem me til det danske igjen. For mens andre kanskje kan prøva å laga humor av kvardagsproblem og tull, lagar Anders Thomas Jensen her humor basert på noko av det vondaste og vanskelegaste som finst i verda. I tillegg til dødsfall, tap og depresjon, er «Rettferdighetens ryttere» på ganske subtilt vis innom incest, trafficking, prostitusjon, mobbing, posttraumatisk stressyndrom, omsorgssvikt, psykoterapi og vald. Høyrest ut som perfekte tema for ei komedie, ikkje sant? Men nettopp grenseoverskridinga og den smarte, elegante – den danske – måten å handtera det på, gjer at du garantert kjem til å le midt i all denne tragedien.

Denne veka er det premiere på to filmar som prøver å kombinera humor og vald. Den amerikanske blir berre dum. Den danske er smart. Kva er forskjellen? Vel, i «Rettferdighetens ryttere» har du eit stjernelag danske skodespelarar. Som i amerikanske «Werewolves Within» er dei ganske tydelege og einspora karakterar, men likevel truverdige og konsekvente. Du trur på desse karakterane, føler med dei, same kor rare dei er. Og så tør altså danskane å vera grenseoverskridande når dei nærmar seg «farlege» tema, mens amerikanarane er snille og forsiktige.

Ja, og så har danskane skrive eit drivande godt og intelligent manus som handlar om store og fascinerande spørsmål under all underhaldninga. Det er ikkje berre popkorn. Her er litt fullkorns knekkebrød å tygga på også.

Så: Finst det eit mønster bak alt som skjer, eller skjer alt tilfeldig? Eg veit ikkje. Men eg veit at når flinke, danske filmfolk kjem saman, så er det ikkje tilfeldig at det blir bra film av det.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ser og høyrest ut som ein inter­nasjonal thriller

  2. Sårt og ærlig om ungdom som sliter

  3. Disse babyene burde gitt seg mens leken var god

  4. Mannen som nektar å flytta

  5. Kva vil du ofra for ei Michelin-stjerne?

  6. Ikkje heilt konge

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film