Deprimerande lesning

BOK: Grundig og innsiktsfullt, men for mykje psykiatri-lærebok og for lite roman.

Eskil Skjeldal gjer eit forsøk på å byggja bru mellom dei som slit med psyken – og dei som ikkje forstår kva det dreier seg om. Foto: Vegard Giskehaug

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Eskil Skjeldal: Fars hage, mors hus. Roman. 301 sider. Cappelen Damm.

Det kan av og til verka som om skilnaden mellom dei som ikkje har opplevd psykiske plager og dei som har det, er som ei uoverstigeleg kløft: Den første gruppa klarer aldri heilt å forstå kva det dreier seg om. Den andre gruppa klarer aldri heilt å forklara det. 

Ein kan påstå at Eskil Skjeldal (f. 1974) med sin skjønnlitterære debut gjer eit forsøk på å byggja bru mellom desse gruppene. Romanen følgjer hovudpersonen Mikael Emanuelsen frå han gravlegg faren sin og deretter fram og tilbake i tid, der me får eit intenst og nærgåande portrett av ein sjeleleg svært plaga mann. Barndommen var prega av ei kjølig mor og ein tiltakslaus far, som einebarn. Ungdommen av einsemd, rus og innlegging. Vaksenlivet av brot med foreldra og tilbakevendande depresjonar som skremmer kone og ungar, i form av raseriutbrot, fyllekuler og stump vald mot inventar. Og ikkje minst den stadig kvernande, indre stemmen av nærast religiøs karakter: Kvifor gjer eg slik, når eg eigentleg vil gjera sånn? 

Skjeldal, med doktorgrad i teologi og fleire sakprosautgjevingar bak seg, skal ha ros for å gå inn i temaet på ein kompromisslaus og innsiktsfull måte. Skildringane av sjølvforakta og fortvilinga er såpass truverdige at tanken går fort mot at enten er dette sjølvopplevd, eller så har forfattaren jobba eller levd tett på personar i slike situasjonar. Den kjenslevare eg-forteljaren Mikael vekkjer sympati, men ikkje utan vilkår og heller ikkje på ein sentimental måte. Det er lite «dulling» og offertenking her. Mikaels tankespiral rammar først han sjølv, men sidan, og ikkje minst, hans næraste. Og så han sjølv igjen, i form av anger. Slik har ein det gåande. 

Ein del lesarar vil nok setja pris på ein mannleg eg-person med klar aversjon mot «me må snakka saman»-regimet, som kona Ragnhild og terapeutar står klare til å pusha på automatikk. Innhaldet kan slik seiast å vera både viktig og relevant, og med ein viss brodd. Forma blir derimot noko streit og traust – språket er rett fram og i for stor grad prega av analytiske og overforklarande vendingar. Doktoranden og sakprosaforfattaren verkar her å henga litt for mykje igjen i utforminga. Den skjønnlitterære opplevinga blir dermed berre sånn rundt gjennomsnittet, men er du frå «den første gruppa» kan dette i alle fall bli ei lærerik lesestund.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Men hva skal vi gjøre med oljå?

  2. Denne gang er han best når han er kort. Veldig kort

  3. «Homeland» på speed

  4. Denne debutanten håper jeg å se mer til!

  5. Fra biografiske ekko til dikterisk lek

  6. Suksessforfattaren prøver noko heilt nytt i sin nyaste roman

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Psykiatri