Ti stykk ønskjer å bli ny dagleg leiar ved Rogaland Kunstsenter

15. mai gjekk søknadsfristen ut for å søkje jobben som dagleg leiar ved Rogaland Kunstsenter.

Publisert: Publisert:

Rogaland Kunstsenter holder til i det store murhuset på Nytorget. Foto: Jonas Haarr Friestad

  • Marie Håland
    Journalist

– RKS er veldig nøgd med søkjarane til stillinga som dagleg leiar ved senteret. Søkjarane er seriøse og solide kandidatar med masse relevant kompetanse, noko som gjer meg sikker på at me vil kunne finne ein god, ny dagleg leiar for RKS, seier styreleiar Nils-Thomas Økland i ein melding til Aftenbladet.

Ettersom fleire ønskja at søknaden skulle vere utanfor offentlegheita, så har dei vald å ikkje leggje ved dei noverande stillingar søkjarane har.

Her er heile søkjarlista:

Ingeborg Prøis Bodzioch, Namsos
Hans Carlsson (f. 1986), Malmø
Christina René Jensen, Danmark
Jane Sverdrupsen (f. 1979), Bergen
Haakon Ørland (f. 1966), Stavanger
Henrik der Minassian (f. 1968), Oslo
Mann (f. 1961), Oslo
Mann (f. 1965), Stavanger
Mann (f. 1964), Stavanger
Leif Magne Tangen (f. 1978), Tromsø

Økland håper dei klarer å lande på ein kandidat så raskt som mogleg. Dei ønskjer òg at ny dagleg leiar kan tiltre etter sommaren når dei opnar att etter sommarstengt, viss det er mogleg for kandidaten.

Les også

Disse vil bli sjef for Filmkraft

I stillingsannonsen stod det at dei ser etter ein fleksibel, løysingsorientert, samarbeidsvillig og ansvarsfull person til å leie senteret vidare inn i nye tider. Stillinga er åremåls på 4 år i full stilling, med mogelegheit til ytterlegare 4 år.

– Me gleder oss til å ta fatt på prosessen vidare, seier Økland.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Demonstrasjoner over hele USA – Det hvite hus stengt

  2. – Lojale, men ikke underdanige

  3. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  4. Russebråk, ungdomssamling på Vaulen, tagging og rus

  5. Stjal en kasse sprit fra utested

  6. To til sykehus etter båtulykke i Tysvær

  1. Rogaland Kunstsenter
  2. Jobb