Sædkvalitet i fritt fall

På 38 år fall sædkvaliteten blant vestlege menn med 60 prosent. Samtidig aukar talet på kvinner som får barn gjennom kunstig befruktning. Er mannen i ferd med å bli overflødig?

Publisert: Publisert:

Niels Chr. Geelmuyden har skrive boka «Spermageddon - forplantningsevnen i fritt fall», som kjem ut i oktober. Foto: Jan Zahl

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Stadig fleire menn føler seg overflødige. Ikkje får dei barn og ikkje har dei lenger den tradisjonelle forsørgarrolla dei hadde. Dette vil bli eit stadig større problem, sa Niels Chr. Geelmuyden då han diskuterte mannsrolle og fertilitet på Kapittel laurdag.

I oktober kjem Geelmuyden med boka «Spermageddon - forplantningsevnen i fritt fall». Han har gått gjennom enorme mengder forsking rundt forplantning og sædkvalitet. Forskinga viser eit dramatisk fall i vestlege menns sædkvalitet frå 1972 til 2011 - men også i dyrs sædkvalitet. Nøyaktig kva som er grunnen, er ikkje så lett å seia, men Geelmuyden peikar på kosthald, stillesitjande livsstil, legemiddel og miljøgifter.

– I nesten halvparten av verdas land er fertilitetsraten så låg at befolkninga vil gå nedover og på sikt bli utrydda om utviklinga held fram. Det blir ein litt i overkant hard kur mot overbefolkning, sa Geelmuyden.

Sjølvstendige kvinner

Han sat i eit panel med to kvinner: Linn Strømsborg er aktuell med romanen «Aldri, aldri, aldri», som handlar om ei kvinne som aldri vil ha barn. Svenske Josefin Olevik har skrive boka «Den befridde familien», om korleis ho bestemte seg for å få barn aleine, utan nokon mann.

– Eg hadde mislukkast i å finna ein mann å få barn med, og begynte å tenkja på om det fanst andre måtar å få barn på, sa Olevik, som i prosessen blant anna måtte koma seg ut av skamma ho kjende over å ha mislukkast i den heteroseksuelle tosemda. Løysinga blei å dra til ein sædbank i Danmark.

– Det er sjølvsagt lettare å få barn om ein er to, og meir jobb om ein er aleine. Men velferdsstaten har gjort det mulig for kvinner å klara det likevel, sa Olevik, som spøkefullt reknar seg som godt gift med staten, som byr på alle sine velferdsordningar til svenske kvinner som får barn.

Frivillig barnlaus

Strømsborg skriv om ei kvinne i 30-åra som ikkje vil ha barn, og om reaksjonane ho møter både hos partnar, familie og omgjevnader over å bryta norma på denne måten.

– Eg meiner at dei som vil ha barn, absolutt bør få barn. Men det ligg eit veldig press på den kvinna som vel å ikkje få barn, sa Strømsborg.

Dette presset kjem frå høgaste hald i samfunnet. I nyttårstalen sin oppfordra til dømes statsminister Erna Solberg unge norske kvinner til å få fleire barn, og helst tidlegare enn i dag.

– Men det er jo ingen som ligg med kvarandre fordi Erna Solberg har sagt det, sa Geelmuyden.

For lite sex

Og når me først snakkar om sex, som tradisjonelt altså har vore nødvendig for å få barn: Ifølgje Geelmuyden er det i dag bare éi gruppe av den norske befolkninga som har meir sex enn før, og det er dei over 60 år.

– Nordmenn debuterer seksuelt seinare og har mindre sex enn før. Og når dei først skal ha sex, må unge norske menn i stadig aukande grad eta Viagra for å få det til, sa Geelmuyden.

Ifølgje han svarer bare éin av fem unge norske menn at dei føler seg maskuline. Blant menn over 60 år føler 60 prosent seg maskuline - og det trass i at menn blir stadig meir kvinnelege di eldre og mindre testosteronproduserande dei blir.

Avskilta menn

Olevik trur kvinner i framtida vil ha stadig større moglegheiter til å velja korleis dei vil ha barn, og at både kjernefamiliens og mannens rolle er i ein overgangsfase.

– Tidlegare var mannen den sterke parten i familien, den som skaffa pengane og forsørga familien. Nå trengs han ikkje ein gong for å laga barn. Det vil gi nye roller, sa Olevik.

Og mens ein tradisjonelt har skulda infertilitet på kvinna, tyder forskinga Geelmuyden har studert på at to tredeler av ufrivillig barnløyse hos norske par skuldast dårlig sædkvalitet hos mannen.

– Eg har intervjua menn med dårlig sædkvalitet, og dei føler at dei kjem til kort, at dei er heilt avskilta. Det kan føra til depresjonar og psykiske problem, men også større fare for testikkelkreft og andre sjukdomar, sa Geelmuyden.

Finst det noko ein kan gjera, om ein vil betra sædkvaliteten sin? Geelmuydens råd er å vera fysisk aktiv og bevisst på kva ein stappar i munnen.

Publisert:

Les også

  1. – Populistane stiller legitime spørsmål. Men svara deira er feil

  2. Kritiserte #metoo, fekk dødstruslar i posten

  3. – Eg har opplevd ein pult som plutseleg stod tom i klasserommet

  4. Kapittel: Fem dager om kroppen vår – og om verden der ute

Mest lest akkurat nå

  1. Fastleger bekymret for ny korona-testordning: – Kan gå utover pasientsikkerheten

  2. Auglendstunnelen åpner lørdag

  3. Bilfører stoppet i Ryfast – for å sove

  4. Myndighetene fraråder unødvendig reise til utlandet. Men hva med unødvendig reise i Norge?

  5. Trapper opp leteaksjonen ved Månafossen

  6. Alle grønne land blir gule - ber alle la være å reise utenlands

  1. Barn
  2. Sex
  3. Erna Solberg
  4. Familie
  5. Kapittelfestivalen