Hjelperyttar treng hjelp

FILM: Morosam idé. Men for lite drama til å føla med, for slapp humor til å le.

Publisert: Publisert:

Etter fallet treng den tidlegare proffsyklisten Kim Karlsen (Silje Salomonsen) hjelp og tilgjeving. Kan ho få det frå Gud?

Grade: 3 out of 6 stars

Hjelperytteren

Sjanger: Drama/Svart komedie. Med: Silje Salomonsen, Espen Klouman Høiner, Kjersti Tveterås, Agnes Kittelsen, Nader Khademi, Rachel Cohen, Henriette Steenstrup, Torfinn Nag, Cato Skimten Storengen. Manus og regi: Jannicke Systad Jacobsen. Nasjonalitet: Norge, 2019. Lengde: 1 t. 23 min. Aldersgrense 9 år.

Då eg kom ut frå visninga av «Hjelperytteren», Jannicke Systad Jacobsens andre langfilm, med Silje Salomonsen i hovudrolla, lurte eg på kva slags film eg hadde sett. Skulle dette vera eit drama? Ein komedie? Absurd surrealisme?

Les også

Silje Salomonsen spiller fallert sykkelstjerne i dopingdrama

«Hjelperytteren» handlar om den tidlegare proffsyklisten Kimberly «Kim» Karlsen (Salomonsen), som etter å ha blitt ei av Norges største idrettsstjerner går inn i toppleiinga i sykkelforbundet. Men etter at ho innrømmer å ha dopa seg, mister ho alt: jobben, sponsorane, ektemannen, vennene. Alt dette høyrest jo ut som eit drama, sant?

Problemet er at du ikkje får sympati med Kim. Ho angrar nemleg ingenting, har tent så mykje pengar på jukset at ho sit der med villa i Holmenkollen. «Angeren» er bare løgn, og Kim held fram med å lyga. Det er noko flatt, utvendig og temperaturlaust over det heile, frå replikkvekslingar til skodespel. Det kjennest ikkje ekte, som om noko faktisk står på spel for nokon. Det er vanskeleg å kjenna sympati med ei som sit og gret i Porschen sin.

Men kanskje det heile var meint som ein svart komedie, som filmen også er klassifisert som. Problemet er at det verken er svart eller komisk nok. Den eventuelle satiren som måtte liggja i å «kjempa seg tilbake» gjennom Gud, mindfulness, ein angrande sjølvbiografi eller «Skal vi danse», manglar brodd og presisjon. Eg lo rett og slett ikkje. Då fungerer ikkje komikken.

Og så dukkar det plutseleg opp snakkande elefantar og ein ufo. Monty Python kunne få ein plutseleg ufo til å fungera på film, men då må det ha vore langt meir absurd i forkant.

Dette er også ein veldig snakkete film. I staden for å visa dramatiske scener av at det koker der ute og alt raknar, er det managaren som fortel Kim dette på eit stille kontor. I staden for å få sjå episoden på skulen med dottera, er det læraren som fortel Kim kva som har skjedd i eit stille klasserom. Me ser ingen som er sinte eller skuffa.

Ideen er eigentleg god, og velsigna motstrøms. Det er moro å laga ein film om ein syndar som ikkje angrar, som ikkje blir eit betre menneske - og som påpeiker hykleriet «alle» er klar over. Dette bryt med klassiske klisjéhistorier om hovudkarakterens vekst, fall og at alt går bra til slutt på den «rette» måten. Men dessverre blir ikkje den gode ideen heilt forløyst i «Hjelperytteren».

Publisert: