Lengten etter eit betre liv

BOK: Bestseljarforfattar Anna Gavalda om korleis livet kan smerta, snubla, endra seg.

Publisert: Publisert:

Anna Gavalda blei kjent i Norge med suksessen «Saman er ein mindre aleine». Nå er ho aktuell med ny novellesamling. Foto: Samlaget

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 of 6 stars

Anna Gavalda: For ope hjarte. Noveller. Omsett av Tove Bakke. 235 sider. Samlaget.

Bestseljarforfattaren Anna Gavalda novelledebuterte i 1999 og blei fødd 1970 i Paris, den klassedelte metropolen der ho framleis bur, og som gjerne er geografisk sentrum i hennes bittersøte, ømme, dialogrike historier som igjen og igjen har vist seg å ha stor appell til både lesarar, kritikarar og filmskaparar.

«For ope hjarta», hennes andre novellesamling, rommar sju tekstar. Dei er mellom rundt 8 til 58 sider lange, blir haldne i eg-form og har handlinga lagt til Paris. To av forteljarane er kvinner, fem er menn. Ingen av historiene er utan sentimentale klangar der dei gjennom stramme scener avdekkjer små eller store konfliktar som trugar med å mørkleggja hovudkarakterane sine liv.

I opningsnovella «Høvisk kjærleik» møter vi den røffe, rappkjefta, single skuletaparen Ludmila som jobbar i dyrebutikk, har ei tatovering, bur i «ein bedriten eittroms» og motvillig blir med ei venninna på ein fest som raskt minner henne på gapet mellom fattig og rik. Ho drøymer om kjærleik, altså noko meir enn det ho må kunna rekna med å få oppleva: «Knulle, pule, beise, sexe, ha seg, gjere det, få seg, ligge, rote, hooke, bænge». Lattermildt fortel ho om den rike, flørtande festløva Arsène som kallar seg poet og driv på med ei langt stiligare, meir danna form for forføring enn det ho er vand med.

Forteljaren i «Den illegale» er ei 34-årig enke med to små barn. Ho har vore gift med ein tjue år eldre, død mann, bur i ei «knøttlita» leilegheit, verkar einsam og har eit alkoholproblem. Drivkrafta i hennar historie er knytt til den vakre Mathilde, ei barnekjær kvinne ho treffer på bar, og blir venninne med. I fire år har Mathilde sett livet sitt på vent fordi ho har skaffa seg ein gift elskar som nektar henne det livet ho håper på. Kan henda gir eg-karakteren no Mathilde mot til endeleg å bryta med mannssjåvinisten ho klyngar seg til.

Men det får vi ikkje vita. Uavklart er også framtida til den bakfulle, 33-årige forteljaren i «Ein gut». Etter å ha deltatt i bryllaupet til eks-kjærasten tar han toget til Paris og blir sitjande saman med to ulike kvinner, den eine «pen» og naturleg å flørta med, den andre «stygg». Lesestoffet deira i kupeen undervegs syner eit heller sprikande danningsnivå, og slutten på soga røper ikkje kven han treffer på perrongen når han omsider forlet toget. - Direkte overrumplande er slutten på den korte novella «Happy Meal».

Elles høyrer vi om ein klok far og ein seksårig skulegut som held på å bli straffa på urettferdig vis, og vi møter ein skild, stressa bedriftseigar som fortel korleis samværet med ein ugift advokat og ei felles interesse for dyre sko, årgangsvin og klassiske hollywoodfilmar resulterte i mindre einsemd og ærlegare kjensler. Mest rørande er historia om ein lastebilsjåfør som saknar ein astmatisk son, har ein døyande hund og lærer at ekteskapet hans likevel vil kunna la seg redda.

Original novellekunst er dette knappast, men Tove Bakkes sprelske, munnleg klingande omsetjing verkar framifrå.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Her går ballen i mål for 7. gang i kveld

  2. Ung kvinne i Sandnes er kommet til rette

  3. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  4. Trafikkulykke i Time

  5. Trafikk­ulykke på E 39 – gravid til sykehus

  6. Tvangsvedtak opphevet – rådmannen sa ingenting

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bøker
  5. Noveller