Frå grav til vogge med Almodóvar

FILM: Mødrer, slekters gang og sanning står i sentrum i Pedro Almodóvars nye film. Som er almodovarsk, ja.

Ana (Milena Smit) og Janis (Penélope Cruz) blir mødrer same dag, og utviklar etter kvart eit nært forhold i «Parallelle mødrer».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

PARALLELLE MØDRE

Kinopremiere: 18.03.2022. Originaltittel: Madres paralelas. Med: Penélope Cruz, Milena Smit, Rossy de Palma, Aitana Sánchez-Gijón, Daniela Santiago. Regi: Pedro Almodóvar. Nasjonalitet: Spania, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 2 minutt.

La meg slå det fast, først som sist: Penélope Cruz er drivande god i Pedro Almodóvars «Parallelle mødrer». Filmen opna den prestisjetunge filmfestivalen i Venezia i fjor, og Cruz har allereie fått ei rekke prisar for innsatsen, inkludert Oscar-nominasjon.

Almodóvars nye film handlar, som så mange av hans tidlegare filmar, om kvinner. Denne gongen nærmare bestemt om morskap og slekters gang. Filmen startar – og sluttar – med ei utgraving av ei skjult fellesgrav frå den spanske borgarkrigen (1936–1939). Her håper Janis (Cruz) å finna restar etter oldefaren sin, ikkje minst for at bestemora, der Janiz vaks opp, skal få fred før ho døyr.

Men så skiftar filmen til å handla om Janis sitt eige morskap. Ho er snart 40, blir overraskande gravid - og særs glad for at dette vesle underet skal skje. På fødeavdelinga møter ho Ana på 18, som også har blitt gravid utan å gå inn for det. Men ho har ikkje lyst på barnet.

Dei føder same dag, og skal sidan koplast saman i ei historie som tek dramatiske, overraskande og emosjonelle vendingar. Begge blir fint framstilt, men det er Cruz som ber filmen.

Historia om dei to parallelle mødrene har samtidig mange dimensjonar. Bare for å nemna nokre tema, er Almodóvar innom omsorgssvikt, genetikk, karriereval, løgner, jakta på sanning.

Pedro Almodóvar er ein av få filmregissør som har fått eit eige adjektiv kalla opp etter seg sjølv: almodovarsk. I yngre år var nok manusa hans meir rappkjefta, han var hakket drygare seksuelt, i sin reaksjon på det undertrykkande og konservative Franco-diktaturen. Men den almodovarske fargepaletten, med sterke fargar, tydeleg komponerte bilete og tett på-filming av dei kvinnelege hovudkarakterane er definitivt med i denne filmen også.

Men kanskje kunne han stramma litt inn. På eitt vis verkar tråden tilbake til borgarkrigen litt forsert - eller han kunne gjort meir ut av akkurat den tematikken. Det er for så vidt fint å følgja historia frå vogge til grav – eller motsett – men den sentrale delen om dei to mødrene er den tydelegaste.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Anmeldelse