Poetisk omsorgssvikt

BOK: Kreativ utforming på ei historie me har høyrt nokre gonger før.

Stina Vogt har blant annet hatt tekster på trykk i Signaler 2014, Replikk og Splittet kjerne.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Stina Vogt: «Men hvordan skal jeg gråte når det blomstrer så voldsomt langs veiene?». Prosa. 128 sider. Cappelen Damm.

Prisen for årets lengste tittel kan nok utan vidare overrekkast debutant Stina Vogt (f. 1984) for debutromanen «Men hvordan skal jeg gråte når det blomstrer så voldsomt langs veiene?»

Til gjengjeld er boka rimeleg kort. 128 sider er kanskje ikkje årets kortaste, men sidene er ofte berre halvveges dekka med tekst. Ein kan bli litt usikker på sjangeren, kanskje er det ein slags punktroman. Sjølv om enkelte av tekstane kvar for seg kan minna om prosadikt, dunkle og smått poetiske i uttrykksforma som dei er.

Ei handling er der åkkesom, og hovudpersonen verkar å vera ei yngre jente som veks opp med mora og bestemora. Jenta tilbringar dagane med å spela eit dataspel som går ut på å dyrka planter og blomar i ein hage, jamfør den blomstrande tittelen. Stundom bryt forteljinga ut i lyriske utrop:

Å koboltgrønne spirer.

Å, salige morgon som rinner

Ansiktet mot skjermen

Jeg bruker fire av ti fingre

Jeg har en tann som verker

Denne tanna som verkar, er kanskje eit slags metaforisk frampeik, for me får etter kvart ein eim av livskrise ute i den verkelege hagen: Mamma tenker på å dø og det er sommer og Mamma er ikke helt seg selv, og mormor og jeg vet det.

Sidan går mamma naken ut i tordenvêret for å såpa seg inn i regnet medan lynet slår ned like i nærleiken. Klarer mamma å ta vare på seg sjølv og den vesle dottera?

Noko av styrken ved romanen (viss ein skal kalla den det) er at forfattaren har klart å finna ei forteljartone som reflekterer den unge hovudpersonen. Ho observerer og trekk konklusjonar som for oss vaksne kan synast både naive og feilslåtte, men som illustrerer godt korleis eit barnesinn kan tenka, ut frå sin posisjon og tilgang på informasjon. Eldre lesarar kan nok minnast at Johan Borgen brukte liknande teknikk i «Av en født forbryters dagbok».

Dei korte avsnitta og spranga i både tid og rom gjer at boka, på sitt beste, skaper rom for undring og med-dikting for lesaren. Andre gongar verkar denne forteljemåten meir kunstig enn kunstnarisk: det gir eit inntrykk av at scenane er lettvint samanraska. Hoppa frå episode til episode tilfører då ikkje så mykje meir enn eit visst fragmentarisk preg.

Vogt får historia i land, men det er ei historie eg har ei kjensle av å høyrt liknande versjonar av før. Som i  Anna Albrigtsens «Solen treffer andre ting enn oss» og Frida Andersens «Ingen brå bevegelser» frå i fjor.

Publisert: