Film som smakar som gin
FILM: Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor i newzealandske «Grandmother».
- Jan ZahlKulturjournalist
Grandmother
Kinopremiere: 17.06.2022. Originaltittel: Juniper. Med: Charlotte Rampling, Marton Csokas, George Ferrier. Sjanger: Drama. Regi: Matthew J. Saville. Nasjonalitet: New Zealand, 2022. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 34 minutt.
Originaltittelen på «Grandmother» er «Juniper». Altså einerbær – det bittersøte bæret som gir gin sin karakteristiske smak.
Eg forstår at filmen også blir marknadsført som «Grandmother», for denne tittelen seier tydelegare noko om kven dette dreier seg om. Ei farmor. Glitrande spelt av Charlotte Rampling. Ei gammal, usympatisk, alkoholisert britisk dame som flyttar inn hos sonen og barnebarnet på New Zealand. Ho har knust foten, kan ikkje gå, har med seg ein sjukepleiar – og erklærer bistert at ho allereie er i helvete. Ho treng ikkje dø for å koma dit.
Mor og son har ikkje hatt stort med kvarandre å gjera sidan han var fem år. Bestemor og barnebarn har aldri møtt kvarandre før. Men plutseleg er dei to tvungne til å vera saman i huset ute på landsbygda. Plutseleg er det han som må hjelpa henne på do og blanda hennar daglege dose av ei heilflaske gin blanda ut med 50 prosent vatn og ein dash sitron.
Og dermed er me ved einerbæret. For i tillegg til å drikka denne heilflaska kvar dag, seier «Juniper» ein del om stemninga, tonen og smaken i filmen. Det bittersøte. Vondt og godt på same tid. I den grad ein kan omtala ein film som ein smak, smaker «Grandmother» gin.
Ingen av hovudkarakterane i «Grandmother» har det i utgangspunktet særleg godt. Barnebarnet Sam (George Ferrier) er sjølvdestruktiv, saknar si døde mor, har gjort klar ei renneløkke ute i skogen. Faren hans hatar mora, har aldri hatt nokon far. Og mora sit altså der og drikk, skjeller ut folk og har store smerter, både fysisk og sjeleleg.
Nå vinn du ingen premie for dramaturgisk innsikt om du resonnerer deg fram til at det skal skje ei utvikling i forholdet mellom barnebarn og bestemor. Sånn sett er Matthew J. Saville ganske forutseibar i sin første langfilm. Me skal sjølvsagt bli meir kjende med den gamle dama og bakgrunnen hennar. Ho skal nyanserast noko. Det sluttar ikkje like konfliktfylt som det starta.
Og her lukkast regissør Saville ganske godt i å få fram nok svart humor og treffa oss emosjonelt, slik at me til slutt sit der og har sympati med den gamle. Men det går lenge litt for treigt. Og mens Rampling og Ferrier er drivande gode i sine roller, er ikkje alle birollene like gode eller utvikla.
Det meste av handlinga er lagt til huset der Sam og bestemora bur. Men når dei beveger seg ut i den newzealandske naturen blir «Grandmother» også ei nyting å sjå på. Bestemora elskar soloppgangar. Mot slutten byr «Grandmother» på ein aldeles nydeleg soloppgangscene. Sjølvsagt med eit glas gin til.
Film- og tv-anmeldelser
- KULTUR
Trøbbel i boot camp
- KULTUR
Denne filmen vann nesten Oscar som Årets beste
- KULTUR
Å, så mye bedre dette burde vært!
- KULTUR
Norske «Dancing Queen» klarer både å underhalda, røra og handla om noko viktig
- KULTUR
Denne filmen kan få seks Oscar. Vår anmelder forstår hvorfor
- KULTUR
Aldrande regissør inngår forhold med ung håpefull. Kan det gå bra?