Over 6000 har kjøpt billett til ekstrakonserten - manageren trur på nok ein utsolgt Mods-konsert

– Billettsalet til ekstrakonserten har gått i same tempo som i 2012, seier manager Arne Svare.

Publisert: Publisert:

Slik såg det ut sist Mods hadde konsert på Viking stadion. Foto: Jarle Aasland

  • Birgitte Flote
    Journalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Morten Abel sitt gamle band Mods held konsert på Viking 17. juni neste år. I løpet av ein dag var dei 25.000 billettane utsolgt.

Denne veka vart det kjent at bandet ville halde ekstrakonsert.

Billettsalet til ekstrakonserten starta klokka ni fredag. Konserten skal haldast 16. juni, altså dagen før den opprinnelege konserten.

Til denne konserten er det lagt ut 23.000 billettar. I 15-tida melde NRK at det var solgt i overkant av 6000.

Her kan du lese meir om Mods:

Trur det vert utsolgt

Til Aftenbladet seier manager Arne Svare at han trur gode minne frå konserten i 2012 er grunnen til at billettane til den opprinnelege konserten vart riven vekk så fort.

Han ventar at også ekstrakonserten vert utsolgt.

– Billettsalet til ekstrakonserten har gått i same tempo som i 2012. Vi trur det vert utsolgt, men det vil nok ta litt tid.

Mods gjorde comeback i 2012 med konsert på fotballstadionen. Den gong fekk dei ikkje ha dobbeltkonsert, mellom anna grunna grasmatta til Viking.

Publisert:

Mods

  1. Ska du ha merr Mods nå, må du synga sjøl

  2. Bjørn Christian fra Sandefjord: - Jeg kan alle Mods-sangene

  3. Se bildene fra Mods-konserten i Spektrum

  4. Er det noe Mods-entusiasme i Oslo?

  5. Mods inntar Oslo Spektrum

  6. Slik ble Mods-comebacket mulig

  1. Mods
  2. Konsert
  3. Morten Abel
  4. NRK