Godmodig Aukrust-portrett
TV: Dokumentarserie i Aukrusts and, med vekt på det hyggelege og humoristiske, ikkje det vonde og vanskelege.
- Jan ZahlKulturjournalist

Aukrust – Gud velsigne vår Herre
NRK 1. Dokumentarserie i 3 episodar. Manus og regi: Rune Sæterstøl. Produsert av Fabelaktiv. Premiere søndag 13. desember.
«Denne serien er gjort med kjærleik til Kjell. Men også med eit ønske om å fortelja heile historia hans. (...) Fortalt av dei som stod han nærmast.»
Slik blir kvar av dei tre episodane i NRKs nye dokumentarserie om Kjell Aukrust (1920–2002) introdusert. Dermed veit me allereie frå starten av at det skal teiknast eit sympatisk bilete av ein folkekjær kunstnar – fleire gonger i serien omtalt som eit geni. Med eit par unntak er dette sannsynlegvis eit portrett Aukrust sjølv kunne gått god for. Han fekk nemleg stoppa ein biografi som var planlagt gitt ut i 2000 fordi boka omtalte farens dom i landsviksoppgjeret etter krigen.
– Kjell var oppteken av å skriva si eiga livsforteljing, og unngå forstyrrande versjonar, sa forfattaren Sigmund Løvåsen til avisa Østlendingen i samband med biografien han gav ut om Aukrust i haust.
Aukrust, som ville fylt 100 år i 2020, vaks opp og blei sterkt prega av bygda Alvdal i Østerdalen, der faren var styrar på Landbruksskulen. Fleire av karakterane Aukrust skreiv om og teikna, hadde sine tydelege modellar i heimbygda.
Men dokumentaren viser også korleis Aukrusts strengt fiktive karakterar – Solan Gundersen, Ludvig og Reodor Felgen – også hadde sterke trekk frå skaparen sin. Som Aukrust sjølv sa, var han Solan fram til han fylte 50 år og så Ludvig etter fylte 50 år. Med Felgens oppfinnsomme natur. Han var på mange måtar som eit barn gjennom heile livet; leiken, men også mykje redd.
Aukrust unngjekk helst det nære og såre, tydde helst til humor, stod fram som ein glad levemann sett frå utsida. Han hadde ein liten krets av menneske rundt seg som kjente han godt - og som er intervjua i serien.
Forfattarskapet hans og teikningane var prega av glede. Lenge vik også dokumentarserien unna det vanskelege. Sjølv når ein kjem til lese- og skrivevanskane, mobbinga, barnløysa og slektas Quisling-sympatiar, får det ikkje veldig mykje plass eller blir bora særleg i. Her er heller ingen kritiske røyster.
Dermed blir resultatet slik biografiobjektet helst likte å stå fram: Godmodig, underfundig, humoristisk og folkeleg. Slik biografiprosjekt gjort med kjærleik og dei nærmaste som kjelder gjerne blir.
Mest lest akkurat nå
- Vant til å omstille meg
Renaa: – Fantastisk! Det er så kjekt å få så mange flinke kokker hit til byen
Lyse-dotterselsap avviklar teneste: – Har ingen alternativ
SAS-streiken: Disse 16 Sola-flyene er innstilt tirsdag
Dødsulykke i Bodø: Politiet frigir navnet på omkommet Sandnes-kvinne
Nytt fjordcruise til Rogalands første vingård