Litt for ordrikt rapstykke

TEATER: For mykje snakk, men veldig bra musikk, når «Blokk til blokk» fortel historia om norsk rap og Groruddalen.

«Blokk til blokk» besøkte Sandnes kulturhus fredag kveld, med Don Martin i spissen. Foto: DAG JENSSEN

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Blokk til blokk

Riksteatret, Sandnes kulturhus. Regissør/idé/produsent: Cici Henriksen. Med: Jonathan Orellana Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro. Musikk: Don Martin, Castro, Fela, Tommy Tee. Dramaturg/medregissør: Hedda Sandvig. Manus: Jonathan Orellana Castro, Don Martin, Felipe Orellana Castro, Hedda Sandvig og Cici Henriksen. Lengde: 2 timar, 10 minutt.

Det er uvant – og knallbra – å gå på teater og oppleva at eg er blant dei eldste i rommet. Men når rapparane Don Martin, Fela og Castro kjem til Sandnes kulturhus med «Blokk til blokk», er det altså så fullt hus som koronarestriksjonane tillèt. Og: fullt av masse unge folk ein sjeldan ser i teatersalongen. Det er både kult og til ettertanke.

«Frå blokk til blokk» blei ein kjempesuksess på Det Norske Teatret i Oslo, både blant publikum og kritikarar. På eitt vis skjønnar eg det, for dette er eigentleg eit veldig lokalt Oslo-stykke. Spørsmålet er om det treff like godt i Sandnes. Er det tenkbart at eit tilsvarande stykke om Trones eller Lura ville blitt sendt til Oslo på turné med Riksteatret?

«Blokk til blokk» fortel historia til dei tre rapparane på scenen. Rettare sagt: Dei tre fortel si eiga historie, frå blokkene der dei vaks opp i Groruddalen, aust i Oslo. Dette er på mange måtar historia om nye Norge, ei historie som heldigvis i aukande grad blir fortalt.

I «Blokk til blokk» blir ho fortalt på ny norsk, av folk som har vakse opp på ein stad der utgangspunktet for mange har vore ganske dårleg. Men til slutt har det gått bra for desse tre. Redninga blei rapmusikken.

Don Martin, Castro og Fela er ikkje skodespelarar. Dei fortel verkelege historier frå sitt eige liv, om oppturar og nedturar, tankar og val. For meg blei for mange av historiene for lange, fleire av dei forsvarer ikkje plassen i stykket, blir for uvesentlege, til dels interne og private. Tidvis blir dei også framført med ein diksjon og eit volum som gjer det vanskelege å få med seg innhaldet. «Blokk til blokk» hadde hatt godt av å kutta ein halvtime av snakkinga og heller klokka inn på ein time og 40 minutt. Det er lenge nok.

Det heile startar med eit slags foredrag om korleis hiphop-kulturen oppstod, i ei blokk i Bronx i New York tidleg på 1970-talet. Don Martin dreg historia fint over til Norge, til blokkene i Groruddalen, og viser korleis hiphop-kulturen vaks og spreidde seg også her til lands. Dette er både interessant og lærerikt.

Dei to Castro-brørne fortel ei meir privat historie – kanskje for privat. Dei landar på ein slags moral om å «finna sin veg» – livsvisdom som kan opplevast ganske banal. Det blir også litt som ein sketsj med Bård Tufte Johansen når det blir for mykje snakk om nedlagde fritidsklubbar og «satsing på ungdommen». Og så blir det altså veldig lokalt med alt snakket om t-banelinje 5, Romsås, Ammerud, Tåsen, Haugenstua, Carl Berner, Brugata osv. osv. Og bitte litt komisk for oss som har falle for Herman Flesvigs Ola Halvorsen når det står folk på scenen som snakkar akkurat sånn. På ramme alvor.

Men når musikken startar, er det ingen tvil. Då ser og høyrer du at byen har fått besøk av nokre av landets fremste rapparar. Då svingar det i kulturhuset. Også på Sandnes.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Groruddalen
  3. Teater
  4. Teateranmeldelse
  5. Sandnes

Mest lest akkurat nå

  1. Risa har dratt inn milliardbeløp på vindkraft - nå vil de helst ikke snakke om det

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. De trodde munnbind beskyttet. Så gikk de syke på jobb i sykehjemmet.

  4. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  5. Denne lunsjretten får du bare tak i på Jæren: - Vi får ukentlig henvendelser fra utflyttede jærbuer

  6. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent