Opera Rogaland satsar på digitalt kinderegg

Gjennom skjermen skal publikum få innsikt i korleis livet til ein operasongar eigentleg er.

Publisert: Publisert:

Slik er me vande me å sjå Opera Rogaland, men no skal dei gå den digitale vegen. Foto: Tommy Ellingsen

  • Marie Håland
    Journalist

– No har me sett fleire konsertar gå digitalt, og det er flott, men me vil gjere litt ekstra i tillegg. Det blir ein blanding av ein konsert, videoblogg og intervju, seier Terje Rønnevik, styreleiar i Opera Rogaland.

Hensikta med det nye prosjektet er, ifølgje Rønnevik, å gje folk glede gjennom konsert, men også belyse kva ein opera er og kva ein operasonger gjer. Ideen fekk dei lyst til å gjennomføre av to grunner.

– For det første så føler me oss forplikta til å gje publikum eit tilbod når vi ikkje kan gjere det på scenen. Og så har me gjennom ei tid prøvd å vise at opera er langt meir enn det mange trur. Tidlegare har me til dømes hatt minikonsertar på rådhuset og eldresenter.

Byr på seg sjølv

Siri Kval Ødegård, Kari Dahl Nilsen og Ole Morten Velde er dei tre operasongarane som skal vere med på det digitale bidraget. Ødegård seier at dei satsar på ein blanding av noko uhøgtideleg og ein proff vare.

– Me er ganske ferske i «gamet» når det gjeld videoblogging, men det trur eg kan bli gøy. Det blir ein kombinasjon av litt nybegynnar-blogging og proffe konsertinnslag.

Les også

Kunstnere kritiske til kommunens korona-hjelp

Ho gleder seg til det nye prosjektet, og synest det blir kjekt å vise kva jobben hennar går ut på. Etter at dei las kulturministeren sine betraktningar om kva ein kunstnar er, kom ideen om at det kunne vere fint å vise folk det riktige bildet.

– Me er dedikerte kunstnarar som elskar det me driv med. Me er ivrige på å utvikle oss sjølv for å formidle noko til nokon andre. Dette er ein uendeleg brønn av kunnskap, og det er kjekt at det heile tida er noko nytt å lære seg. Eg sluttar aldri å studere.

Les også

Jobber med å flytte konsertene med Kiss og Judas Priest

Det har vore tøffe tider for kulturbransjen, og Ødegård har sjølv mista store deler av årsinntekta.

– Det har vore vanskeleg, men samstundes gått greitt. Operasongarar er gode på omstilling, og me er vande med å ikkje ha planar i lang tid framover.

Stor uvisse

Om Opera Rogaland kjem til å halde framsyningar med eit avgrensa publikum, står att å sjå.

– Me vurderer det fortløpande. Før 17. mai skal me ha eit ekstraordinært møte for å sjå på den nye retningslinene. Me må snu oss rundt for å tilpasse forholda som dei blir. Eigentleg hadde me planar om ei stor framsyning i haust, men korona gjer at det er stor uvisse, seier Rønnevik.

Opera Rogaland sitt nye, digitale tilbod vil vere gratis for publikum. Rønnevik estimerer at det vil vere klart neste veke ein gong.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Frp-forslag falt til jorden – ingen framdrift for Rogfast

  2. Lover at Norges råeste motorsportsanlegg skal står klart i juni 2021

  3. Orrestranda er igjen kåret til en av verdens beste strender

  4. – Lett å jukse i norske bomstasjoner

  5. Sju personer skutt og drept i Alabama

  6. Ekspert mener Stavanger-system for politikerlønn er lovstridig

  1. Opera
  2. Rogaland
  3. Kultur
  4. Konsert
  5. Koronakonserter