Skremmande aktuelt om kunstig intelligens

FILM: Skremmande dokumentar med tydeleg slagside om kunstig intelligens. Men kor mykje er science, og kor mykje er fiction?

Publisert: Publisert:

Korleis kan ein (diktatorisk) stat (mis) bruka ansiktsgjenkjenningsteknologi og kunstig intelligens? Til å undertrykka eller hjelpa befolkninga?

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

iHuman

Med: Ilya Sutskever, Ben Goertzel, Max Tegmark, Jürgen Schmidhuber, Hao Li. Sjanger: Dokumentar. Regi: Tonje Hessen Schei. Nasjonalitet: Norge, 2019. Aldersgrense 12 år. Lengde: 1 time, 39 minutt.

Tonje Hessen Scheis nye dokumentarfilm «iHuman» startar med eit sitat av Stephen Hawking: «Å lukkast med å laga kunstig intelligens ville vera den største hendinga i menneskets historie. Dessverre kan det også blitt den siste.»

Sitatet slår an tonen og set perspektivet for ein ambisiøs film som skal ta oss over tre kontinent og sjå både på vår nære historie, samtid og nære framtid. For sjølv om me knapt tenkjer over det, er me omgjevne av kunstig intelligens absolutt heile tida. Kjenner smarttelefonen din att ansiktet eller stemma din? Dette er kunstig intelligens. Lurer du på kvifor akkurat visse oppdateringar dukkar opp på Facebook? Eller korleis det kan ha seg at annonsane som poppar opp når du er online ser ut til å vita nøyaktig kva du tenkjer at du skal kjøpa? Alt dette baserer seg på kunstig intelligens.

Samtidig er me berre i starten på det som kan bli ein revolusjon, som vil kunna ha enorme konsekvensar for livet vårt og for verda. Hessen Schei – som vann både Amanda og Gullrute for sin førre dokumentar «Drone» (2014) – har ei tydeleg slagside mot dei problematiske sidene ved teknologiutviklinga. Ho intervjuar ei rekkje bekymra ekspertar på alt frå datateknologi til menneskerettar – og éin entusiast, den kunstige intelligensens «far», sveitsiske Jürgen Schmidhuber. Han drøymer om å utvikla noko som er større enn seg sjølv, enn mennesket sjølv, og går inn i rolla som vitskapsmannen som prøver å leika Gud. Litt som Anthony Hopkins´rolle i «Westworld».

– Mennesket har kontrollert eld i 700.000 år. Den har sine gode og dårlege sider, seier Schmidhuber, som altså meiner dei positive sidene ved kunstig intelligens overgår dei dårlege. For den kunstige intelligensen kan altså også hjelpa menneske på ei rekke område.

Men fokus i «iHuman» ligg definitivt på dei potensielle farane ved teknologien: Kva skjer om/når diktatoriske statar får hand om ubemanna våpen som styrer seg sjølv? I Kina bruker ein allereie ansiktgjenkjenningsteknologi til å overvaka og kontrollera befolkninga, og langt verre kan det bli. Kva skjer om/når forskarane klarer å utvikla ein type kunstig intelligens som lærer sjølv, som eksisterer og utviklar seg autonomt, altså uavhengig av menneska? Eller kva skjer når dei førarlause (laste) bilane tek over? Trafikken blir sannsynlegvis sikrare, transport blir billegare – men det blir 10 millionar arbeidslause sjåførar, bare i USA. Kva skal alle som mistar jobben gjera når maskinane tek over?

Og me veit jo allereie kva algoritmane og kunnskapen til Cambridge Analytica hadde å seia for Brexit-avstemminga i Storbritannia og presidentvalet i USA. Me skulle gjerne høyrt kva Google og Facebook, to av dei viktigaste aktørane i dette feltet, sa. Både for tilsvaret og balansens skuld. Men dei takka nei til filmskaparen.

Det er, med andre ord, ikkje veldig lystige perspektiv «iHuman» bringar, men samtidig er filmens hovudpoeng at dette må diskuterast. Nå. Før det er for seint.

Å bestemma seg for å laga film – som fortel historier gjennom bilete – om datateknologi og framtidsscenario – som det ikkje finst levande bilete av – er i seg sjølv ei utfordring. Den løyser Hessen Scheis godt. Strengt tatt kunne dette vore ein podkast, sidan substansen består av snakkande hovud. Men hovuda er heldigvis godt kamuflert og variert med ei blanding av estetisk vakre bilete, dokumentariske klipp og dataanimasjonar som både er vakre og skremmande – og som gjer at dette fungerer godt som film.

For at me ikkje skal enda heilt i fatalismen eller dystopien: Hessen Schei har ikkje med siste del av Hawkins´sitat – som er eit minst like vesentleg poeng som starten. Heile sitatet er sånn: «Å lukkast med å laga kunstig intelligens ville vera den største hendinga i menneskets historie. Dessverre kan det også bli den siste, med mindre me lærer korleis me unngår risikoen.»

Publisert:

Les også

  1. Maskinane erstattar oss ikkje ennå

  1. Film
  2. Dokumentarfilm
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse