Stille dansk gardsdrama

FILM: Det blir ikkje sagt så mykje i danske «Onkel», men dramaet om den unge kvinna og onkelen på garden er både vakkert, rørande og sterkt.

Publisert: Publisert:

Kris og onkelen lever med sine svært faste rutinar på garden på Sønderjylland. Foto: Per Arnesen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

Onkel

Regi: Frelle Petersen. Med: Jette Søndergaard, Peter H. Tygesen, Ole Caspersen, Tue Frisk Petersen. Sjanger: Drama. Nasjonalitet: Danmark, 2019. Aldersgrense: Ingen. Lengde: 1 time, 46 minutt.

Det går rundt 12 minutt før nokon seier noko i «Onkel» – og det er ikkje eit opningsord du hadde venta i ein film som på stillferdig vis tek opp temaet plikt vs. lyst.

Fram til dette første ordet er det berre bilete. Vakre, velkomponerte bilete som pregar heile filmen og gjer han til ei nyting å sjå på. Her er bilete av dansk jordbrukslandskap, nærmare bestemt Sønderjylland. Av den gamle garden og dyra. Av dei to som bur der: Ei ung kvinne som står opp, gjer sine morgonrutinar. Før ho går inn og vekkar ein gammal mann, hjelper han å kle på seg, få han opp av senga.

Mannen er jentas onkel.

Bileta er nøye komponert i «Onkel». Onkelen er delvis ufør, men jobbar stadig på garden. Foto: Per Arnesen

Så går dei i gang med dagens rutinar. Og dette er verkeleg daglege rutinar: Dei et det same til frukost kvar dag. Dei gjer det same i fjøset, mjølkar, fôrar, fjernar møkk. Dei et lunsj mens fjernsynet står på og fortel kva som skjer i verda. Meir jobb, så middag, før dei enten spelar scrabble eller ser litt tv før dei går til sengs.

Dei seier nesten ingenting.

Dette kan jo høyrast drepande kjedeleg og trist ut å sjå på. Men det er det altså ikkje. For det blir tydeleg at den unge kvinna Kris (Jette Søndergaard) kjempar med eit indre drama, som blir sterkare etter at ho hjelper ein sjuk kalv: Skal ho reisa til København og ta fatt på veterinærutdanninga ho eigentleg kom inn på etter vidaregåande? Eller skal ho bli på garden for å ta seg av onkelen? Skal ho prioritera plikta eller eigne draumar? Skal ho bli eller skal ho dra? Kva slags liv skal ho leva?

Veterinæren inviterer Kris med som assistent og prøver å få henne til København. Foto: Per Arnesen

Dette dramaet spelar seg altså ut nesten utan ord, utan dramatiske scener. Det skjer stillferdig, overtydande og truverdig. Regissør Frelle Petersen, som også står for den kresne fotograferinga, budde sjølv på garden i fleire månader og hjelpte til med gardsarbeidet mens han skreiv manus. Han kjenner rutinane, kjenner arbeidet, korleis ein kommuniserer nesten ordlaust i dette jordbrukssamfunnet.

Minst like viktig: Han har klart å finna fram til lokale skodespelarar, alle rekruttert innanfor ein 15 kilometers radius, for å sikra at alle snakkar den same – ganske rare – sønderjyske dialekten. Dermed verkar dei svært ekte og truverdige i rollene sine. Ho som spelar Kris, er til dømes også veterinær i den verkelege verda – og mannen som spelar onkelen hennar, er også onkelen hennar i den verkelege verda.

Mike prøver å nærma seg Kris. Korleis går det? Foto: Per Arnesen

Men dette er jo ingen dokumentar, og noko av det verkeleg fine er at desse amatørane frå Sønderjylland også klarer å framstilla truverdige karakterar som bak den tause fasaden kjempar med store spørsmål. Dei gjer det gjennom blikk, handlingar og knappe replikkar. Dei gjer det med varme, tidvis er det vondt å sjå på, tidvis er det komisk.

«Onkel» fekk danskane til å gå mann av huse for å sjå filmen på kino og har vunne ei rekke prisar, blant anna for beste film på prestisjetunge Tokyo filmfestival og Publikumsprisen på Kosmorama i Trondheim.

Det skjønnar eg godt.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Nå øker smitten i Italias suksessregion. En superspreder får skylden.

  2. Så mye større er risikoen for å bli korona-smittet dersom du reiser utenlands i sommer

  3. Politiet fikk penger til 400 nye stillinger. Samtidig har politidistriktene kuttet bemanningen

  4. Dette er Norges mest populære hundenavn

  5. – Vi påførte gutten traumatiske opplevelser. Så ser vi at hendelsesforløpet ikke blir bedre, men verre.

  6. De frykter stans i historisk laksefiske på havet

  1. Filmanmeldelse
  2. Film
  3. Anmeldelse
  4. filmer