Åtvarar mot andeleg makt

I 1517 forfatta Martin Luther 95 kritiske teser mot si tids kyrkje. 500 år seinare kom Helge Simonnes til Kapittel med 12 teser om korleis dagens kyrkje kan vinna folket tilbake.

Vårt Lands tidlegare sjefredaktør Helge Simonnes har skrive bok om korleis kyrkja har skremt bort folket. Onsdag gjesta han Kapittel for å snakka om Luther - og dagens kyrkje. Foto: Aasland, Jarle

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Dette handlar om kor galt det kan gå når truande menneske og organisasjonar blir overtydde om at dei har rett; om at akkurat dei har Gud på si side, sa Simonnes då han møtte eit stort publikum på Pensjonistuniversitetet på Kapittel onsdag formiddag.

500-årsjubileet for Luthers reformasjon er eitt av årets Kapittels to tematiske bein, det andre er 100-årsjubileet for Den russiske revolusjonen. Begge hendingane skulle få fundamentale og langvarige globale konsekvensar, og eit hovudtema på årets Kapittel er å diskutera mangelen og muligheitene for ein tilsvarande reformasjon av islam.

Men det startar altså med Martin Luther (1483–1546): Med ein ung, tysk mann som 22 år gammal kom ut for eit forrykande uvêr, og i redsle bad til høgare makter om at dersom han overlevde dette, skulle han bli munk. Han overlevde - og blei augustinarmunk.

Andeleg fengsel

– Det blei eit liv i andeleg fengsel, eit liv i faste og fullstendig askese, heilt menneskefjernt. Det blei ein stadig kamp for å gjera seg fortent til Guds nåde - og eit stadig andeleg underskot, sa Simonnes.

Munkelivet fekk Luther til å spørja seg om dette verkeleg var læra dei skulle forkynna til folk, om poenget heile tida skulle vera å prøva å tilfredsstilla Gud. Hadde ikkje Gud allereie tilgitt menneska?

Dermed forfatta han sine teser, som for ein stor del handla om avlatshandelen i den katolske kyrkja, altså ideen om at ein kunne kjøpa seg fri for ein del av skjærseldens pinsler. Dermed utfordra han ein viktig del av forretningsgrunnlaget til kyrkja.

Tenke sjæl

Men det viktigaste var at Luther ville at folk skulle kunna tenkja og vurdera Bibelen og religionen sjølv, noko som var heilt umulig når tekstar og preiker var på ubegripeleg latin. Då han blei lyst fredlaus i 1521, brukte han tida han levde i skjul på å omsetja Bibelen til tysk.

– Han lét hår og skjegg gro, og gjekk fordekt ned i byen for å høyra korleis unge folk snakka. Så omsette han Bibelen til det språket han høyrde. Han ville at Bibelen skulle vera forståeleg for alle - og hadde dermed heilt motsett tilnærming enn kyrkja, sa Simonnes.

Luther gjorde altså opprør mot den store andelege makta den katolske kyrkja hadde og måten dei forvalta makta på. Problematisk forvalting av andeleg makt er ikkje ei problemstilling som avgjekk med døden med Luther.

– Det skjer også i dag, me ser det om me vil. Det handlar særleg om å tru at ein har Gud på si side, enten personleg, i kyrkjelyden sin, i rasen sin, i politikken eller på nasjonnivå, sa Simonnes, og viste blant anna til den amerikanske valkampen. For sjølv om Donald Trump knapt er Guds beste barn, klarte han gjennom nokre enkle verkemiddel å få kristenfolket i USA til å flokka seg om han. Trump er langt frå den einaste som blandar religion med politikk.

– Trump lova å flytta den amerikanske ambassaden til Jerusalem og å få på plass ein konservativ høgsterettsdommar, sa Simonnes, som i si tid som sjefredaktør i Vårt Land fekk innsikt i veldig harde, skråsikre og uforsonlige haldningar også i det kristne Norge.

Andeleg heksegryte

– Norge er ei andeleg heksegryte, sa Simonnes, som skreiv boka si for å finna ut av kva som skapar avstanden mellom kyrkje og folk i dagens Norge, og kva dei truandes bidrag til å støyta folk frå seg er.

– Det skråsikre landskapet er farleg; der somme meiner å ha Gud eksklusivt på si side, og kan fortelja andre kva som er rett og galt. Er Gud verkeleg på lag med Israel - mot palestinarane? Me må ta til motmæle mot ein slik tankegang, sa Simonnes, som meiner truande må vera forsiktige når dei formidlar trua si:

– Tenk deg at du har ein liten fugl i handa. Klemmer du for hardt, skadar du han. Held du for laust, flyr han vekk.

Publisert:
  1. Donald Trump
  2. Jerusalem
  3. Religion
  4. Martin Luther
  5. Islam

Mest lest akkurat nå

  1. Her finner du 17. mai-programmene fra kommunene på Nord-Jæren og Jæren

  2. Alvorlig trafikkuhell mellom lastebil og personbil i Hå

  3. Kjempefiasko mot Tromsø

  4. Derfor føles Jåttåvågen så grå og ukoselig

  5. Vi fulgte Mainz - Dortmund

  6. Mulig bygningsbrann i trafostasjon på Hundvåg