Velkomponert dansk festmåltid

FILM: Smart og sensuelt om mat, ambisjonar og komplisert kjærleik.

Nikolaj Coster-Waldau spelar stjernekokken som drøymer om Michelin-stjerner.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Smaken av sult

Kinopremiere: 24.09.2021. Originaltittel: Smagen af Sult. Med: Katrine Greis-Rosenthal, Nikolaj Coster-Waldau, Flora Augusta, Charlie Gustafsson, August Vinkel. Sjanger: Drama / Romantikk. Regi: Christoffer Boe. Nasjonalitet: Sverige / Danmark, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 44 minutt.

Desse danskane, altså. Dei er ganske gode på å laga film.

Her kjem ein smart, sanseleg og ganske sensuell film som kombinerer mat, romantikk og store ambisjonar. Carsten (Coster-Waldau) og Maggi (Greis-Rosenthal) driv restaurant saman – og drøymer om å få ei stjerne i Michelin-guiden. Det krev masse arbeid, fullt fokus, perfeksjon.

Men så kjem det ein dag eit anonymt brev til restauranten der det står at Maggi elskar ein annan. Samtidig som dei mistenker at her har vore ein herremann frå Michelin-guiden på besøk – som ikkje har fått perfekt mat. Det blir drama av sånt.

Regissør Christoffer Boe har eg hatt sans for heilt sidan eg såg «Reconstruction» (2003) blant andre med Maria Bonnevie. Han byggjer opp truverdige og interessante karakterar, og held seg altså med skodespelarar frå øvste hylle – som i tillegg ser veldig godt ut, ja.

Han sannsynleggjer både drivkraft og motiv, som i sin tur kan føra til at folk ikkje alltid gjer dei smartaste vala. Altså lagar han karakterar som ser ut som ekte folk. Og så manipulerer han dei – og oss – inn i kompliserte situasjonar og dilemma du kjenner i kroppen og som ikkje har noko enkel løysing. Og tilfører så vendingar og endingar du ikkje såg koma, slik at det faktisk fungerer heilt til siste slutt.

Maten spelar altså ei viktig rolle både som tema og visuelt. I tillegg hoppar Boe bakover i tid for å visa korleis Maggie og Carsten har hamna her. Desse kapitla har fått namn etter nokre av dei viktigaste grunnpilarane for god mat: søtt, salt, surt, bittert – samt feitt og varme.

Summert opp: Boes smaksmeny har det meste du kan forlanga av eit skikkeleg restaurantmåltid. Her er både smakar og tekstur og herleg smak av svolt.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Burde vært bedre

  2. Dersom Aksel Lund Svindal hadde stilt til valg, kunne han tatt over landet på et kvarter

  3. Det er lett å forstå hvorfor hun vant prisen for beste skuespiller i Cannes

  4. Kan man forelske seg i en robot? Denne filmen prøver å svare på det

  5. Denne filmen blei nominert til Oscar for beste utanlandske film. Det er forståeleg

  6. Ah, så godt å endeleg få sjå ein skikkeleg storfilm!

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Anmeldelse