Litt for mykje av det gode

FILM: «Last Night in Soho» er fleire filmar på éin gong - og dermed vanskeleg å få heilt tak på.

Anya Taylor-Joy frå «The Queens Gambit» spelar ei av hovudrollene i «Last Night in Soho».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

LAST NIGHT IN SOHO

Kinopremiere: 05.11.2021. Med: Anya Taylor-Joy, Thomasin Harcourt McKenzie, Matt Smith, Michael Ajao, Synnøve Karlsen, Diana Rigg, Terence Stamp, Rita Tushingham. Sjanger: Drama / Thriller. Regi: Edgar Wright. Nasjonalitet: USA / England. Aldersgrense: 15 år. Lengde: 1 time, 57 minutt.

Det heile startar så naivt og nostalgisk: Den landsens ungjenta Ellie lever i ein slags fantasi av 1960-talet, elskar musikken, filmane og kleda frå epoken. Ho flyttar til London for å bli klesdesignar, men skil seg naturleg nok ut frå dei urbane, moderne og hippe. Ho har vanskeleg for å finna seg til rette.

Men denne filmen handlar ikkje om det.

Ellie er også ei som «ser» ting. Gjenferd og slikt. Slik hamnar ho, først gjennom draumane, sidan også i vaken tilstand, tilbake i «The Swinging 60s» i Soho. Så nå ser dette ut til å vera ein fargerik nostalgitripp for dei som hugsar Petulah Clark.

Men så endrar filmen seg igjen. Til å bli alt anna enn ein nostalgisk og koseleg draum, men i staden utvikla seg til eit mareritt og ein kritikk av Soho på 60-talet.

På dette stadiet lurte eg samtidig på om dette eigentleg var ein film om psykisk sjukdom og mentalt samanbrot. Men då filmen igjen vandra vidare i ein slags horrorretning, innsåg eg at sånn var det heller ikkje.

Britiske Edgar Wrights nye film er, med andre ord, svært fantasifull, fargerik og sjangerleikande - og har fått mange godord frå kritikarar for nettopp det.

For meg blir det litt for mykje av det gode. Litt for mange brot med logikk, litt for mange forvirrande retningar på éin gong, litt for vanskeleg å få tak på. Her er ein heil del flotte og fargerike scener, men også tomgang og repetisjonar.

I eit slikt overflødigheitshorn, der det er vanskeleg å få tak på kva som er ekte og kva som er overnaturleg eller fri fantasi, blir det også komplisert å utvikla særleg medkjensle med karakterane. Det er noko outrert og overdrive over skodespelet på Taylor-Joy og McKenzie - noko naivt over den velmeinande vennen John (Michael Ajao). Her viser dei gamle seg å vera eldst/best, representert ved Terence Stamp som mystisk mann og Diana Rigg i si aller siste filmrolle, som snill, gammal husvert.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  2. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  3. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  4. Disney leverer magi til jul

  5. Den første filmen i Venom-serien var ikkje det store. Den andre er dårlegare

  6. Vil du sjå ei plaga mann, sjå denne

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Film