Korleis møta livet etter å ha møtt veggen?
BOK: Ka då, ittepå? Livskrisa er interessant bakteppe, men sjølve forteljinga går litt på tomgang etter kvart.
- Leif Tore Sædberg
Frida Andersen: «I tilfelle brann». Roman. 157 sider. Cappelen Damm.
Ho er framleis i 20-åra, men Frida Andersen (f. 1994) har allereie gitt ut to romanar, og er dermed i ferd med å etablera seg som forfattar. For to år sidan kom debuten «Ingen brå bevegelser», som fekk relativt rosande omtale i denne spalta. «Kreativ oppbygging og mykje språkleg spenst, men litt for uklart kor me er og skal hen,» meinte kritikaren den gong. Nå er oppfølgjaren «I tilfelle brann» på marknaden, og som i debuten krinsar forteljaren rundt såre kjensler og problematiske relasjonar, både til seg sjølv og andre.
Då handlinga startar, er den namnlause hovudpersonen i ferd med å koma seg til hektene og skaffa seg ny jobb. Bakteppet er i dobbelt forstand dramatisk: skodespelarkarrieren hennar fekk ein brå stopp etter det som verkar å ha vore eit samanbrot på scenen. Med hjelp av psykolog og Nav har ho fått ny jobb i reklamebransjen, og med angst for lønningspils og team-building kan eit nytt liv så smått byrja.
Sentralt i handlinga står bi-figuren Selma, kanskje den som står hovudpersonen nærast, på godt og vondt. Retting: mest vondt. Med replikkar som du hadde passet til reklame. Er det ikke det man gjør når man gir opp det kreative? Eller det kreative gir opp deg, kanskje, er ho med på å indirekte byggja opp sympati for hovudpersonen.
Andersen er dyktig på å få fram det ein kan kalla «den giftige røysta» gjennom denne par-relasjonen. Selma-grepet skapar driv og dynamikk i forteljinga, eit verkemiddel som like fullt har sine svake sider. Forfattaren er litt for glad i å ty til henne som strukturerande byggjestein i romanen. Grepet er dessutan enkelt å gjennomskoda. Det blir tidleg klart for lesaren kven Selma er.
Forteljinga er lett å følgja og mykje meir tilgjengeleg enn debuten til Andersen. Kanskje i så stor grad at ho gir oss for lite motstand. Me er inne i eit tematisk veldig velkjent terreng, og ein føler ein har «høyrt dette før,» som det heiter.
Etter kvart går handlinga på låggir, og det er tilbakeblikka til tida rundt samanbrotet som står fram som dei sterkaste og mest autentiske skildringane. Debuten «Ingen brå bevegelser» var til samanlikning meir original formmessig. Andreboka «I tilfelle brann» er ei velkomponert, men streit, skildring av ei sjel som er på sida av fleirtalet.
Bokanmeldelser
Eit arty-farty kunstnarportrett
Korleis snakkar me om den norske oljerikdommen?
Førsteklasses roman fra DDRs siste dager
Her er mange mulige mistenkte, den ene mer glamorøs enn den andre
Forfatteren vil for mye, men byr på røff underholdning og mangt å bryne seg på
Spennende krimdebut med godt driv og mange overraskelser
Mest lest akkurat nå
Sprengningsuhell ved Auglendstunnelen – sørgående felt vil være stengt hele natta
I pausen på basketballkampen kom ideen. Nå kan mobiltelefonen bli hjertestarter
Fra i dag blir det ny nettleie. Slik kan du påvirke strømregningen
Egil Ingve Larsen er død
19 kunstnere mister arbeidsplassene sine i Stavanger sentrum
– Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok
Aftenbladet anbefaler
Regjeringen legger kriseplaner for rasjonering av strøm til vinteren
53-åring fra Rogaland tiltalt for nettovergrep mot 17 mindreårige jenter
– Nesten alle foreldre velger instinktivt det farligste stedet
Siktede i Birgitte-saken nekter å snakke om Tina-saken før han får tilgang til etterforskningsdokumentene