Uvanleg mykje for pengane

BOK: Sjeldan har ein sekstenåring opplevd så mykje på fem dagar som Terje Torkildsen her kramar saman på ei stutt ferieveke.

Publisert: Publisert:

«Isla Bonita» - Terje Torkildsens niande bok - overgår alle dei førre, meiner Aftenbladets meldar. Foto: Pål Christensen

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Grade: 5 out of 6

Terje Torkildsen: Isla Bonita. Ungdomsroman. 192 sider. Samlaget.

Sidan det heiter seg at røynda overgår det nokon forfattar kan dikta opp, får personar og hendingar i Terje Torkildsens siste ungdomsroman gå for å stå til truande, sjølv om det kan synast i meste laget det den sekstenårige haugesundsguten Carlo Carlsen opplever og får med seg på eit fem dagars ferieopphald på ei av dei minste Kanariøyane. Den farlause guten er saman med mora på tittelens Isla Bonita, dit ho for sin del har tatt han med på si eiga sentimentale reise til staden der sonen i si tid blei unnfanga.

Han får hakeslepp i same augneblinken han set fot på land i Isla Bonita, der ei jamgamal tenåringsjente kvervlar og dansar berrføtt på kaien akkompagnert av bongotrommespelande hippiar. Ho er det skjønnaste han har sett, og det er attrå og forelsking frå same sekund. Før han drar heim fem dagar seinare, har han blitt kjærasten hennar, hatt svimlande kjønnslopplevingar med henne, blitt skremd av henne, vore redd for henne – både på den måten at det livet ho lever og det språket ho talar, skremmer den elles så forsiktige, oppmerksame og lydige Carlo, og ved at han med god grunn er redd for kva som skal skje med henne.

For han finn snart ut at Julieta, som ho kallar seg, eigenleg heiter noko så heimsleg som Julie Veronica Olsen, og at ho er på flukt frå barnevern og adopsjonsstyresmakter, samstundes som i alle fall nokre av dei hippiane ho held seg med, er langt meir enn fredelege drop-outs frå borgarlegskapen. Her driv ein narkotikasmugling; her rek flyktningar i land frå fastlands-Afrika; her spanar ein naken politimann på nudiststranda bare iført kikkert; her blir det snorkla, skote og slåst; her er drap - det står om livet for fleire enn Carlo.

Imens held Carlo si kunstnarmor på med sitt kreative arbeid og ovdrikk av raudvin – og Carlo får sjølv, bare motviljug til å begynna med, smaken på øl, ei anna lovande førstegangsoppleving for han. Det er tut og køyr i oppfinnsamt tempo heile vegen, frå ein forfattar som hadde stor suksess alt frå debutboka av, «Marki Marko» i 2008, og er fagna med fleire prisar: «Isla Bonita» - denne niande boka hans - overgår likevel alle dei førre.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kjørte i 140 km/t i 60-sonen

  2. Signalbygget på Forus skal rives. Her er de nye planene

  3. Regler for utbetalinger til politikere og partier er kjent ulovlig. Det kan få landsdekkende konsekvenser

  4. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  5. Ett nytt smittetilfelle i Stavanger

  6. Elbiler må betale mer

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Roman
  5. Bøker