Hender som slår – og brått opnar seg lik ein blome

BOK: Truverdig om utanforskap, kvardagsrasisme og vald blant ungdom.

Publisert: Publisert:

Peter F. Strassegger frå Bryne er aktuell med sin første roman for ungdom. Foto: Pål Christensen

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
Grade: 5 out of 6

Peter F. Strassegger: Aleksander den store. Roman. 122 sider. Samlaget.

Peter F. Strassegger, fødd 1984 i Austerrike og busett på Bryne, vann i 2012 Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen «Stasia», har sidan gitt ut to stilsikre vaksenromanar til, før han no kjem med sin fyrste roman retta mot ungdom.

Å definera omgrepet «ungdomsroman» er ikkje enkelt. Ein bruker å seia at målgruppa for denne typen litteratur er lesarar mellom tolv og atten. Eit slikt kriterium gjev meining. Men i tillegg hevdar enkelte fagfolk at ungdomslitteratur er skrive i eg-form, søker mot intensitet i uttrykket, kan visa til rask framdrift på handlingsplanet og satsar på ein lukkeleg slutt – alt saman litterære trekk som like gjerne kan knytast til vaksenlitteraturen. Difor kan eg skjøna Ida Jackson som i ein artikkel i «Vinduet» i 2019 går inn for å skrota første ledd i ordet «ungdomsroman», slik Samlaget no gjer på side 3 ved å sjangerbestemma «Aleksander den store» berre som «roman».

Aldersmessig befinn eg meg sjølvsagt eit langt livsløp unna det som er truleg er tenkt som bokas primære målgruppe. Men som lesar av eit stykke litteratur kan eg slå fast: Eg-forteljaren Alexander veks opp i eit ikkje namngitt europeisk land, flyttar til Noreg med ei gravid mor og ein arbeidslaus far, skal byrja på ungdomsskulen, opplever kvardagsrasisme og mobbing og må læra å takla si eiga einsemd, sin eigen redsel, sitt eige raseri, sine eigne traume.

Alt er ikkje like spennande. Men eg trur på forteljinga om mobbegjengen til «Torve og dei», blir fanga av historia til både Aman – han som bur i fosterheim – og til Arne, tjukken som ikkje maktar å unnsleppa mobbeoffer-rolla. Fintane mot eit norsk skulesystem som ikkje maktar å gi elevane elementær kunnskap om t.d. Aleksander den store, fungerer godt. Visse skråblikk på norsk kultur like eins.

Det sentrale temaet er like fullt Alexanders forhold til sitt eige bråsinne. I nær fortid sto han opp mot David, den største og mest brutale mobbaren på skulen. No kjøper han kniv og er innstilt på å utfordra Torve som hatar utlendingar, og som har etterlate seg eit hakekors og eit knust vindauge for å skremma.

Slutten bør ikkje røpast. For danningshistoria til eg-forteljaren – som fyrst og fremst rettar seg mot ungdom - tar ei litt uventa retning og blir formidla i eit intenst, tett språk som gjer inntrykk også på ein pensjonist som liker å lesa god litteratur. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: - Livet sier «stopp litt nå» til meg

  2. 13 fikk bot på E39

  3. Lærere med hovedfag klarer ikke løse nye eksamensoppgaver for matematikk i videregående: - Vi føler oss maktesløse

  4. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  5. Streikende bussjåfører: - Vi står her til vi får et skikkelig tilbud på bordet

  6. Hundretusener har tatt koronavaksine i Kina utenom kliniske tester

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Roman
  4. Bok
  5. Anmeldelse