Publikumsrekord på Rogaland Teater

Rogaland Teater sette ny publikumsrekord i 2011, med over 150.000 besøkande.

Publisert: Publisert:

Teatersjef Arne Nøst kan notera seg for all time high på Rogaland Teater i 2011.

Denne artikkelen er over åtte år gammel

«Jungelboken 2099» og «Sonny» blei dei store publikumsdragarane for Rogaland Teater i 2011. Den førebelse oppteljinga viser ny publikumsrekord for teatret, som i fjor sette opp 22 ulike produksjonar.

— Teater er «live performance» og noko ein opplever her og nå. Ein blir glad når folk oppsøker teatret for å ta del i dette. Me har klart å laga forestillingar som engasjerer og som folk vil sjå. Dette gir meg stor tru på teatrets framtid, seier teatersjef Arne Nøst i ei pressemelding.

Publisert: