Kåkånomics prega av korona og økonomisk krise

– Det er ekstra viktig å gjennomføra Kåkånomics i ei økonomisk krisetid, seier festivalsjef Jan Inge Reilstad. I tillegg til å arrangera diskusjonar, har økonomifestivalen sine eigne økonomiske utfordringar å stri med.

Publisert: Publisert:

Festivalsjef Jan Inge Reilstad ser fram til fjerde utgåve av Kåkånomics, som startar onsdag. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Me venta lenge med å bestemma oss for om me skulle arrangera festival i år. Andre avlyste, me visste det ville bli krevjande å laga 70 arrangement på fire dagar. Men så kjende me på ei forplikting. Det er ekstra viktig å gjennomføra ein økonomifestival i den økonomiske krisa me står i, seier Reilstad.

Onsdag startar fjerde utgåve at det Reilstad omtaler som Nordens første, beste og mest morosame økonomifestival, Kåkånomics.

– Den store forskjellen i år er smittevern og restriksjonar. Me tek det veldig alvorleg og har eit stort team som tek seg av smittevern, seier Reilstad.

Programmessig blir det litt færre arrangement enn i fjor. Arrangementa er lagt til litt færre og større scener, for å få inn nok publikum.

– Formatmessig blir det fleire foredrag og samtalar og færre store debattpanel. Og så er alle internasjonale gjester ute av programmet, med unntak av nokre få som er med på skjerm.

Les også

Konjunkturbarometer: Vil ta minst ett år før økonomien er tilbake der vi var før pandemien

Aktuelt program

Programmessig er det lett å sjå at det er koronatider. Dei økonomiske konsekvensane av pandemien skal diskuterast i fleire omgangar. Valet i USA 3. november er også med.

– I utgangspunktet ville me ha «by og land» som eit viktig tema. Det finn du også ein del av på programmet, seier Reilstad, og trekker fram den økonomiske geografen Andrés Rodriguez-Pose, som fredag (via video frå Madrid) skal snakka om forskinga si på «Hemnen frå stader som ikkje betyr noko».

– Dette er det mest interessante, nye perspektivet på økonomisk utvikling som blir lagt fram på festivalen. Det får deg til å skjønna det Thomas Seltzer finn i serien «UXA», seier Reilstad.

Økonomiske utfordringar

Men økonomiske utfordringar er ikkje berre ein teoretisk storleik for Kåkå og Kåkånomics. I april starta dei ei kronerulling der målet var å få inn 300.000 kroner. Pengane skulle gå til å vidareutvikla Kåkånomics, koma heilskinna gjennom koronakrisa og rigga seg til meir digital formidling. Då kronerullingsprosjektet blei avslutta 3. august, hadde det berre kome inn 15.280 kroner.

– Korleis er det økonomiske grunnlaget dykkar for å arrangera festival i år?

– Me tek risiko, og har tenkt på innsparing av kostnader så det ljomar. Me lagar tidenes rimelegaste festival, svarer Reilstad.

Festivalen sparer pengar på at ingen kjem reisande frå utlandet, på at det er færre deltakarar, og på at mange av fagfolka som deltek ikkje forlanger honorar. Samtidig taper dei pengar på smittetiltaka og på at dei kan selja langt færre billettar enn før.

– Me har brukt denne forferdelege tida, der det har vore full brems, også til å tråkka på gassen, tenkja nytt og kjempa for å overleva. Me har – som resten av kulturlivet – søkt midlar i hytt og ver, og fått tilslag på noko av det. Det er ein styrke for oss at me klarer å gjennomføra festivalen i år – og viktig for å ha gode samarbeidspartnarar med oss inn i 2021.

Les også

Blues og kverulering på Påfyll

Utfordrande framtid

Og gode samarbeidspartnarar kjem dei til å trenga. Ekteparet Stensrud, som så langt har bidrege sterkt økonomisk til Kåkå, er heilt ute frå 2021. Pengane må skaffast frå andre stader.

– Me har søkt om å koma inn på offentlege budsjett både i kommune, fylke og staten. Det me så langt har fått frå offentlege instansar har utgjort 5 til 10 prosent av budsjettet vårt. Det har vore prosjektmidlar som medfører masse arbeid og manglande forutseibarheit. Så gjenstår det å sjå kva kommune og fylke gjer. Stavanger kommune legg fram neste års budsjett under festivalen. Eg kjem til å vera til stades der.

– Kva skjer om de ikkje finn nye finansieringskjelder – er det då over og ut?

– Det kan bety kroken på døra. Det kan bety at det forsvinn eit litteraturhus. Og at ein festival som er i vekst og framleis har stort potensial blir borte.

I vår leika Reilstad & Co med tanken om å laga ein meir digital festival. Nå ender dei med å laga han fysisk – med nokre få digitale innslag.

– Behovet for fleire webinar er ikkje veldig stort for tida. Noko av det viktigaste med Kåkånomics er at det skal vera ein møtestad. Tilbakemeldinga har heilt sidan starten vore at akkurat dette er så fantastisk å vera med på. Då er det viktig å gjera dette fysisk når me går for å arrangera – trass koronaen.

Publisert:

Les også

  1. – Ei positiv utvikling innan berekraftige område

Mest lest akkurat nå

  1. Nå er legestreiken i gang – rask opptrapping varsles

  2. Marte (20) sa opp jobben og flyttet hjem for å pleie sin alvorlig syke pappa. Det fraråder Stavanger kommune

  3. Ble ikke straffet for homohets. Her er dommerens forklaring

  4. Lervigs nye utestad tar natte­søvnen frå naboar: – Vil sjå på skjenke­reglane

  5. Hadia Tajik øydelegg for seg sjølv med dette bokomslaget

  6. – Et overgrep mot barnet

  1. Festival
  2. Kåkånomics
  3. Økonomi