Bjørneboesk foredragsteater

TEATER: Jens Bjørneboes dosering om kolonialisme og sjølvransaking eignar seg nok betre i bokform enn som teater.

Mari Strand Ferstad og Mette Arnstad spelar den unge og den eldre versjonen av «Jeg» i «Landet Kaos», basert på Jens Bjørneboes «Bestialitetens historie». Foto: Fredrik Refvem

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Landet Kaos

Rogaland Teater, Kjellerteatret. Av: Jens Bjørneboe. Dramatisert og regissert av: Mari V. Kjeldstadli. Med: Mette Arnstad og Mari Strand Ferstad. Kostymedesign, Scenograf: Elin Nagell Dahl. Komponist: Jens Borge. Dramaturg: Nina Helen Godtlibsen. Koreograf: Runa Norheim. Lysdesign: Benjamin Dahl. Maskør: Jill Tonje Holter. Lengde: 1 time, 30 min utan pause. Urpremiere.

På to dagar har Rogaland Teater bydd på to premierar basert på litteratur som i utgangspunktet ikkje er skrive som teater. Torsdag teaterversjonen av Øyvind Rimbereids langdikt «Lenis plassar». Fredag teaterversjonen av Jens Bjørneboes «Bestialitetens historie», framfor alt basert på den siste romanen i trilogien, «Stillheten». Dette har blitt til «Landet Kaos» dramatisert og regissert av Mari V. Kjeldstadli, som også stod bak fine «Åpenbaringen» på Rogaland Teater.

Les også

Undersøker menneskenes aller verste sider

Mens forma i «Lenis plassar» var svært ukonvensjonell, nærast eit radioteater utan skodespelarar på scenen, er forma i «Landet Kaos» svært konvensjonell: To skodespelarar snakkar frå bak ein glasvegg i Kjellerteatret i ein enkel scenografi av stolar. Glasveggen held eventuelle koronabasillar på god avstand, men bidreg dessverre også til å gjera talelyden noko innboksa og fjern.

Du skjønnar det ikkje nødvendigvis om du ikkje har lese det på teaterets nettside, men Mette Arnstad og Mari Strand Ferstad spelar den eldre og den yngre «Jeg», som i Bjørneboes roman er ein mann. «Jeg» er i ein nordafrikansk by, og driv med tung sjølvransaking både på eigne og Europas vegner. Tidvis samtalar «Jeg» med Ali, blant anna om revolusjonsteori og kolonialisme. Desse samtalane bryt opp den indre, filosofiske og eksistensielle dialogen «Jeg» elles fører med seg sjølv, markert med at lyset skiftar farge på scenen.

Men mens «Lenis plassar» lukkast i å skapa naturlege, truverdige forteljarstemmer, blir det noko skriftleg, doserande og monotont over talestraumen i «Landet Kaos». Det er tidvis som om me er på ei opplesing av eit foredrag, med setningar og ord som kanskje kan fungera skriftleg, men som framstår stive og litt rare i det som ifølgje regien skal vera ein ledig og naturleg samtale over eit glas vin. Ingen seier pompøse setningar som «Er rasismen et utslag av Europas sjel?» eller «Så lenge jeg tenker europeisk, er jeg medskyldig» når dei møter ein kompis på kafé.

Eit anna trekk som forsterkar kjensla av foredrag, er at alt blir sagt rett ut. Ja, dette er i Bjørneboes and, ganske 70-talsaktig raddisretorikk, sånt som fungerer når du er 16 år og i opprør. Men dermed er det fint lite undertekst her, fint lite mellom linjene og dei store orda.

Ei anna utfordring er at «Stillheten» ikkje byr på særleg mange scener, karakterutvikling eller eit dramatisk plott. Dermed står me igjen med foredraget. Med Arnstads og Ferstads heltemodige framføring av store tekstmengder basert på bøker som ikkje er skrivne som drama for scenen. Kanskje teateret heller burde heidra fjorårets 100-årsjubilant Bjørneboe med å setja opp eitt av teaterstykka hans?

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Teateranmeldelse
  3. Teater
  4. Jens Bjørneboe
  5. Rogaland Teater

Mest lest akkurat nå

  1. Smitte ved Sandnes-skole - holder stengt fredag

  2. Ny Høyre-plan: Tre til seks kommuner i Rogaland, sammenslåing og tvang

  3. Ordførerne diskuterer koronatiltakene fredag

  4. Teslaen oppdaget tyvene mens eieren lå og sov

  5. Katten Molly ble tatt fra nabolaget og gitt til Dyrebeskyttelsen

  6. Nå er milliardprosjektet i gang. Det blir trangt