Krig og fred og demokrati og menneskerettar og sånn

BOK: Kreativ forteljing i eit formspråk som er litt for enkelt å gjennomskoda.

Maria Alnæs debuterer med romanen «Tjeneren». Foto: Paal Audestad/Tiden Norsk Forlag

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 3 out of 6

Maria Alnæs: Tjeneren. Roman. 298 sider. Tiden Norsk Forlag.

Debutant Maria Alnæs (f. 1977) skal ha for å gå mot trenden: Nyare, norske forfattarar får stundom peppar for stadig å presentera kva dei har funne i eigen, biografiske navle. Alnæs gir oss derimot noko frå andre kanten: ei oppdikta historie frå eit oppdikta land.

Me blir tatt med til «demokraturet» Kombrava, styrt av statsminister Stolpin, som ser føre seg ei framtid som president på livstid. Landet ligg i indre strid med dei opprørske hinguesarane, som fører til gjentatte terroråtak på kombravisk jord. Kontrasten er stor til livet ved slottet, der den trufaste tenaren Krystof nidkjært utfører sine plikter. Under ein gallamiddag blir Krystof vitne til noko han ikkje skulle ha sett. Ei hending som set tenaren i eit alvorleg dilemma og endrar livet hans totalt.

Både dei slavisk-klingande namna, styreforma og dei interne konfliktane leiar tankane til stormakta aust for Grense Jakobselv og enkelte statar som sluttar på -stan. «Tjeneren» tematiserer korleis autoritære krefter med semi-demokratiske verkemiddel kan strupa brysam opposisjon. Eit døme er Kombravas nye medielov, der eit statleg råd skal ha «vide fullmakter til å slå ned på dekning de fant ubalansert, umoralsk, terrorfremmende, eller krenkende for menneskeverdet.»

Dette samfunnskritiske perspektivet i starten kjem etter kvart i bakgrunnen, og «Tjeneren» blir mest ei forteljing om hovudpersonen Krystofs prøvingar på det personlege planet. Samstundes får me høyra om den unge prinsesse Florentinas meir private kvalar. I byrjinga nokså trivielle tenåringsproblem, seinare blir desse markant vanskelegare, og personar høgt oppe i statsapparatet speler her ei viktig rolle.

Som ein kan forstå, prøver Alnæs å samla ganske mange trådar, både på mellommenneskeleg, moralsk og politisk nivå. Ho lykkast stort sett med å få storyen til å henga saman på handlingsnivået, men det haltar meir på andre plan. Figurane er noko skisseaktige – statsministeren er gjennomført vond, Krystof lydig og blass, prinsesse Florentina nokså flat og uinteressant. Satiren i starten blir gjennomsiktig og naiv, og den underliggande samfunnskritikken banal: Diktatur er ikkje bra. Krig er ikkje bra. Valdtekt er slett ikkje bra. Skildringane av Krystofs seinare strabasar er meir inngåande og direkte framstilt, og fungerer betre. Framstillinga blir samla sett likevel for eintydig og pedagogisk til å skapa særleg engasjement for ein vaksen lesar. For lite står på spel, og romanen kjennest tematisk noko lett.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  2. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  3. Vel­skrevet og over­bevisende debut­roman

  4. Ei skikkeleg morosam bok!

  5. I mål med sin ene­stående roman­kvartett om mennes­kene i koro­naens tid

  6. Strålande om evig tru – trass nedtur på nedtur

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Bøker
  5. Roman