Dommedag på nynorsk

BOK: Det går lukt åt helv**e for enkelte i denne romanen, og sjølve boka er heller ikkje så mykje å ropa halleluja for.

Leander Djønne debuterer med romanen «Oskespiralen».
  • Leif Tore Sædberg Tekst
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Leander Djønne: «Oskespiralen». Roman. 217 sider. Forlaget Oktober.

Leander Djønne (f. 1981) har bakgrunn som blant anna biletkunstnar og gardbrukar, og begge delar kan ein kjenna igjen i debutromanen «Oskespiralen»: Handlinga krinsar omkring ein nedlagt gard og byr på ein del sterke, visuelle inntrykk. Dei to hovudpersonane er eit vakse tvillingpar som går under «namna» Sonen og Broren, med liv som har utvikla seg i kvar si retning: Den første har sete innesperra på ein anstalt i ni år for eit ukjent brotsverk, den andre har leiarjobb, kone, barn og sentral rolle i lokal, skinheilag kyrkjelyd. Men fortida trugar, som ho ofte gjer i norsk litteratur: For vel er Mora død, men spøker i kulissane, og Faren er bokstaveleg tala steingalen (les boka, og du forstår) og bur einsam på Garden, som risikerer skred frå Ura og Fjellet, og den einaste Faren treff på er Naboen.

Om du synest bruken av stor bokstav blir noko kunstig og påtatt etter berre eitt avsnitt, kan du tenka deg korleis det blir over 217 sider. Meininga er nok å skapa eit inntrykk av noko allmenngyldig, men effekten er ikkje særleg vellykka; grepet verkar snarare pompøst og Jon Fosse-kopierande.

Etter kvart blir det klart at Sonen sitt brotsverk ikkje er det einaste, og etter at han blir sett fri, oppsøker han Broren, som prega av dårleg samvit går med på å reisa saman til Faren og ta oppgjer med fortida. Historia blir fortalt frå ulike synsvinklar, og mest interessant er nok partia med Mora, som me møter i ei slags mytologisk etter døden-verd, i samspel med både fjell, tre og resten av naturen.

Forfattaren klarer slik å tidvis bryta med den trauste, norske, realistiske tradisjonen, men slit meir med forteljeteknikken: Handlinga går til tider frykteleg seint framover, og enkelte figurar, som kona til Broren, er meir sjablongar enn truverdige personar. Det blir dessutan vel mykje barnemishandling, valdtekt, drap, pedofili, mentale samanbrot og dødslengt til at heilskapen blir truverdig. Forfattaren maktar ikkje å finna ei form og ei språkføring som klarer å bera og rettferdiggjera såpass mykje gravalvor, og resultatet er eit noko overlessa preg. Det kjennest rett og slett litt overdrive, for å seia det på ein enklare måte. Biletbruken er dessutan noko innlysande og opplagt, det blir mykje «fedranes syndar,» «den bortkomne son» og liknande, velkjente greier. På slutten finn romanen meir si form og byr på frisk dommedagsstemning og nokre originale vendingar, men det blir «too little, too late.»

Publisert: