Denne romanen ruvar

BOK: Mektig historie om ein tvangsnevrotikars rørsle inn i noko endå større enn seg sjølv.

Publisert: Publisert:

Med «Meieriet» har Mette Karlsvik skrive ein medrivande roman over eit omfattande emneregister, meiner Aftenbladets meldar.

  • Jan Askelund
    Forfatter og litteraturkritiker

Grade: 5 of 6 stars

Mette Karlsvik: Meieriet. Roman. 391 sider. Samlaget.

Mellom dei ikkje rett få romanane om graviditet og fødsel, tilhøve mellom mor, barn og fedrar, og kva det alt saman gjer med den fødande kvinna, som har kome min veg dei seinste åra, skil Mette Karlsviks «Meieriet» seg ut: Den ruvar.

Endå ein gong legg Mette Karlsvik (1978, debut og Vesaasprisen 2005) handlinga til Island: «Meieriet» opnar med at eg-forteljaren Beate Torvik, ho er som Karlsvik sjølv forfattar, kjem til Island på eit stipendopphald, som helst skal kvitterast ut med ei nyskriven bok før det er over. Ho er ei einsleg og barnlaus kvinne på om lag 40, som i årevis har slått seg igjennom ved å reisa med stipend frå stad til stad, land til land, for å skriva.

Nå har ho hamna på tittelens enorme islandske meieri, i si tid ei pionerbedrift blant den innflytta, historiske danske gründaren Thor Jensens (1863-1947) mange føretak i landet på første halvdel av nittenhundretalet – som samstundes eksemplifiserer Islands veg inn i superkapitalistisk tid. Thors person og relasjonar og verksemdene hans får ein stor plass i romanen, kanskje vel overtydeleg ettersom opphaldet hennar på Island utviklar seg. I alle høve er det berømte meieret nå bygd om til kultursenter med gjestebustader og atelier.

I den første delen av dei tre romanen er sett saman av, «Einsemd», har eg-forteljaren nok med seg sjølv. Ho lever strengt disiplinert; søv, et, trener, skriv. Dag etter dag etter einsame dag skriv ho disiplinert på historia om Thor Jensen mens ho i stor detalj fortel om sine eigne dagar, som altså handlar om eting, trening, skriving, soving – pluss sjølvopptatte funderingar kring eigen person, og bare det. Men likevel klarer nå den islandske bamsen Kjell å skvisa seg inn i livet hennar, og det er tid for neste avdeling, «Tosemd», som naudsynleg går vidare til den tredje, «Tresemd».

Dette kan verka skjematisk, og det er vel så at Beate er ein nevrotisk («nervøs», seier ho sjølv), ein kroppsfiksert og arbeidssam kontrollfreak («hyper», seier ho sjølv), utan sjølvtillit, redd for å mista Kjell (hennar eiga mor er alt tapt for henne), barnet (som ho kanskje ikkje vil ha, men som ho får), alltid rastlaust sjølvreflekterande, redd for kva ei framtid med barn og familie kan gjera med skrivinga hennar – som til nå har vore det viktigaste i livet for henne. Men ho er heil ved: same kva følgjer vala og livsførsla hennar måtte få, insisterer ho på å ta ansvaret for dei sjølv. 

Om ein til dømes samanliknar den mora Mette Karlsviks Beate utviklar seg til i «Meieriet», med hovudpersonen i ein annan mor og barn-roman frå i haust, den nifst og mekanisk kalde kvinna i Ida Hegazi Høyers «ene barnet», er vi i to forskjellige oppvekstverder. Ikkje at ikkje Høyers mamma er pliktoppfyllande og syter for babyen sin, men ho gjer bare under protest, og motvillig, det ho trur «andre» og «Staten», forventar.

For Mette Karlsviks Beate er det ikkje snakk om å gå inn i ei morsrolle, for Beate speler ikkje roller: Ho er til stades i seg sjølv og i alt ho gjer, og ho går inn for kva det skal vera ho bestemmer seg for, med alle sine krefter og all sin konsentrasjon. Ho skal ikkje spela rolla som mor, ho skal og vil vera mor. Med «Meieriet» har Mette Karlsvik skrive ein medrivande roman over eit omfattande emneregister, sjølv om det blir i meste laget når ho lar Beate kjenna seg som ei mjølkeku i Thor Jensens meieri, ho også.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gutt (16) omkom i ulykke hjemme

  2. FNB-leder Myrhol tjener mer enn statsministeren

  3. – Han var dritings, sa politibetjenten i retten

  4. – Jeg ble utnyttet av Eddi Eidsvåg

  5. Lagt merke til gult støv i vannkanten i pinsen?

  6. – 1,8 millioner i «lønn» i lokalpolitikkken er for mye

  1. Roman
  2. Litteratur
  3. Bokanmeldelse
  4. Anmeldelse
  5. Bøker