Fartsfylt og forvirrande «Tenet»

FILM: Ahh, så herleg å sjå ein skikkeleg hollywoodsk blockbusterfilm på stort lerret igjen! «Tenet» er full av både action og forvirring.

«Tenet» har ein god porsjon av handlinga lagt til Oslo, blant anna ein samtale her på operataket.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Tenet

Med: John David Washington, Robert Pattinson, Elizabeth Debicki, Aaron Taylor-Johnson. Sjanger: Action / Drama / Thriller. Regi: Christopher Nolan. Nasjonalitet: USA, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 2 timar, 30 minutt.

Få av årets filmar har blitt sett fram til med større forventning og spenning enn Christopher Nolans «Tenet». Ikkje berre er ein ny film frå ein av vår tids største regissørar – mannen bak filmar som «The Dark Knight», «Inception», «Interstellar» og «Dunkirk» – ei storhending i seg sjølv. Men nå er det ekstra spesielle tider. Kinoar verda over har måtta stenga på grunn av covid-19. Kulturøkonomien er i krise. Film- og kinobransjen treng nye storfilmar og publikumssuksessar for å koma seg ut av uføret. I denne situasjonen har «Tenet» blitt sett på som ein av filmane – om ikkje Filmen – som skal redda kinoåret 2020.

Så: Etter diverse utsettingar er han her. Lever «Tenet» opp til hypen? Ja, ganske bra.

Det er så godt som umogleg å forklara nøyaktig kva filmen handlar om. Sånn reint bortsett frå at hovudpersonen (bistert og overtydande spelt av John David Washington) saman med Neil (mystisk og sjarmerande spelt av Robert Pattinson) skal redda verda frå å gå under – i regi av den onde, russiske våpenhandlaren Andrei Sator (truverdig framstilt av Kenneth Branagh). Klassisk actionhelt-tematikk, altså.

Aker Brygge kan også brukast i blockbustersamanheng.

Nøyaktig kva som skal få verda til å gå under, er komplisert på den måten berre Christopher Nolan kan få det til på. Som altså inneber komplisert bending av fysikkens lover, ei ellevill omkalfatring av både tid og rom, av fortid og framtid. Som til dømes kan føra til at ting skjer både framlengs og baklengs samtidig. (Tittelen «Tenet» er eit palindrom, altså eit ord som blir uttalt likt både framlengs og baklengs.)

Det er forvirrande nok når karakterane snakkar i veg om «entropi» og «inversjon» (nei, eg veit heller ikkje kva det betyr). Men du skjønnar heller ikkje alltid kva som eigentleg skjer når snakkinga er ferdig og actionen tek over. Det er både forvirrande og fascinerande på ei og same tid.

Sjølv om her er mykje teoretisk fysikk, har «Tenet» heldigvis ikkje form av ei tørr universitetsforelesing. Det intrikate tankespinnet blir kombinert med spektakulære actionscener frå Oslo (Sic!), Mumbay, Amalfi-kysten, Tallin og London, berre for å nemna nokre av stadene. Det er som ein avansert og påkosta James Bond-film, altså. Med meir hjerne – og langt mindre kropp. Her er mindre humor enn hos Bond, men ikkje heilt humørlaust. Som når onde Sator spør hovudpersonen korleis han vil døy, og får til svar: «Gammal.»

Eit sterkt skodespelarlag leverer imponerande fysiske prestasjonar og Nolans til tider kompliserte replikkvekslingar. Det som går tapt i all denne effektiviteten og når alt er så gjennomtenkt, så kalkulert, så smart, er den emosjonelle dimensjonen og den eventuelle varmen du måtte føla for det du ser.

Fotograf Hoyte Van Hoytema har filma det heile i feinschmeckerformatet 70 mm, som gjer bileta ekstra flotte og spektakulære å sjå på – og ekstra viktige å sjå på eit stort lerret. Musikken og lydeffektane er heile tida dundrande til stades, nesten i overkant høgt på visninga eg var til stades på.

Etter eit halvt år med heimestrøyming i sofaen og små- og mellomstore filmar på kino, er det herleg å sokke ned i stolen i mørket, sjå ambisiøs film på svært lerret, kjenna det dundra i magen når det eksploderer – og nesten vera litt sliten når det er over. «Tenet» er ei påminning om at det er noko anna å sjå ein storfilm på kino enn heime. «Tenet» er ikkje laga for det vesle formatet. «Tenet» er ein film du må sjå på kino.

Publisert:
  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Christopher Nolan
  4. filmer
  5. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  3. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  4. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  5. Stygge skader overskygget solid Oilers-seier: - Det er sånt som ikke skal skje

  6. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent