Snart kan du besøkje Stavanger kunstmuseum heimanfrå

Tysdag 2. juni opnar Stavanger kunstmuseum dørene att. Likevel er det fleire som ikkje har mogelegheit til å besøkje museet. Det skal dei gjere noko med.

  • Marie Håland
    Journalist
Publisert: Publisert:

– Når me no har vore i situasjonen med korona og eit stengt ned museum, så har det blitt tydeleg for oss at me må bli flinkare til å nå dei som ikkje kan kome. Med digital formidling kan me nå nye publikumsgrupper.

Det seier Hanne Beate Ueland, avdelingsdirektør hos Stavanger kunstmuseum.

Dei skal, i samarbeid med produksjonsselskapet Screen Story, filme utstillinga «I skyene». Det skal bli 360° filming i utstillingssalane, og publikum skal få mogelegheita til å sjå og fordjupe seg med ekstra tekstar og bilde som er lagt til. Kurator Inger Gudmundson skal vere guide.

– Veldig mange i samfunnet er interessert og glad i kunst, men det kan vere ein terskel å kome seg til museet. Derfor blir dette heilt fantastisk, og det er ein gåvepakke som oppnår fleire kriterium, seier Ueland.

Kurator Inger Gudmundson gjer seg klar til opptak med Stian Skjerping ved 360°-kameraet. Foto: Kristian Jacobsen

Måtte tenkje meir nytt

Ueland seier at dei fekk god respons etter dei hadde digital opning av utstillinga «I skyene» den 20. mars. Å kunne sjå utstillinga gjennom direktefilming var noko publikum ville ha meir av, og ho trur det nye prosjektet vil bli godt teke i mot.

– Det gav oss blod på tann, og me måtte begynne å tenkje meir nytt no når ting normaliserer seg. Samtidig vil me ikkje lene oss for mykje på sosiale medium som plattform, me vil utvikle eigne produkt òg. Derfor er me veldig nøgd med dette samarbeidet.

Foto: Kristian Jacobsen

Ein del av eit EU-prosjekt

Screen Story deltar i EU sitt Erasmus-prosjekt 360ViSi. Det er eit internasjonalt samarbeidsprosjekt med mål om å utvikle innovativ læringsmetodikk innan helseopplæring ved bruk av 360° videoteknologi.

Les også

Museum? Galleri? No vaknar dei til live att!

Etter to månader med stengde dører opnar endeleg større deler av kulturlivet igjen.

Prosjektleiar Øyvind Torjusen i Screen Story synest det er veldig kjekt med den nye kjennskapen med Stavanger kunstmuseum.

– Me trong ulike saker å prøve ut, og dette blir ein spennande plass å starte, seier Torjusen og legg til:

– Dette handlar jo òg om formidling, akkurat som undervisning. 3D og 360° video gjer deg ein fin mogelegheit til å vere til stades.

Utstillinga vil bli filma fredag 29. mai, men det er førebels usikkert når den vil vere klar for publikum.

  1. Foto: Kristian Jacobsen

  2. Elisabeth Røvær og Stian Skjerping frå Screen Story gjer klar 360°-kameraet. Foto: Kristian Jacobsen

Publisert:

Mest lest

  1. Familien savner svar etter at sønnen ble funnet død

  2. «Alle» vil gå på denne linja på videregående: – Appellerer til ungdom

  3. «Varsellampene er fleire. Og me kan koma til å høyra meir om QAnon. Det er mørkt nedst i kaninholet»

  4. – Her vil vi ikke være verneverdige

  1. Stavanger kunstmuseum
  2. Digitalisering
  3. Utstilling
  4. Film