Politisk sprikande om nytt teater

Bør eit nytt Rogaland Teater plasserast i Paradis, på stasjonsområdet ved Breiavatnet eller der det ligg i dag? Ein ringerunde til eit utval av Stavangers politikarar gir sprikande svar.

Publisert: Publisert:

Blir det nytt Rogaland Teater og nytt museumsområde i Kannik? Ingenting er avgjort. Foto: VOLUMSTUDIE AV HELEN & HARD

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Frode Myrhol er ikkje blant Rogaland teaters hyppigaste gjester. Skal det byggjast nytt, vil han ha det så sentralt i Stavanger som råd. Foto: Jan Inge Haga

– Ein må gjerne byggja nytt teater, men då må det vera veldig store statlege midlar inne i biletet. Teater er ikkje det me i FNB ønskjer å bruka mest pengar på, seier Frode Myrhol i Folkeaksjonen nei til mer bompenger (FNB). Partiet hans er den store vinnaren på gallupen denne veka, og kan hamna på vippen i Stavanger-politikken. Men kva meiner bompengepartiet om nytt teater, etter at tre alternativ er lanserte den siste veka:

– Eg er ikkje så imponert over «Akropolis-rapporten». Det blir for kompakt og for mykje bygg på tomta. Det ser ut som ei løysing som har kome på plass fordi det er plassmangel, ikkje fordi nokon faktisk ønskjer det slik, seier Myrhol, som er mest positiv til Renbergs alternativ. Myrhol vil ha teatret så sentrumsnært som råd, og at det skal bli ein møteplass der folk skal kunna droppa innom, også på dagtid.

Aps alternativ?

Kva vil Ap gå til val på når det gjeld nytt teater? Det er litt uklart. Renberg har altså lansert stasjonsområdet som eit alternativ til Kannik-tomta, og vil kjempa for dette i valkampen. Men i november i fjor sa varaordførarkandidat Dag Mossige til Aftenbladet at Ap vil gå til val på ei felles løysing for teateret og MUST i Kannik-området, blant anna fordi den løysinga kan bli langt billigare enn å byggja nytt på ei anna tomt.

Kari Nessa Nordtun (Ap) ser stasjonsområdet som ein del av Kannik, og meiner det ikkje er motsetnad mellom Tore Renberg, som vil bygga teater på stasjonen, og Dag Mossige, som vil bygga i Kannik. Foto: Fredrik Refvem

– Eg ser ikkje noko motsetnad mellom Renberg og Mossige. Me ser på stasjonsområdet som ein del av Kannik, seier Aps ordførarkandidat Kari Nessa Nordtun, og les høgt frå Aps program for perioden 2019–2023. Der står det at Ap vil «løse behovene for utbygging ved Rogaland Teater og Museum Stavanger gjennom felles lokalisering i Kannik-området.»

– Det høyrest dyrt ut å ta inn ei tomt til, og både ville bruka Kannik-tomta og stasjonsområdet ned mot Breiavatnet på dette?

– Ja, men me må sjå på korleis me kan sikra dei historiske bygningane på Akropolishøgda. Og så må me vurdera om dette er ein pris me er villige til å betala. Me må sjå det endelege reknestykket før me bestemmer oss, seier Nessa Nordtun.

Høgres ordførarkandidat John Peter Hernes seier han personleg har sterke kjensler for teateret der det ligg i dag, og håper det kan utviklast vidare der.

John Peter Hernes (H) vil gjerne at nokon grovreknar på alternative plasseringar av eit nytt teater, slik at ein veit litt meir om realismen i dei. Foto: Jonas Haarr Friestad

– Men det å få på plass eit teater- og museumsprosjekt som både er god byutvikling og økonomisk mulig å få til, er heilt opplagt krevjande, seier Hernes. Han syns det er positivt med nye innspel om ulike alternativ.

– Men me kan ikkje bruka enormt mykje ressursar på å greia ut alle alternativ like nøye. Nå må me få vita meir om kva «Akropolisvisjonen» vil kosta og ein debatt om løysingane. Så vil det vera til stor hjelp om nokon kan grovrekna på andre alternativ, slik at me veit litt meir om realismen i dei, seier Hernes.

– Avlys diskusjonen!

Gruppeleiar Christian Wedler i Frp skriv i ein epost at heile diskusjonen om kor eit nytt teater skal liggja kan avlysast:

– Med siste oppdatering på teaterets arealbehov på 20.000 kvadrameter, forstår alle med ein kalkulator på mobilen at det er utenkeleg at kommunen har råd til dette.

Wedler meiner heile prosessen bør stoppast nå:

– Ikkje sløs bort meir av det offentleges midlar på å greia ut noko som er fullstendig uaktuelt, skriv Wedler.

– Urealistisk debatt

Leiaren i Stavangers kulturstyre, Annamaria Gutierrez (V), er på veg ut av politikken. Men ho har vore djupt inne i teatersaka dei siste 3,5 åra.

– Eg vil både teateret og MUST vel, men den einaste måten å få realisert ambisjonane deira på, er å samla dei, slik ein har gjort i Akropolisvisjonen. Å begynna ein ny lokaliseringsdebatt, er å senda teateret ut på ei ny, politisk ørkenvandring. Det har me ikkje råd til nå, seier Gutierrez.

Annamaria Gutierrez (V) er på veg ut av politikken, men meiner Akropolisvisjonen er den einaste realistiske. Foto: Lars Idar Waage

Ho viser til at teateret har brukt fleire år på utgreiingar, og at plasseringa av teatret og MUST saman på Kannik-tomta er eit resultat av desse grundige prosessane - samt ein dose barske politiske og økonomiske realitetar:

– Akropolisvisjonen ligg inne i kulturplanen bystyret i Stavanger akkurat har vedteke. Staten har sagt at dei maksimalt bidreg med 40 prosent av kostnadene. Det finst ingen sjanse i havet for at teateret og MUST skal få finansiert ambisjonane sine kvar for seg. Dermed blir ein debatt om å byggja eit nytt teater på andre tomter enn i Kannik heilt urealistisk, seier Gutierrez.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Re-Naa og Rosehagen jubler: Oppturer for restauranter i Rogaland, men ikke for alle

  2. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  3. Savnet mann (74) funnet i god behold

  4. FHI vil stille klare krav til hjemmesydde munnbind

  5. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  6. Oslo er nå «rødt» ifølge FHIs smittekrav til andre land

  1. Byutvikling
  2. Kannik
  3. Rogaland Teater
  4. Frode Myrhol
  5. Annamaria Gutierrez