Desse artistane deltek i årets «Stjernekamp»

Både kjente og meir ukjente artistar får til hausten konkurrere i ulike musikksjangrar. Felles for mange er at operasjangeren vekker kjensle, på godt og vondt.

Publisert: Publisert:

Artistane i Stjernekamp 2020: Første rad frå venstre: Odd Einar Nordheim, Ingeborg Walther, Alex Rosén, Sandra Lyng, Vegard Bjørsmo. Bakre rad: Hege Øversveen, Knut Marius Djupvik, Myra Regina Tucker, Emil Solli-Tangen, Anita Hegerland. Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

  • Marie Håland
    Journalist

Til hausten kjem den niande sesongen av Stjernekamp på NRK, der ti artistar skal konkurrere i ein rekke sjangrar. Vinnaren får tittelen «Norges ultimate entertainer».

Mona B. Riise held fram som dommar, men får denne sesongen to nye ekspertar kvar laurdag ved si side.

Vanlegvis pleier sesongen å starte med sjangeren rock, men i år blir det derimot ein tryggare start. Første sending får dei velje ein sjanger som dei sjølv identifiserer seg med.

– Kvifor har me ikkje gjort dette før? Det verkar jo veldig openbart, seier programleiar Kåre Magnus Bergh.

Les også

Lasse Matberg med i Farmen kjendis: – Håper ikke jeg blir konkurrenten alle vil ha ut

Til hausten blir det stor sjangerbreidd i artistane. Dei representerer alt frå pop, opera, soul, hiphop, storband og musikal.

Her er årets deltakarar:

Sandra Lyng Haugen (33)

Haugen slo gjennom som artist i «Idol» i 2004, og har etter det vore i folk si bevisstheit. Etter «Idol» har ho gitt ut to album og fleire singlar. I vår debuterte ho òg som barnebokforfattar.

Emil Solli Tangen (30)

Tangen er ein norsk operasongar frå Porsgrunn, og deltok i årets MGP saman med broren Didrik Solli Tangen. Utruleg nok gruer han seg mest til sjangeren opera: – Det er einaste staden eg har fallhøgde, seier Tangen.

Hege Øversveen (34)

Stjernekamp har aldri hatt med ein reinspikka countryartist før, men i år skjer det. Ho tok andreplassen i «The Voice» i 2012, og har sidan gitt ut to album. Akkurat som Tangen gruer ho også seg mest til opera.

Knut Marius Djupvik (32)

Djupvik vann «The Voice» i 2013, og har elles spelt i fleire musikalar. Han gleder seg både til storbandsjangeren og til rockesjangeren.

Regina «Myra» Tucker (25)

Bergens-rapparen vart oppdaga på SoundCloud i 2016. I år skulle ho eigentleg spele på Øyafestivalen, men gleder seg til å delta på Stjernekamp. Det kan bli spennande å sjå korleis ho gjer det på andre sjangrar: – Eg kan oppriktig ikkje syngje, sa ei nervøs Tucker til programleiaren.

Vegard Bjørsmo (19)

19-åringen frå Karasjok har gitt stemma til «Kristoff» i den samiske versjonen av «Frost 2». Akkurat som dei to føregåande vinnarane har han gått musikklinja på Alta vidaregåande skule. Hos han vekker opera ambivalente kjensler: – Eg har jo litt æresfrykt for opera, men det er alltid spennande å prøve noko nytt.

Anita Hegerland (59)

Også ein ganske erfaren artist er med i Stjernekamp. Ho platedebuterte same år som Neil Armstrong var første menneske på månen, og har selt fleire millionar plater i fleire land. I vår var ho også å sjå på «Farmen kjendis». Ho kjenner det litt i magen ho òg, sjølv om ho har stått på scenen mykje før.

Odd Einar Nordheim (48)

Nordheim gav ut debutalbum i 2001. Fem år tidlegare vann han TV-programmet «Med blikket mot stjernene», og i 2012 deltok både han og kona i «The Voice».

Ingeborg Walther (20)

Nok eit kjent fjes frå «The Voice». Walther deltok i 2017 og har sidan hatt hovudrolla i «Trolle og den magiske fela», og spelt i fleire musikalar. Ho gleder seg derfor veldig til musikalsjangeren, men også til rock.

Alex Rosén (52)

Rosén er kanskje den største overraskinga i årets «Stjernekamp»-gjeng. I tillegg til latteren sin er han kjent frå både tv og radio, og er programleiar i Radio Rock. Men han har også vore vokalist i bandet «Go-go Gorilla» og gav ut soloalbumet «Prewave» på 90-talet.

– Dette synest eg var på høg tid. Eg har mykje å levere i alle sjangrar. Eg gleder meg aller mest til opera.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal

  2. Nytt tilfelle av korona­smitte i Stavanger: – Reiserelatert

  3. Hel Stavanger-familie lager film for hele familien

  4. Gjenopptok søket etter antatt omkommet kvinne ved Månafossen

  5. Ryfast: Tidsplanen ryker for spansk selskap. Passerer 3 millioner gratisturer

  6. – Vindkraftregimet i Norge er så historieløst som det kan få blitt

  1. Musikk
  2. Stjernekamp
  3. NRK