Røykt, drikka, naska

BOK: Barndomsskildring som opnar lovande, men sidan blir for standard til å engasjera verkeleg.

Rune Berg har vakse opp på øya Giske utanfor Ålesund. Han er musikar og har spilt i ein rekke band, blant anna The Margarets og Number Seven Deli. Dette er hans debut som forfattar.
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Rune Berg: «Nesten sanne historier om Rune Lisbeth Berg». Roman. 245 sider. Tiden Norsk Forlag

Kor mange barndomsskildringar har der vore opp gjennom litteraturhistoria? Tallause, sjølvsagt. Kor mange av desse har meir eller mindre handla om barndommen til forfattaren? Rundt 100 prosent, vil eg tippa. Nokre få av dei har klart å gi augeopnande opplevingar og nye perspektiv rundt denne dannande perioden i liva våre. Nokre i den andre enden av skalaen hadde kanskje heller funne seg betre til rette i skrivebordsskuffer eller dagbøker. Musikar Rune Berg (f. 1976) hamnar ikkje i nokon av desse kategoriane, der han debuterer med ei utgjeving som i tittelen nærast ropar ut eit varsku om sjølvbiografisk tilnærming.

Handlinga går føre seg på den vesle øya Giske på nordvestlandet, nær Gud i religiøs forstand og oppslutning, nokså gudsforlatt i andre samanhengar. Ei planlagt bru til fastlandet blir vurdert som ein potensiell naudutgang av enkelte, som ein motorveg til Sodoma av andre. Me følgjer her Rune Berg frå han er liten gut, ein litt engsteleg pjokk som lett tar til tårene og i tillegg manglar enkelte sosiale antenner. Han har problem med å få både vener og posisjon i det vesle miljøet: Hva var systemet? Hva var det de gjorde som ikke jeg gjorde? Hva var det de hadde som ikke jeg hadde?

Berg er i første del av romanen dyktig til å skapa ein hovudperson og situasjonar som kan gi enkelte Elling-assosiasjonar. Rune er ein outsider som meir og meir desperat prøver å passa inn blant dei andre, men forstår ikkje spelereglane, og dei mislykka framstøytane gjer at han i staden blir gjort til latter og mobbeoffer. Då det kjem fram at mellomnamnet hans av alle ting er Lisbeth, er botnen nådd. Barndommen sin brutalitet og forbitringa over livsvilkåra er i enkelte scenar så presist skildra at dei står ubehageleg fram for lesaren.

Dessverre er ikkje framhaldet like sterkt. Handlinga tar seinare ulike stiar og konsentrerer seg om nokså standard barndomsopplevingar. Litt smugrøyking, litt drikking av sprit stole frå diverse føresette, litt hærverk og nasking frå den lokale kolonialen. Erfaringar som er gjenkjennelege, men litt for lite oppfinnsame til å skapa verkeleg interesse. Hendingane er skildra utan dei store overraskingane i verken handling eller komposisjon og med ei språkføring som er truverdig, men elles nokså ordinær. Ein ujamn, men til dels lovande debut, som byr på både nostalgiske, såre og humoristiske stemningar.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Eit arty-farty kunstnarportrett

  2. Korleis snakkar me om den norske oljerikdommen?

  3. Førsteklasses roman fra DDRs siste dager

  4. Her er mange mulige mistenkte, den ene mer glamorøs enn den andre

  5. Forfatteren vil for mye, men byr på røff underholdning og mangt å bryne seg på

  6. Spennende krimdebut med godt driv og mange overraskelser

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse