Sakprosa: Sykkeljournalistikk om og for folket

Enkel, ujålete reportasjejournalistikk kan framleis vera ein vinnar.

Publisert: Publisert:

Donald Trump vann valet, som Kagge tippa. Her helser han på pave Frans i mai. Foto: Evan Vucci / TT / NTB Scanpix

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
iconDenne artikkelen er over tre år gammel
Grade: 5 out of 6

Gunnar Kagge:

Kunsten å sykle USA på tvers

302 sider

Kagge Forlag

«Hvordan kan en nasjon med over 300 millioner stort sett veldig ålreite innbyggere ende med å velge mellom to av de minst populære?»

Det var det enkle spørsmålet Aftenposten-journalisten Gunnar Kagge stilte til amerikanarar han møtte på sin veg gjennom USA sommaren 2016. Vegen var lang, og samtalane mange. Kagge ville driva verkeleg grasrotreportasje, og valde derfor å kryssa USA på sykkel, 700 mil på 80 dagar frå Washington DC i aust til staten Washington i vest.

«Fly over-country» blir landet mellom kystane nedlatande kalla av dei urbane elitane i New York og California – og i Europa. Andre snakkar nostalgisk om «the Heartland», det eigentlege Amerika som representerer verdiane som gjorde nasjonen stor – og som skal gjera han stor igjen. Dermed bør det ikkje overraska at mesteparten av sykkelturen gjekk gjennom Trump-territorium. Og derfor vedda også Gunnar Kagge då han kom tilbake på at Trump ville vinna valet. Som kjent fekk han rett, mens ekspertane med sine meiningsmålingar og datastøtta analysar tok feil.

Slik sett er Gunnar Kagges prosjekt ein oppmuntrande triumf for den enkle, gammaldagse reportasjejournalistikken. Også i den digitale tidsalderen har det framleis noko for seg å dra ut og snakka med folk, stilla opne spørsmål og lytta til svara. Dagens mediekrise handlar ikkje berre om teknologi, men også om at for mange journalistar og redaktørar er fanga av sitt eige verdsbilde og sine eigne fordommar. Dermed risikerer ein å missa evna til å forstå kva som rører seg bant folk.

Forfattaren Gunnar Kaggge kryssa USA på sykkel.

Landsbygd i forfall

Bildet Kagge teiknar av den amerikanske landsbygda, er derimot ikkje til å bli optimistisk av. Her er falleferdige hus, nedlagde butikkar og menneske som føler avmakt og frustrasjon.  Det slår ein under lesinga at Senterpartiet kunne ha vore ei nyttig norsk eksportvare til USA, men aktiv distriktspolitikk er ikkje i verktøykassen til politikarane i eit land der marknadskreftene blir oppfatta som naturlover. Dermed veks ubalansen og polariseringa mellom by og land, mellom vinnarar og taparar i den økonomiske utviklinga, med ekstreme politiske utslag som resultat.

Samtidig hadde det ikkje vore Amerika om ikkje Kagge også hadde møtt stabeisane som nektar å gi opp, eller originalane som insisterer på å leva sitt liv på tvers av alle gjennomsnittsnormer. Og nesten alle som den norske sykkeljournalisten treffer på sin veg, er hjelpsame og imøtekomande.

Men når praten kjem over på politikk, er misnøye og forakt den dominerande sinnsstemninga. Kagge møter eit raseri mot Washington og den politiske eliten som til dels går på tvers av partilinjene. Sjølv blant demokratiske veljarar er det få som har noko godt å seia om Hillary Clinton.

Vind, hundar og bjørnar

Innimellom politikken gir Kagge oss innblikk i langdistansesyklistens praktiske utfordringar, frå motvind i Kansas til sinte hundar i Kentucky og grizzlybjørnar i Rocky Mountains. Litt turistinformasjon om attraksjonane langs vegen har han også fått plass til.

«Kunsten å sykle USA på tvers» er ei ujålete bok, lettskriven og velskriven, utan dei djupe analysane, men likevel til å få forstand av både for USA-kjennarar og for dei som veit mindre om landet og politikken. Eg var i utgangspunktet redd for at boka skulle vera utgått på dato eit halvt år etter valet, men eg trur Kagges sykkelreportasje  er vel verd å lesa også nå. For om Donald Trump kan få ei kort tid som president,  vil problema, stemningane og konfliktane som førte han til Det kvite huset, dessverre vera like aktuelle.

Publisert:

Les også

  1. Sakprosa: Ein 1990-ar slår alarm

  2. Sakprosa: Presten som forlot Gud

Mest lest akkurat nå

  1. Haaland hyller sitt store idol: – Det er vilt. Den mannen er ikke normal

  2. Thorbjørn Lea ble korona­smittet i mars. Slik preges han av sykdommen åtte måneder senere

  3. 65 færre ansatte i skolen: – Vi er alvorlig bekymret

  4. Siste vrak er hentet ut av P-huset på Sola

  5. Eidsvåg gir Adam og Eva oppreisning

  6. Kan to familier være samlet? Vi svarer på dine spørsmål om korona

  1. USA
  2. Politikk