"Glassjenta" på eboktoppen

Lydversjonen av Aftenbladets langreportasje «Glassjenta» var den mest utlånte eboka i Norge i fjor.

Publisert: Publisert:

Norges lengste reportasje "Glassjenta", ført i pennen av Thomas Ergo, var den mest lånte eboka i Norge i fjor. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det er absolutt overraskande at vår lydbok ligg over Elena Ferrante og dei. Me var redde for at dette skulle vera veldig smalt stoff, men tala viser at me har hatt gjennomslag på landsbasis. Det er både me og Ida veldig glade for, seier Ergo.

Oversikta over mest utlånte ebøker og lydbøker i Norge i 2016 viser at «Glassjenta» blei lånt ut 3782 gonger. På 2.-plass kjem Jørn Lier Horsts krimroman «Blindgang» (3184). På dei neste plassane kjem folk som Jojo Moyes, Linn Ullman og Elena Ferrante.

– Det er overraskande at «Glassjenta» gjer det så godt. Men samtidig er det ikkje så overraskande, seier Bjørn Kjetil Fredriksen på Sølvberget bibliotek. Han viser til at «Glassjenta» er ein podkast, og at true crime-podkastar har teke av. Samtidig har tilgangen til «Glassjenta» vore heilt open, mens e-bøker er avgrensa til nokre få eksemplar.

– Ingen har fått beskjed om at «Glassjenta» var oppteken. Me har gjort dette med enkelte andre titlar før, utan at dei tok av på same måten, seier Fredriksen. Han registrerer også at lydboka er utlånt over heile landet, i over 200 kommunar.

– «Glassjenta» er dermed ikkje bare eit lokalt fenomen, seier Fredriksen.

Biblioteket har bare ei handfull lydbøker til utlån, men rundt 3000 ebøker, altså tekst på skjerm. Lydversjonen av «Glassjenta» toppar utlånet for alle desse titlane.

Men er det ikkje eigentleg forbløffande låge tal for utlånet av ebøker? Stavanger bibliotek aleine hadde eit utlån på 669.000 bøker i fjor. Ergo innrømmer at han trudde utlånet av ebøker ville vera høgare. «Glassjenta»-kapitla er til dømes lasta ned 90.000 gonger som podkast.

Fredriksen syns ikkje utlånet av ebøker er veldig lågt, særleg med tanke på kor liten del av innkjøpet desse titlane utgjer.

– E-bokutlånet av skjønnlitteratur for vaksne utgjer 17 prosent av det totale utlånet. Det er ganske solide tal med tanke på at utvalet er langt meir avgrensa, seier Fredriksen, og legg til at «Glassjenta» faktisk er den 8. mest utlånte tittelen på Sølvberget i 2016 - uavhengig av format.

Publisert:

Les også

  1. Hør hele Glassjenta som podkast

Mest lest akkurat nå

  1. Fjernet ulovlig garasje, men Atle har likevel fått 40.000 kroner i tvangsmulkt

  2. – Hvis jeg ikke engasjerer meg nå, og naustet på Sør-Bokn blir revet, kommer det til å irritere meg resten av livet

  3. Gratis skolefrokost fører til at færre kjøper halvt horn med piffi

  4. Avslo det beste tilbudet hun hadde sett på grunn av treneren

  5. Sameie i Sandnes tilkjent nær 6 millioner etter mangler ved boligprosjekt

  6. 150.000 i gebyr for ulovlige boliger

  1. Litteratur
  2. Stavanger bibliotek
  3. Bøker
  4. Ebok