Jagland blir ikkje ferdig med det urettferdige

BOK: Thorbjørn Jagland vil nok løfta blikket, men han blir blinda av gamle konfliktar.

1992: Thorbjørn Jagland vart vald til ny Ap-leiar på landsmøtet i Arbeiderpartiet etter Gro Harlem Brundtland. Her saman med Jens Stoltenberg. Foto: Hansen, Pål

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 3 out of 6

Thorbjørn Jagland: Du skal eie det selv. Memoarer fra et politisk liv . 413 sider. Cappelen Damm.

I desse dagar må alle meldingar av politikarbøker begynna med ein omtale av omslaget. Thorbjørn Jaglands bok viser ein mann i profil på vandring gjennom norsk skogsterreng, i lett ubestemmeleg turantrekk, på veg oppover og mot venstre. Figuren kan føra tankane mot klassiske arbeidarstatuar, landskapet mot dei legendariske marka-turane til Martin Tranmæl og Einar Gerhardsen. Tittelen er henta frå ein gammal arbeidarsong.

Er dette den ekte Jagland, eller er bildet styla for å gjenoppretta arbeidarklasse-kreden til ein mann som har budd mange år i Strasbourg og offentleg har vedgått at han likar lavendelbad? Svaret, min venn, flyg i Facebook-vinden.

Så til teksten. Den begynner med gravferda til Thorbjørn Jaglands oldefar i Lier, og me får ein gjennomgang av eit stamtre fullt av fattige, men reinhårige og klassebevisste arbeidarar. Slik plasserer forfattaren seg inn i ein tradisjon. Det er ingen grunn til å tvila på identifikasjonen, og heller ikkje på idealismen bak det politiske engasjementet til den mangeårige Arbeidarparti-politikaren.

2009: USAs president Barack Obama, til høgre, får Nobels fredspris - og Thorbjorn Jagland er formann i nobelkomiteen. Foto: Odd Andersen / AP

Arbeidarguten Jagland kan sjå tilbake på ein formidabel karriere som AUF-leiar, Ap-leiar, statsminister, utanriksminister, stortingspresident, leiar av Nobelkomiteen og til slutt generalsekretær i Europarådet. Likevel trur eg mange lesarar vil få stadfesta inntrykket av Jagland som ein politisk tapar. Meir om det seinare.

Merkelege påstandar

«Du skal eie det selv» er den første av to bøker, og dekker åra fram til 2002, då Jagland gjekk av som partileiar. Boka er kronologisk, men med mange avstikkarar, og Jaglands prosa er til dels prega av den springande «stream of consciousness»-stilen han vart kjend for som aktiv politikar. Personlege refleksjonar vekslar med meir nøytralt refererande avsnitt. Av og til gir han fascinerande innsyn bak kulissane, som i kapitla om atomvåpenpolitikken og spionavsløringa av Arne Treholt, eller om dei hemmelege tenestene, Lund-kommisjonen og Grete Faremos høgst ufrivillige avgang.

Ein stad i boka spør Jagland seg sjølv: «Ville jeg ha det nødvendige kritiske blikk og motet til å dømme meg selv?». Viljen har kanskje vore der, men svaret på spørsmålet må dessverre bli nei.

Andre gonger er han påfallande knapp. At han blir AUF-leiar, partileiar og statsminister er liksom berre noko som skjer.

1997: Statsminister Thorbjørn Jagland og Jens Stoltenberg på regjeringa si budsjett-konferanse på Halvorsbøle. Foto: Knut Falch

Boka er ikkje utan interessante tankar og treffande karakteristikkar, men av og til skriv han merkelege ting. Den tyske statsministeren Willy Brandt, eit ideal for Jagland, får attesten «kanskje den eneste politikeren jeg har kjent, som evnet å se lenger enn til morgendagens horisont». Meiner han verkeleg det, når han elles i boka løftar fram Einar Gerhardsen og Gro Harlem Brundtland som store politikarar han stod nær? Eller i analysen av stortingsvalet i 1993: «Vi hadde fått god hjelp av Anne Enger Lahnstein til å feie EU-saken under teppet.» Vel, om det var noko nei-dronninga ikkje gjorde i den valkampen, så var det å teia om EU, og store skarar av Ap-veljarar gjekk over til Sp.

Skadefryd og ømme tær

Thorbjørn Jagland forsikra ved lanseringa at han ikkje er ein bitter mann. Kanskje føler han det slik, men ut frå teksten står det ikkje til truande. Både på og mellom linjene er den klare meldinga at han vart urettferdig behandla som statsminister og partileiar – av media og av politiske rivalar med Jens Stoltenberg i spissen. Han bruker uttrykk som «hets» om det som skjedde. Og ein kan saktens sympatisera med Jagland. Med VG i sin mest maktarrogante periode som formidlar vart det skapt eit bilde av Jagland som ei udugeleg kløne som måtte fjernast. Det er ikkje underleg at Jagland med dårleg skjult skadefryd minner om at det gjekk endå verre då Jens tok over. Det skjønar eg faktisk godt.

2009: Statsminister Jens Stoltenberg er 50 år og blir gratulert av stortingspresident Thorbjørn Jagland. Framme sit partisekretær Martin Kolberg. Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Samstundes vitnar boka om at Thorbjørn Jagland også er ein mann som gøymer sjølv dei små fornærmingane i hjarta sitt: ein kontorsjef som ikkje handhelsa, eit hotellrom langt frå landsmøtestaden, eit altfor lite kontor. Og han går sjølv langt i å karikera politiske motstandarar. At Bondeviks sentrumsregjering på 1990-talet hadde som mål «å avvikle den sosialdemokratiske staten» er meiningslaus tale, særleg frå ein mann som rosar seg av at den Ap-nære KrF-statsråden Jon Lilletun var ein av hans beste venner.

Når Jagland i dag hevdar at han eigentleg var kritisk til delprivatiseringa av Statoil og andre av Stoltenberg 1-regjeringa sine marknadsorienterte reformer, må det seiast at han som partileiar og regjeringsmedlem følgde med på ferda utan å protestera for all verda. Tvert om, i 2000 heldt Jagland ein av dei mest autoritære landsmøtetalar i moderne tid, der han avfeidde den interne opposisjonen mot denne politikken med at «vi har ikke tid til dere».

Ein stad i boka spør Jagland seg sjølv: «Ville jeg ha det nødvendige kritiske blikk og motet til å dømme meg selv?». Viljen har kanskje vore der, men svaret på spørsmålet må dessverre bli nei.

Det dreg også ned at boka er full av feil. Såleis skriv Jagland at han vart utanriksminister i februar 1999, og ikkje i mars 2000. Trond Hegna blir til Hegnar, John Lyng blir omtala som Jon, og Jan Bøhler som Jahn, for berre å ta nokre eksempel. Det er merkeleg at ikkje eit seriøst forlag som Cappelen Damm har betre kvalitetssikring.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Thorbjørn Jagland

Mest lest akkurat nå

  1. Fører av personbil omkom etter trafikkulykke

  2. Viking-profilen ble trist da han fikk Berntsen-beskjeden: – Mer enn en trener

  3. Høyere skuldre på hønsegårdene: – Et scenario som fyller meg med angst

  4. «Jeg tenkte 2020 var året Bjarne Berntsen skulle få æresmedlemsskap i Viking. Ikke få sparken»

  5. Rørt Bjarne Berntsen: – Aldri opplevd maken

  6. – Jeg fikk mange kommentarer om at jeg ikke burde være ute. Sånt er litt sårt, men også forståelig