Fint om tap og siger i Norway Cup

FILM: Saknar du Norway Cup, kan du i staden gå på kino og sjå feelgood-dokumentaren «Bortebane».

Tru, håp, glede, sorg. Sånn er det å vera på Norway Cup når du er 14 år og det er straffekonk.

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

BORTEBANE

Med: Norway cup-deltakarar. Sjanger: Dokumentar. Regi: Line Hatland. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 29 minutt.

Det blir ikkje Norway Cup i år heller. Sjølv med fallande smittetal, er det ikkje forsvarleg å fly inn 30.000 barn og unge frå heile planeten til verdas største fotballturnering på Ekebergsletta i Oslo.

Line Hatlands dokumentar «Bortebane» er ein klassisk og ganske streit dokumentarfilm der me følgjer fem 14-åringar frå fem ulike land i førebuingane og gjennomføringa av Norway Cup. Der spelar alle på bortebane.

Jentene frå Chengdu i Kina får seg ei eksotisk oppleving i Oslo. Med eksotisk mat: Lapskaus.

Anna er frå Sunnmøre og har ein ambisiøs far som trenar laget. Fred er frå Brasil og har ein far som minner han om bestefaren, som alltid var best. Khalidi er frå USA, og prøver alt han kan å bli god nok til at den strenge faren hans kan bli stolt. Yu er frå Kina og prøver å ikkje tenkja for mykje på sin døde far, mens Afnan kjem frå kontrollpostar og kompliserte tilstandar som palestinsk jente frå Jerusalem.

Alle ungdommane drøymer om å gjera det stort på fotballbanen. Men, som me veit: Det er dei færraste som kjem til finalen – og går av banen som vinnarar. Dei aller fleste som deltek på Norway Cup må framfor alt læra seg å leva med at dei taper.

Fred frå Brasil sit mest på benken. Han har ikkje kyssa ei jente før.

Kamera ligg tett på ungdommane og dei vaksne som omgir dei. Det klarer å fanga ekte kjensler, ekte augeblikk av glede, sorg, tvil, tru, usikkerheit og undring – og vaksenpersonar med svært varierande evner i empati, pedagogikk og psykologi. Det er godt gjort å ha fått aktørane til å slappa så godt av og vera så naturlege samtidig som dei blir følgde av eit filmteam.

Khalidis far er streng og krev mykje av sonen. Det er ikkje lett å leva opp til.

«Bortebane» er ein sympatisk feelgoodfilm og fint handverk. Målt mot dei beste og mest originale dokumentarfilmane me har sett dei siste åra, blir det samtidig ein veldig streit film, utan dei store overraskingane eller vendingane i historia eller uventa forteljargrep.

Men for barn og unge (og foreldra deira) som har vore – eller skulle vore – på Norway Cup, er nok dette ein film som vil vekka minner.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Bra britisk spiondrama frå Den kalde krigen

  2. Varmt om livet før døden

  3. Masse å le av med Mann (50)

  4. Ny tv-serie om sex og samtykke. – Sjå denne, skriver vår anmelder

  5. Familiefaren fikk Parkinson - og laget en nydelig film om det

  6. Spinnvill svindlar­historie

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Dokumentarfilm
  3. Film