Var det eit overgrep? Var det frivillig? Var det min feil?

TV-SERIE: Realistisk og nyansert om det kompliserte landskapet mellom sex og samtykke.

Darin Hagi og Hanna Heider Hov i rollene som Klara og Lotte i TV 2 Sumo-serien «Etter lørdag». Foto: Maipo/TV 2

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

ETTER LØRDAG

TV 2 Sumo. Premiere: 11.06.21. Sjanger: Drama. Serieskapar og regissør: Liv Mari Ulla Mortensen. Med: Darin Hagi, Kayd Wacays, Hanna Heider Hov og Alfred Ekker Strande.

Klara (Darin Hagi) er ei ung og glad jente i Oslo. Ho har gode venner, har eigen podkast, flørtar og festar slik unge menneske gjer. Slik hamnar ho på ein tinderdate med Espen (Alfred Ekker Strande). Som igjen fører til at ho inviterer han heim etterpå. Men der, i stova hennar, utviklar situasjonen seg på ein måte som sidan skal skapa trøbbel for henne.

Blant dei kompliserte spørsmåla ho skal slita med er: Har ho blitt utsett for eit overgrep? Var det som skjedde hennar eigen feil? Korleis skal ho gå vidare?

Liv Mari Ulla Mortensens nye (ungdoms) serie går med andre ord rett inn i ein svært aktuell og debattert tematikk. Og når dette har blitt vellukka som tv-drama, så skuldast det blant anna at ho lukkast i å gjera historia interessant og nyansert. Både i måten ho gradvis viser nye brokkar av kva som faktisk skjedde, der kvar av dei korte episodane startar med eit nytt glimt frå den aktuelle laurdagen, mens resten av episoden viser utviklinga etter laurdagen.

Men også i korleis ho lukkast i å visa at dette er kompliserte saker og tvinger oss som sjåarar til å reflektera over det me ser. Hadde det vore svart-kvitt og Mortensen hadde sett to strekar under svaret heilt frå starten av, ville det vore (for) enkelt.

Dei unge skodespelarane overtyder i rollene sine. Ikkje minst debutant Hagi, som lukkast i å vera både truverdig og naturleg både når ho er happy go lucky – og når ho slit med angst og tankar ho ikkje klarer å sortera. Dette ser faktisk ut som ekte, unge menneske som lever sånne liv som ekte, unge menneske i Oslo gjer i 2021. Som igjen heng saman med bra kameraføring og klipping.

Det er eigentleg eit pussig, men sannsynlegvis moderne og strøymevennleg, format å laga 12 korte episodar på i overkant av ti minutt i staden for å laga halvparten så mange episodar på ein halvtime kvar. Men grepet med å starta kvar episode med «Lørdag» og så gå til «Etter lørdag» bygger opp under grepet og gjer det til meir enn ein fiffig idé. Sjå denne!

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Masse å le av med Mann (50)

  2. Ny tv-serie om sex og samtykke. – Sjå denne, skriver vår anmelder

  3. Familiefaren fikk Parkinson - og laget en nydelig film om det

  4. Spinnvill svindlar­historie

  5. Kul, men litt treig Loki

  6. Ikke tull med bestemor

  1. Film- og tv-anmeldelser