Redusert Kapittel i koronaens tid

Det blir færre arrangement, gjester og publikum på Kapittel i koronaens tid. Men festivalsjef Siri Odfjell Risdal er inderleg glad for at det faktisk blir festival i det forunderlege jubileumsåret 2020.

Publisert: Publisert:

Det har vore ei uvanleg oppkøyring til årets Kapittel, men nå er festivalsjef Siri Odfjell Risdal klar for fem dagar med litteraturarrangement. Foto: Marie von Krogh

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Det blir ein litt annan festival i år. Me merkar det mest på redusert publikumskapasitet, sidan me berre kan selja litt under halvparten av billettane me vanlegvis sel, seier Odfjell Risdal.

Oppkøyringa til det som er Kapittel-festivalens 25-årsjubileum blei annleis i år. Smittegrafar har gått opp og ned. Land har blitt grøne, gule og raude. Samfunnet har blitt stengt ned, så gradvis opna – utan at nokon har kunna vita sikkert kva situasjonen ville vera i Stavanger, Norge og verda i september 2020. Alt dette har gjort det krevjande å planleggja litteraturfestival.

– Men nå er festivalveka her og me er klare for å gjennomføra. Det blir litt mindre mingling og fest enn vanleg. Men håper det blir litt fest. På 2020-måten. Slik helseministeren seier me må festa, seier Odfjell Risdal.

Ingen internasjonale gjester

Då landegrensene opna i sommar, såg det lenge ut som dei fleste utanlandske gjestene skulle kunna koma til Kapittel. Men sånn gjekk det ikkje. 17 arrangement er avlyste, tre er gjort om til digitale arrangement. Sara Omar, Linn Ullmann og Vibeke Løkkeberg deltek på Kapittel via skjerm.

– Korleis blir det å ha litteraturarrangement via videolink?

– Me må prøva oss fram. Hovuddelen av Kapittel er fysisk, også i år, men me har lyst å prøva å få til møte med nokon av dei som ikkje kan reisa via videolink. Og så er jo programleiaren til stades på scenen.

I fjor var Kapittel rekordstort, med rundt 150 arrangement. I år er det rundt 100.

– Takka vera samarbeidspartnarar rundt om i regionen og andre kulturaktørar i Stavanger, får me gjennomført eit program som er ganske omfangsrikt og større enn kva me kunne fått til aleine på Sølvberget, seier Odfjell Risdal.

Smittevern og sporing

Årets Kapittel blir gjennomført med omfattande smitteverntiltak. Alle – både gjester, arrangørar og publikum – må ha god handhygiene, halda ein meters avstand og vera heime om dei har symptom på sjukdom. Det blir ekstra reinhald, eigne koronavertar, tilgjengeleg Antibac og munnbind. Alle som skal på eit arrangement må kjøpa billett på førehand, dei som har festivalpass må henta ut billett. Dermed blir alle som deltek på eit arrangement registrert, med tanke på eventuell smittesporing i etterkant.

– Vanlegvis kan ein dingla innom og sjå om noko er spennande. Det kan ein ikkje i år. Men sånn er det for alle arrangørar, og publikum begynner å få trening i dette, seier Odfjell Risdal.

Så er spørsmålet: Kjem folk til å møta opp – sjølv om Kapittel blir gjennomført med strenge smittetiltak og skal vera trygt?

– Billettsalet tyder på at det kjem folk. Me er nesten tomme for festivalpass, og fleire av arrangementa er utselde. Me merkar at dei fysiske arrangementa er mest populære, at det fysiske møtet viser seg å vera viktig for folk.

Kan koma endringar

– Får folk pengane igjen for arrangement som blir avlyste eller endra?

– Enkelte arrangement er dessverre avlyst, framfor alt dei med internasjonale gjester. Dei som hadde kjøpt billett har fått direkte beskjed og får pengane tilbake. Så får me sjå om det kjem endringar gjennom veka. Plan a er å finna gode erstatningar. Endra arrangement gir ikkje refusjon av billettar. Ein må rekna med at det kan koma endringar i eit år som dette.

– Det er alltid spennande rett før festivalstart. Men det er kanskje litt ekstra spennande å jobba med Kapittel i år?

– Ja. Og som ganske fersk festivalsjef skulle eg gjerne hatt litt meir erfaring å byggja på. Samtidig er jo alle nybegynnarar i å arrangera festival under korona. Men eg merkar at festivalen er 25 år, at han har lang tradisjon og eit stort apparat rundt seg. Så det blir litt som å ha bursdag og eksamen samtidig.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Elg skutt ved Sandvedparken

  2. Brann i ATV skaper køer på E39 ved Diagonalen

  3. NAF-aksjon: – Vi aksepterer ikke at folk skal kjøre her med hjertet i halsen

  4. Voldtektstiltalt trodde at sex ville gjøre ham frisk

  5. Regestrand-drapet: Drapstiltalt skal ha banket to personer i fengsel

  6. Janoves datter synger duett med bestefar

  1. Koronaviruset
  2. Litteratur
  3. Festival
  4. Sølvberget kulturhus
  5. Bøker