Imperiet slår tilbake (men revolusjonen er historie)

SAKPROSA-ESSAY: Det er hundre år sidan den russiske revolusjonen. I Putins Russland er jubileumsstemninga laber. Hos oss blir det gitt ut bøker.

Eit historisk foto frå St. Petersburg, 1917, etter at dei revolusjonære brukte automatvåpen i byen. Hundre år seinare er ikke Putin-regimet helt komfortabel med historia. Foto: TT / NTB Scanpix

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

John Reed: Ti dager som rystet verden. Med forord av Morten Jentoft. 327 sider. Spartacus

Helene Rappaport: 1917 Petrograd. Fanget i den russiske revolusjonen. 352 sider. Gyldendal

Per Egil Hegge: Russland 1917. 239 sider. Vigmostad & Bjørke

Odd Gunnar Skagestad: Fra Lenin til Putin. Hundre år som rystet verden. 105 sider. Frekk Forlag.

Simon Sebag Montefiore: Dynastiet Romanov. 896 sider. CappelenDamm

Kåre Johan Mjør: Russiske imperium. 356 sider. CappelenDamm

Fram til samanbrotet i 1991 var revolusjonsdagen 7. november den største festdagen i Sovjetunionen, ved sida av 1. mai. Sovjetleiarane stod høgtidleg oppstilte på Lenin-mausoleet medan soldatar, stridsvogner og rakettar passerte revy på Den Raude Plass. Sovjetiske byar var tapetserte med slagord om «Den store Oktober». Avisene var fulle av hyllingsartiklar til Vladimir Lenin og partiet. For sovjetfolket var det ein velkommen fridag, gjerne med tilhøyrande bakrus dagen derpå.

Tre mektige menn; Vladimir Lenin, Josef Stalin og dagens president Vladimir Putin. I Putin-regimet si forteljing om russisk historie er oktoberrevolusjonen i 1917 ein vond parentes, og Putin har nok større sans for Stalin enn for Lenin. Foto: Alexander Demianchuk

Kontrasten til dagens Russland er påfallande. Det gir dårlege odds å spå at årsdagen for oktoberrevolusjonen neppe vil prega gatebildet i russiske byar denne gongen, trass i at me snakkar om eit 100-årsjubileum. Markeringa blir dempa. Diskusjonane går meir i historiefaglege forum enn i massemedia og ute blant folk.

I fjor var det 99 år sidan den russiske revolusjon, og det ble markert med opptog til ære for Lenin og Stalin. Foto: Alexander Zemlianichenko / TT / NTB Scanpix

For president Vladimir Putin er dette ei vanskeleg sak. Få statsleiarar er mindre revolusjonære enn han. Samstundes er det politisk risikabelt å utfordra sovjetnostalgien, som har eit sterkt grep om delar av folket. Derfor ligg den balsamerte Lenin framleis i mausoleet sitt.

I Putin-regimet si forteljing om russisk historie er oktoberrevolusjonen i 1917 ein vond parentes.

I Putin-regimet si forteljing om russisk historie er oktoberrevolusjonen i 1917 ein vond parentes, som ein helst ikkje vil snakka for mykje om. Kva Putin i staden vil fortelja, skal me koma tilbake til.

Vladimir Lenin talar på Den røde plass i 1918, på årsdagen for revolusjonen.

Studér, studér

Her i landet synest det ikkje vera nokon motvilje mot å diskutera den russiske revolusjonen. Tilbodet av bøker er rikeleg, i tillegg kjem alskens artiklar, føredrag og seminar. «Revolusjon» var også hovudtema på litteraturfestivalen Kapittel i Stavanger i haust.

Det er altså nok å ta av for den som vil følgja Lenins parole: studér, studér, studér. Så får det heller våga seg om studeringa fører til fleire nye spørsmål enn definitive svar. Som den kinesiske utanriksministeren under Mao, Zhou Enlai, sa då han blei spurd om kva som var dei viktigaste konsekvensane av den franske revolusjonen i 1789: Det er for tidleg å seia.

Reeds klassikar

Dei samtidige vestlege observatørane gav svært ulike skildringar av det som gjekk føre seg i Russland dei dramatiske månadene i 1917. Det er ikkje til å undrast over, gitt både det allmenne kaoset og at dei som rapporterte frå hendingane hadde ulik ideologisk ståstad.

Me begynner med den store klassikaren: John Reeds «Ti dager som rystet verden» kom i 1919, og er utgitt på ny i år.

Reed var ein ung radikal amerikanar som ikkje hadde skruplar med å blanda rollene som journalist og aktivist. Han innrømmer i forordet at han på ingen måte er nøytral. Han støtta bolsjevikrevolusjonen, og boka er til overmål utstyrt med ei anbefaling frå Lenin sjølv. Reed døydde av tyfus alt i 1920, knapt 33 år gammal, og fekk heltestatus i Sovjetunionen. Han er gravlagd i Kremlmuren saman med ei rekke framståande kommunistleiarar, blant dei Josef Stalin.

Men om Reeds rapportar ikkje akkurat er objektiv journalistikk, er dei likevel interessante som stemningsbilde frå revolusjonsdagane. Reed var ein aktiv utegåande reporter som kom til Petrograd (nå St. Petersburg) i september 1917, og som levde intenst med i det politiske livet i den russiske hovudstaden. Sjølv om han tek parti, underslår han ikkje den sterke motstanden mot Lenins radikale line, også internt i bolsjevikpartiet.

Den russiske revolusjon enda i 1917 med at tsaren mista makta, og kommunistane tok over. Det skapte bølgjer over store deler av verda. Foto: TT / NTB Scanpix

Reed kom tett på bolsjevikleiarane, og viser at verken Lenin eller Leo Trotskij, trass all sin glødande revolusjonære vilje, hadde tru på at revolusjonen kunne overleva i Russland aleine. I eit intervju ei veke før revolusjonen snakkar Trotskij nærmast som ein talsmann for Europarørsla: «Nasjonal selvbestemmelse er ikke lenger tilstrekkelig. Økonomisk evolusjon krever avskaffelse av landegrenser. Hvis Europa fortsatt skal være splittet i nasjonale grupper, kan imperialismen gjenoppta sitt spill. Bare en europeisk forbundsrepublikk kan gi verden fred.»

Medan fraksjonskampane rasa mellom politisk bevisste intellektuelle, arbeidarar og soldatar, og dei revolusjonære førebudde seg til væpna kamp om makta, slost dei også mot fyll, plyndring og sjølvtekt i eigne rekkjer. «La oss visa at me ikkje er tjuvar og bandittar,» seier ein av bolsjevikleiarane når hovudstaden på eit tidspunkt er truga av fullstendig kaos.

Sjokkerte vitne

Akkurat på dette punktet er det eit visst samanfall mellom Reed og andre vestlege augevitne frå Petrograd i revolusjonsåret. Den britiske forfattaren Helen Rappaport har samla skriftleg materiale – artiklar, bøker, brev, dagbøker og bilde - frå om lag 80 av dei fleire tusen vestlege borgarane som budde i den russiske hovudstaden. Berre ein del av dette verdifulle og spennande stoffet er tidlegare publisert.

«La oss visa at me ikkje er tjuvar og bandittar.»

Mange av dei er sjokkerte over å oppleva korleis eit samfunn går i oppløysing politisk, økonomisk og moralsk. Demoraliserte desertørar tek seg til rette i borgarhus og butikkar. Politifolk og offiserar vert brutalt lynsja. Sjølvoppnemnde «ordensvakter» skyt uskuldige menneske berre på mistanke.

Nå var ein stor del av utlendingane forretningsfolk, diplomatar, militære eller andre som identifiserte seg med den russiske overklassen mot «pøbelen» i gatene. Dei såg neppe klart korleis det gamle samfunnet, både i Russland og i Vesten, var i ferd med å spela moralsk fallitt gjennom nedslaktinga av millionar i skyttargravene. Meir enn noko anna var det verdskrigen som utløyste revolusjon.

Blant mange vestlege i Petrograd var det likevel stor forståing for den liberale februarrevolusjonen. Den franske og den britiske ambassadøren i Russland skjøna tidleg kor ille det stod til i landet. Dei forsøkte å overtala tsar Nikolaj II til å innføra reformer før det var for seint, men utan hell.

Meir enn noko anna var det verdskrigen som utløyste revolusjon.

Det ironiske er at vestlege stormakter som var sympatisk innstilte til det nye, liberale Russland også var med på å dekka bordet for Lenin. Ved å insistera på at Russland skulle halda fram som alliert krigførande, bidrog dei til å undergrava posisjonen til den provisoriske regjeringa som tok over etter februarrevolusjonen. For i 1917 var ikkje Russland lenger i stand til å føra krig, og for kvart tapt slag fekk bolsjevikane ny framgang.

Kunne Lenin blitt stoppa?

Til slutt var det slik at «makten lå og slang på jorden, og bolsjevikene behøvde bare å bøye seg og plukke den opp.» Sitatet er frå Lenin sjølv, gjengitt av Per Egil Hegge i boka «Russland 2017».

Den tidlegare Moskva-korrespondenten for Aftenposten er kjend for å ha ordet i si makt, og «Russland 1917» er ei lesarvennleg introduksjon til hendingane i revolusjonsåret, jamvel underhaldande i den grad ein kan bruka eit slikt ord om eit såpass blodig tema. Boka er spekka med anekdotar og karakteristikkar av hovudpersonane, dei færraste av det rosande slaget.

I Hegges framstilling er revolusjonsdramaet ein kamp mellom dei evnelause og dei skruppellause. Blant dei førstnemnde er både tsar Nikolaj II og leiarane for den provisoriske regjeringa.

I Hegges framstilling er revolusjonsdramaet ein kamp mellom dei evnelause og dei skruppellause.

Forfattaren viser til at Russland før første verdskrigen var eit land i økonomisk vekst, men at «makthaverne var helt blinde for den innsikt at den økende økonomiske urettferdigheten og spenningene som følge av den, utgjorde en trussel mot stabiliteten i samfunnet og dermed også mot hele det politiske systemet».

Revolusjonen kunne blitt stoppa dersom tsaren (nummer fire frå høgre) og hans rådgjevarar hadde handla annleis, mener Per Egil Hegge. Her frå eit møte i 1916. Foto: TT / NTB Scanpix

Hegge hevdar også at Lenin og bolsjevikane lett kunne vore stoppa ved fleire korsvegar i 1917, om «myndighetene hadde vist litt større handlekraft og litt mer innsikt i hva bolsjevikledernes endelige mål var». Det er ein diskutabel påstand.

For det første har revolusjonar sin eigen dynamikk som driv fram radikalisering. Dessutan var tospannet som gjennomførte den russiske revolusjonen strategar av fremste merke, Lenin som maktpolitikaren, Trotskij som den militære praktikaren. Begge var fullstendig kyniske og kompromisslause når det gjaldt. Hegge slår då også fast at Lenins «nådeløse, målrettede handlekraft var med på å endre historiens gang, og det ikke alene i Russland.»

For det andre er det eit spørsmål om tsarstyret og den liberale regjeringa ville ha vore i stand til å forsvara seg betre, slik dei historiske omstenda var. Romanov-dynastiet hadde styrt Russland i tre hundre år, og bar på alle forfallsteikn som karakteriserer eineveldige styresett når dei får halda på lenge nok.

Nei til reformer

I mursteinen «Dynastiet Romanov» skildrar Simon Sebag Montefiore eit tsarhoff fjernt frå realitetane, dominert av intrigar, svermerisk kvasi-religiøs mystikk, seksuelle eskapadar, tåpelege trivialitetar og hardnakka motvilje mot alle reformer som kunne svekka sjølvherskardømmet av Guds nåde. Då det vart sett under press, fall det saman som eit korthus, akkurat som Lenins stagnerte og korrupte system skulle gjera 74 år seinare.

Tsar Nikolaj II inspiserer styrkene sine kort tid før han måtte gi frå seg makta til revolusjonmakarane. Foto: TT / NTB Scanpix

Tsar Nikolaj II ville aldri gi liberale og sosialdemokratar del i makta. Dumaen, parlamentet som kom i 1906, vart derfor aldri meir enn ein prateklubb. Men talekunst var ikkje nok. Mangelen på erfaring i å styra eit land vart fatalt for dei demokratiske kreftene i Russland i 1917.

Autokratiet vender tilbake

Russlands periodar med reelt demokratisk styre har vore kortvarige. I tillegg til dei få månadene i 1917 snakkar me eigentleg berre om perioden 1991-1999. Blant russarar flest har dette fått ettermæle som «urotider», som, med Montefiores ord, kvar gong «endte i en ny versjon av det gamle autokratiet, gjort lettere av vanene og tradisjonene til dens falne forgjenger, og legitimert av et presserende behov for å gjenopprette orden, modernisere radikalt og finne igjen Russlands plass som stormakt».

Og dermed er me igjen framme ved Putin. I Moskva er det laga ei enorm historisk utstilling som formidlar det nye regimet sitt syn på Russlands fortid. Når Putin skriv historie, er Lenin ein større skurk enn Josef Stalin. Lenin braut ned den gamle ordenen og undertrykte den ortodokse kyrkja. Store landområde gjekk tapt då han slutta fred med Tyskland. Stalin, med all sin brutalitet og alle sine feil, vann den neste krigen og gjorde Russland stort igjen. Sovjetunionen vart ei supermakt. Imperiet var tilbake, mektigare enn Tsar-Russland hadde vore.

Russisk historie handlar om makt, og om ei makt som ter seg annleis og meir eigenrådig enn hos oss, skriv eks-diplomaten Odd Gunnar Skagestad i boka «Fra Lenin til Putin». Slik plasserer Lenin og Stalin seg inn i ein lengre russisk tradisjon, som har røter i tsarstyret og blir vidareført av Putin-regimet.

Når Putin skriv historie, er Lenin ein større skurk enn Stalin.

Skagestad kan finna støtte i eit Putin-sitat hos Montefiore: «De største forbryterne i vår historie var de sveklingene som kastet fra seg makten på gulvet – Nikolaj II og Mikhail Gorbatsjov – som tillot at makten ble plukket opp av hysterikere og tullinger.»

Skagestads gjennomgang av hundre års russisk historie er likevel prega av eit vestleg-liberalt perspektiv som sjablongmessig legg til rette for å fella moralske dommar ­- ofte rettvise, men ikkje alltid til særleg hjelp for å forstå kvifor Russland nå eingong er som det er.

Det evige imperiet

Då er det meir å henta hos Kåre Johan Mjør, som i «Russiske imperium» leverer ein grundig og svært kunnskapsrik gjennomgang av russisk imperieideologi og imperiepolitikk gjennom 500 år. Det finst ein tråd frå Ivan den grufulle sine erobringar og teorien om Russland som «det tredje Rom» på 1500-talet til Putins tankar om «den russiske verda» og forsøket på å bli eit fyrtårn for «tradisjonelle verdiar» i dag. Men den russiske imperietradisjonen som nå blir vekt til live att, er også meir nyansert og mangfaldig enn dei fleste i Vesten er klar over.

Skal du lesa berre ei Russlands-bok i år, vil eg tilrå Kåre Johan Mjør.

Slikt er det viktig å ha kunnskap om, dersom me skal forstå Putins Russland. For eksempel kvifor det er så vanskeleg for det største landet i verda å sjå på seg sjølv som ein vanleg nasjonalstat. Kanskje er det viktigare enn å studera ein hundre år gammal revolusjon. Skal du lesa berre ei Russlands-bok i år, vil eg tilrå Kåre Johan Mjør.

Publisert:
  1. Krig
  2. Russland
  3. Moskva
  4. Vladimir Putin
  5. Litteratur

Mest lest akkurat nå

  1. 27 nye smittetilfeller på Nord-Jæren - mange knyttes til utested

  2. Kjøpte eiendom med strandlinje. Ble saksøkt og måtte kjøpe strandlinjen på nytt.

  3. Christian Eriksen med hilsen fra sykesengen

  4. Husbrann i Oalsgata - politiet ønsker tips fra publikum

  5. Brann i speiderhytta ved Hålandsvatnet

  6. Viking ansetter markedssjef og sikrer ny hovedsponsor