– Sensasjonelt med to nominerte frå Rogaland

Onsdag kveld får Henrik Nor-Hansen og Bjørn Ingvaldsen vita om dei vinn ein av Nordisk Råds litteraturprisar. Leiaren av Rogaland forfattarlag meiner det er sensasjonelt med to Rogalands-nominerte til Nordens største litteraturpris.

Henrik Nor-Hansen frå Stavanger er nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen «Termin. En fremstilling av vold i Norge».
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel

– Eg meiner Rogaland er inne i ein gullalder på litteraturfeltet. Det har aldri vore så mange rogalandsforfattarar som leverer så mykje, så bra og får så mykje merksemd som nå, seier Terje Torkildsen, leiar i Rogaland forfattarlag.

Bjørn Ingvaldsen frå Høle er nominert til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris for romanen «Far din».

Onsdag kveld deler Nordisk råd ut sine prisar på eit festarrangement i Helsinki. I salen sit to spente rogalendingar, ein barne- og ungdomsbokforfattar som til dagleg bur på Høle, og ein skjønnlitterær forfattar frå Stavanger. Begge har vore i Finland sidan helga.

– Det er iskaldt i Helsinki, seier Bjørn Ingvaldsen, som er nominert til barne- og ungdomslitteraturprisen for romanen «Far din», om ein ung gut som opplever at faren blir fengsla.

– Men varm stemning?

– Absolutt.

– Eg har vore med på nokre arrangement allereie, på stor bokmesse, i Nordiska huset, besøk på ambassaden. Det er ganske heftig opplegg, seier Henrik Nor-Hansen, nominert i klassen for skjønnlitteratur for vaksne for romanen «Termin. En fremstilling av vold i Norge».

Les også

Stavangerforfattar nominert til prestisjepris: - Klart overraskande

Les også

Ei framstilling av Henrik Nor-Hansens nye roman

Les også

En annerledes kriseroman

Overraskande nominasjon

Nominasjonen av Nor-Hansens roman kom overraskande på mange - Nor-Hansen inkludert. Romanen om valdsofferet Kjetil Tuestad frå Hommersåk fekk bare fire meldingar då han kom, og lite merksemd. Aftenpostens Ingunn Økland meinte nominasjonen var eit feil og merkeleg val.

– Eg var ikkje klar over at eg var så ukjent som eg faktisk var, men nå har eg fått masse lesarar og mykje merksemd. For forfattarskapet mitt har denne nominasjonen betydd alt, seier Nor-Hansen. Særleg i Danmark har «Termin» gjort det godt. Og i går kom meldinga om at boka er seld til det engelske forlaget Nordisk Books.

– Boka er blitt breitt presentert på dansk radio, i helga var det to sider i avisa Politiken, eg har fått veldig gode meldingar og terningkast seks i Berlingske Tidende, fortel Nor-Hansen.

Han gler han seg til kveldens prisutdeling:

– Sjølv om eg neppe er den største favoritten, trur eg ingen kan utelukkast, seier Nor-Hansen.

Også Ingvaldsen har opplevd ekstra merksemd etter at nominasjonane frå Nordisk Råd blei kjende.

– Ein les og skriv om boka i andre land, særleg i Danmark. Når det kjem nye utgåver av boka der det står på coveret at ho er nominert til Nordisk Råds prisar, så hjelper jo det. Og så ringer jo du.

– Er det andre journalistar som har ringt?

– Ikkje veldig mange, men nokre. Kanskje særleg frå fagpressa.

Les også

Bjørn Ingvaldsen prisnominert for fengselsfortelling basert på eget liv

Dyktige, men ukjende

Men nettopp her ligg noko av det interessante - og lett paradoksale - i «gullalder»-tesen til Torkildsen: For verken Nor-Hansen eller Ingvaldsen er veldig godt kjende forfattarar i Rogaland. Sjølv om dei altså skriv bøker som blir nominerte til Nordens største prestisjepris.

– Folk flest aner ikkje kor mange og gode forfattarar me har her i området for tida. Ber du folk ramsa opp rogalandske forfattarar, tippar eg dei fleste får problem etter 2–3 stykke. Mens me altså har 40–50 som leverer jamt og trutt på særs høgt nivå, seier Torkildsen, og listar opp:

– Øyvind Rimbereid er Norges beste samtidslyrikar, og svær i utlandet. Arild Rein har levert jamt og trutt i mange år, og får kjempegode kritikkar nå. Odveig Klyve er også på topp nå. Bjørn Arild Ersland er heilt i den nasjonale toppen på biletbøker, der Per Dybvig kanskje er den mest etterspurde illustratøren i landet. Og så har du forfattarar som Tore Renberg og Janne Stigen Drangsholt, som i tillegg til gode kritikkar sel godt. Under Kapittel klarte me til og med å ha ein eigen forfattarkveld på Sandnes brygge med tre Sandnes-forfattarar! seier Torkildsen, som ikkje har eit veldig godt svar på kvifor det har blitt slik akkurat nå. Kanskje var det noko med Stavanger på 90-talet som fekk kulturfolk til å slå seg ned her då?

– Forfattarar har noko mytisk over seg når dei er gamle og døde, som Kielland og Garborg. Men sånn er det ikkje med dei levande samtidsforfattarane - og her er dei to nominerte til Nordisk råd stjerneeksempel, seier Torkildsen.

Ingvaldsen, som denne hausten er aktuell med tredje og siste bind om Ikaros Olsens kamp for å nå toppen - hans 50. bok! - sit i Helsinki og føler seg litt Oscar-nominert:

– Eg tek utgangspunkt i at eg ikkje vinn, og at det er stas å bli nominert. Eg har ikkje tenkt å skriva nokon takketale på førehand.

Publisert: