Nissane pussar opp

Mr. Caboom, Kissa Nissemann og Ove Rocketroll får hjelp av Sinnasnekker Andersen til å pussa opp når «Barnas store julerevy» rullar i gang for 16. gong på Sola kulturhus.

Ja, så var det den døra. Kissa Nissemann (Kristian Arntsen) (t.v.), Ove «Rocketroll» Storland og Christian «Mr. Caboom» Eriksen har besøk av Snekker Andersen (Cato Skimten Storengen), som foreløpig er blid. I bakgrunnen lurer, som alltid, Svartnissen (Hans Petter Jørgensen). Foto: Marie von Krogh

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

– Det er sånn at me som har ein slik koseleg dialekt får veldig mykje gratis, seier Cato Skimten Storengen på sitt koselege Snikker Andersen-mål. Før han legg til:

– Men alle har eit svakt punkt, eit mørke i seg. Og når det først smell i Innlandet, så smell det noko durabelig.

16. den 16.

16. november går teppet opp for den 16. varianten av Barnas store juleshow. Førjulsrålset som i si tid starta som eit underskotsforetak håper i år å nå fjorårets mål om å bikka 50 framsyningar. Nytt av året er det at gjengen også spelar i romjula.

Og årets gjest er altså Skimten Storengen, som også var med i 2011, då som Bjarne Brøndblo og Sjølvaste Julenissen. I år skal han også spela Sjølvaste Julenissen, men ikkje minst Sinnasnekker Andersen, som i utgangspunktet er snill og koseleg, og bare snekker, men som altså kan bli skikkeleg sinnasnekker.

– Du fekk vel jobben på grunn av dialekten din?

– Eg får stort sett alle jobbar på dialekten min.

C-moment i skogen

Eit scenisk c-moment blir det når Snekker Andersen møter Sjølvaste Julenissen ute i skogen. Altså når Skimten Storengen skal spela to karakterar som møtest. Altså når Skimten Storengen på eit vis skal møta seg sjølv. I skogen.

– Cato blei veldig glad for at hans kostyme er laga av vadmel, seier Christian Caboom Eriksen under den høge nisselua.

– Ja, for kroppstemperaturen min pleier jo å vera ganske låg på scenen, lyg Skimten Storengen.

Problemstilling. Drøft.

– Så: Kva er årets, eh, problemstilling?

– Julenissens sekk går aldri tom for gåver, det er som ei slags Sareptas krukke, som aldri blir tom. Den sekken får Svartnissen tak i. Han tar ut dei pakkane han sjølv vil ha, før han skal øydeleggja sekken. Så prøver me å stansa han, forklarer Eriksen.

Men i tillegg til den klassiske konflikten mellom den onde, julehatande, og trønderske Svartnissen og dei snille og koselege raude nissane, skal det altså pussast opp på scenen, i ein slags dobbel forstand. Snekker Andersen skal hjelpa nissane med ei skeiv dør og nokre ambisiøse planar om ein snurredass, men så får faktisk også julerevyen heilt nye kulisser, ei slags visuell ansiktsløfting.

– Kulissene me har brukt til nå er dels noko rask som stod her første året, og dels ting me har snekra sjølv opp gjennom åra. Dei har bokstaveleg talt vore både tunge og heimesnekra, seier Hans Petter Jørgensen, som spelar Svartnissen.

Det er ikkje sikkert publikum merkar så mykje til dei nye, oppussa tidene, men for dei på scenen blir det bra å ha lettare kulissar som går på hjul og er langt meir fleksible.

– I år skal dei bli til ein pepperkakeby, til neste år kan dei bli til Titanic for alt eg veit, seier Jørgensen.

Deigklumpen til slutt

Ja, og så er det jo ganske fleksibelt kven som dukkar opp på scenen. I år lovar Christian Eriksen eit møte med pepperkakegjengen «The Ginger Boys». Eller kanskje «The Leftovers», sidan det dreier seg om dei pepparkakene som blir til overs.

– Me har ein kar som bare er halvsteikt, ein annan som er brent, forklarer Eriksen, mens Skimten Storengen meiner dei også må ha med den klumpen deig som alltid blir til overs når ein lagar pepparkaker.

– Nå har de halde på med dette i 16 år. Blir de ikkje leie?

– Ikkje tale om. Det blir bare kjekkare og kjekkare, svarer Eriksen.

– Me blir bare mindre og mindre leie for kvart år som går, seier Ove «Rocketroll» Storland.

– Det betyr at me må ha vore ganske leie då me starta? filosoferer Kristian «Kissa Nissemann» Arntsen.

Det blir, mest sannsynleg, jul i år også. Foto: Marie von Krogh

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Aftenbladet avslører: Viking har brutt idrettens regelverk i Berntsen-saken

  2. Kvinne mistenkt for å ha holdt sønnen innesperret i nær 30 år

  3. «Hæ, har dere flyttet dit?» spør folk. Nå har hjemmet deres vunnet arkitekturpris.

  4. Foreløpig har tre søkt på jobben som Rogfast-sjef

  5. Aksjonærmøtet i Viking er over: Styret står på sitt i Berntsen-saken

  6. Politiet har frigitt navnet på mannen som døde i trafikk­ulykken på Buevegen