På jakt etter «svenske tilstandar»

Ståle Økland var eitt år saman med politiet i Norges tøffaste politidistrikt, Stovner. Fann han «svenske tilstandar» i Norge? Og kan bydelar i Stavanger ein gong i framtida bli som i Oslo?

Publisert: Publisert:

Ståle Økland har fått innblikk i skuggesidene i Norges tøffaste politidistrikt i arbeidet med boka «Norske tilstander». Foto: Marie von Krogh

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Norge, førre veke: Rektor ved Stovner videregåande skole har skrive eit internt notat til Oslo kommune om at han ikkje lenger kan by elevar og lærarar eit trygt og godt arbeidsmiljø. Det har rett og slett vore for mange valdshendingar sidan skulestart. Rektor Terje Wold fryktar at elevar og lærarar kan bli skada.

Notatet blir plukka opp av Dagsavisen, og historia frå Groruddalen blir til ei nasjonal mediesak, både i aviser og etermedium. Konstituert kunnskapsminister Henrik Asheim (H) er sjokkert, og kallar inn til krisemøte.

– Det er heilt klart utfordringar på mange felt i Groruddalen, blant anna når det gjeld ungdomsvald. Statistikken viser at ungdomsvalden har gått ned i Norge. Men i Groruddalen har han bare flata ut - og kanskje gått litt opp igjen i det siste, seier Ståle Økland. Opphavleg frå Bryne, men nå busett i Oslo. I Oslo Vest.

I over eitt år har han vore floge på veggen nettopp i politidistriktet som igjen hamna i media sist veke. Resultatet er dokumentarboka «Norske tilstander. Bak frontlinjen i Norges tøffeste politidistrikt». I dag - laurdag - er han også på Kåkå kverulantkatedralen for å diskutera temaet.

Ståle Økland har fått innblikk i skuggesidene i Norges tøffaste politidistrikt i arbeidet med boka «Norske tilstander». Foto: Marie von Krogh

Svenske tilstandar?

Økland ville sjå om det faktisk er «svenske tilstandar» i Norge, og finna ut av politiets metodar for å handtera problemstillingar somme fryktar kan koma til å omfatta meir enn bare Groruddalen i framtida. Problemstillingar som går rett inn i den kanskje mest brennbare delen av norsk politisk debatt, rundt innvandring, integrering, parallellsamfunn og «norske verdiar».

– Debatten er veldig polarisert. Det er viktig å få inn nyansane. For det store biletet er at dei aller fleste som bur i Groruddalen er lovlydige folk, at dei aller fleste lever heilt vanlege liv, at dei aller fleste vil ha lov og orden og hjelper politiet i sitt arbeid, seier Økland.

Men det er ikkje «vanlege folk som lever vanlege liv» som skaper overskrifter, skarp politisk debatt eller politisaker. Økland innrømmer også at bydelen nordaust i Oslo har ein del spesielle utfordringar:

– Det er eit belasta område med mykje utanforskap. Mange droppar ut av skulen. Mange er einsame. Det er langt meir familievald enn i andre delar av Oslo. Det finst lukka miljø, kriminelle gjengar, barnefattigdom. Ein del lever etter ein æreskodeks som kan gi seg utslag i at jenter ikkje får gå fritt ut.

– Og kvifor er det så mykje av dette nettopp i Groruddalen?

– Det har alltid vore utfordringar i Groruddalen. Også før innvandrarane begynte å flytta inn.

Drabantbydraumen

Til alle dei som ikkje måtte vera fullt opplesne på Oslos bydelar: Groruddalen er eit dalstrøk som strekkjer seg nordover i den austre delen av kommunen. På 1960- og 1970-talet blei det gjennomført eit storstilt, sosialdemokratisk bustadbyggingsprosjekt i området, som omfattar bydelane Alna, Stovner, Grorud og Bjerke. Enorme blokker blei reiste, befolkninga vaks kolossalt, i dag bur det rundt 130.000 menneske i det som er blitt ein gigantisk drabantby til hovudstaden.

– Groruddalen var den perfekte bydelen - sett frå byplanleggaranes perspektiv. Her skulle alle kunna kjøpa seg bustad til ein overkomeleg pris, og med marka og naturen tett på, seier Økland.

Men allereie frå starten av var det noko som skar seg. Det viste seg at folk ikkje kom flyttande frå alle sosiale lag eller stader. Stovner fekk raskt kallenamnet «Stoffner» på grunn av narkoproblema. Og om det blir overskrifter om vald og kriminalitet nå, må ein ikkje gløyma at det også var trøbbel før. For 20–30 år sidan var det Tveitagjengen som herja.

– Eg har ikkje svaret på kvifor det gjekk slik, seier Økland.

Gammal og ung

– På kva måte er dette eit spesielt område i Norge og Oslo i dag?

– Groruddalen har Oslos eldste befolkning - men også den yngste innvandrarbefolkninga. Det same skjer som i mange andre arbeidarstrok i andre land: Dei gamle arbeidarane har blitt pensjonistar eller flyttar ut, mens folk med minoritetsbakgrunn flyttar inn, svarer Økland.

Dermed har Groruddalen ei veldig blanda befolkning, med landets høgaste andel ikkje-vestlige innvandrarar.

– Det er ikkje uvanleg at 80 prosent av elevane på skulane har minoritetsbakgrunn. Innvandrarane har sine moskear, sine miljø, du finn eit mangfald her som ikkje finst andre stader i Norge, seier Økland.

Og det er altså her du finn mykje av grunnlaget for den politiske debatten rundt parallellsamfunn og «svenske tilstandar» i Norge.

– Så: Er det «svenske tilstandar» og parallellsamfunn i Groruddalen?

– Nei. Det finst ingen «no go»-sonar der politiet ikkje kan gå inn, og der lovlause styrer - slik politiet snakkar om i enkelte bydelar i Sverige. Men det finst lukka grupper som helst vil ordna opp sjølv, som yrkeskriminelle gjengar eller i grupper styrt av ein æreskodeks. Så sjølv om det ikkje går an å snakka om «svenske tilstandar», er det heilt klart utfordringar i Groruddalen, svarer Økland, som likevel er svært oppteken av at ein ikkje må stempla ein heil bydel nå ein snakkar om dette.

Medieoppslaga er mange om problema i Groruddalen. Men Ståle Økland minner om at dei aller fleste som bur der er vanlege folk som lever heilt vanlege liv. Foto: Marie von Krogh

Lite macho

Som samfunnsinteressert menneske ville Økland til Groruddalen for å finna ut om det som skjer der kan visa konturane av framtidas Norge. Ikkje minst ville han finna ut av korleis politiarbeid foregår i distriktet der den tøffaste kriminaliteten gjerne viser seg først - og som dermed potensielt også kan vera interessant for andre byar og bydelar rundt om i landet.

– Mange trur kanskje at politiarbeid foregår slik du ser i tv-seriar, eller at politifolk er einsame ulvar á la Harry Hole. Men sånn er det altså ikkje. Politiet er eit kollektivt orientert maskineri med ei veldig praktisk tilnærming.

– Du skriv at dei kriminelle miljøa blir hardare, mens politiet blir mjukare?

– Ja, ut frå det eg såg på Stovner, i alle fall. Eg trudde eg skulle møta ein machokultur, men møtte i staden velutdanna småbarnsforeldre av begge kjønn som har vakse opp både med internett og likestilling, seier Økland.

Måten å møta dei tøffe problemstillingane i drabantbyen, er ikkje køller eller ein tøff tone, men å utvikla større fagmiljø med fleire typar kompetanse, og dialog med nærmiljøet.

Stovner og Stavanger

– Familievald eller æresproblematikk er komplekse problemstillingar som krev analyse av mønster, årsaker og forebygging. Dermed jobbar Stovner med analyseverktøy som politiet i heile landet sidan tek i bruk, og har med seg både psykologar og sosionomar som jobbar saman. Sånn sett trur eg politireforma og tanken om å skapa større fagmiljø har noko for seg, seier Økland - og minner om at ein finn familievaldssaker overalt, både på Stovner, Tjensvoll og Eiganes.

– Men kan Stavanger - eller Tjensvoll eller Eiganes - bli som Oslo og Groruddalen i framtida?

– Tjensvoll blir aldri Stovner. Men utfordringar knytt til æreskultur, ungdomsvald, unge som droppar ut av skulen, utanforskap eller familievald er også aktuelle problemstillingar for politi og fagmiljø andre stader. Der kan andre ha mykje å læra frå Stovner, som har ekspertise på desse sakene.

– Er politiet på Stovner sjølv optimistiske eller bekymra over utviklinga i området?

– Politifolk er veldig praktiske, og opptekne av å gjera jobben sin. Det er alltid meir enn nok saker å ta fatt i, dei blir målte på oppklaringsprosent, ikkje diskusjonar. Eg trur ikkje politiet på Stovner kjenner seg att i at det skulle vera «svenske tilstandar» i Groruddalen. Men samtidig trur eg dei er veldig opptekne av at dei lukka gruppene ikkje får utvikla seg - og at det ikkje blir parallelle samfunn.

– Med tanke på saka på Stovner videregående: tyder det på at politiet i bydelen har lukkast eller mislukkast i arbeidet sitt?

– Så enkelt er det ikkje. Dette er ei samansett problemstilling, ikkje svart eller kvitt. Du får til dømes ikkje målt alt det som ikkje skjer, som ein følgje av det forebyggande arbeidet politiet gjer. Alle veit at forebyggande arbeid virkar, men ingen veit nøyaktig korleis det virkar.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Finansministeren: Ja til julebord på gavekort

  2. Ren-Naa stakk av med nok en pris: - En kjempeprestasjon,

  3. Bytyqi-forhandlingene: – Tror og håper vi kan bli enige

  4. Nå er «Lykkeland»-innspillingen i gang igjen i Stavanger

  5. Fartskontroll: Mistet førerkortet

  6. Ny klatrepark i Ryfylke til haustferien

  1. Ståle Økland
  2. Kåkå kverulantkatedralen
  3. Krim
  4. Oslo
  5. Integrering