Nasjonalmuseet har kjøpt kunst frå Natasja Askelund

Biletkunstnaren Natasja Askelund blir representert i Nasjonalmuseet sine samlingar. – Dette er kjempekjekt, ingen tvil om det, seier ho.

Publisert: Publisert:

Måleriet «Balje» som er laga av Natasja Askelund, er kjøpt inn frå Galleri Opdahl, og skal framover henge på Nasjonalmuseet.

  • Marie Håland
    Journalist

Tidlegare i juni fekk biletkunstnar Natasja Askelund nyheita om at Nasjonalmuseet ville kjøpe måleriet «Balje» frå 2012.

– Det å bli kjøpt inn av dei og henge på eit museum generelt er jo å bli skrive inn i kunsthistoria, så det er klart det er stort.

Det er første gong ho er kjøpt inn, og gladnyheita inspirerer stavangerkunstnaren vidare.

– Det å vere kunstnar er to ting. Du skal utvikle måleri og eigne prosjekt, samstundes som du ønskjer å bli sett. Når dei av og til møtest, slik som no, så er det å bli anerkjent ein stor inspirasjon til å halde fram med arbeidet.

Kvardag på atelier og sjukeheim

I tillegg til å vere kunstnar jobbar også Askelund på sjukeheim. Dermed har ho ikkje slite økonomisk under koronatida, men ho har likevel kjent krisa på kroppen.

– Ansvaret me har hatt om å ikkje dra med smitte inn, og ein angst om at verda forandrar seg har eg kjent på.

Natasja Askelund.

Livet på sjukeheimen og livet på atelieret er ein stor kontrast, seier ho. Og når kvardagen består av to ganske ulike jobbar så er det ikkje tid til så mykje anna.

– Eg har ikkje drive med pusling og hagejobbing som andre har gjort dei siste månadene. Kunstnarlivet består av mykje arbeid.

Les også

Ja, la oss gjerne snakke om kultur

Likevel blir det tur med bubilen i sommar. Elles blir ein ny utstilling på Galleri Opdahl planlagt til neste år. Og sjølv om det går mot meir normale tider, er ho ikkje i tvil om at denne våren kjem til å få store konsekvensar for kulturlivet.

– Me kjem til å måtte leve med dette. Derfor er innkjøpet frå Nasjonalmuseet viktig i denne samanhengen. Det set fokus på kunsten. Musea har eit stort ansvar for å vise kven me er, kva me har vore, og kva me skal bli.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Ungdommer kobles til sju ran i Stavanger de to siste månedene

  2. – Jeg må si jeg blir betenkt hvis dette skal bli vanlig i naustmiljøene i fylket

  3. – Jeg misforstår ikke konseptet influenser, men jeg tror særlig unge i dag gjør det

  4. Megleren felt etter salg av råteskadet hus

  5. Disse videregående skolene er mest populære i år

  6. Dette er fellestrekkene for sykehjemmene som ble hardest rammet av korona

  1. Natasja Askelund
  2. Galleri Opdahl
  3. Kunst
  4. Nasjonalmuseet
  5. Sandnes