Fabelaktige, fleipande, fandenivoldske Fløgstad

BOK: Ei litterær storhending, skriv vår bokmeldar: Det pendlar gjennom rom og tid, viltert og barokt, på unikt Fløgstad-vis. Og kontroversielt om norsk industri under hakekorset. Kort sagt: Storarta!

Publisert: Publisert:

Foto: Finn Vaaga

  • Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker

Grade: 6 out of 6

Kjartan Fløgstad: Due og drone. Roman. 487 sider. Gyldendal.

Den bokstavrimklingande romantittelen «Due og drone» signaliserer at sjangeralkymisten Kjartan Fløgstad igjen har skrive ein tekst spend ut mellom dei motivisk-tematiske polane «fred» og «krig», og som i dei tre føregåande romanane sine - «Grense Jakobselv» (2009), «Nordaustpassasjen» (2012) og «Magdalenafjorden» (2014) - let han viktige delar av handlinga utspela seg i arktiske strøk.

Denne gongen startar forteljaren med tre kursiverte sider, på bokmål, under overskrifta «På ondskapen løs», om ei tenkt framtid. Det utenkelege har hendt. Skandalen er eit faktum. Ein massemordar har flykta frå «høysikkerhetsfengselet», kan henda med hjelp frå samansvorne innafor murane.

Foto: Finn Vaaga

Nokon vil truleg meina at «det går over stokk og stein», og at «det halve kunne ha vore nok»

Deretter hoppar vi tilbake i tid, til Kirkenes oktober 2014, med 70-årsmarkeringa for frigjeringa av Finnmark, før teksten på unikt fløgstadsk vis pendlar gjennom rom og tid, ukronologisk, viltert og barokt, mellom personar av begge kjønn, frå forskjellige generasjonar og med ulik klassebakgrunn, i eit diktarspråk fullt av faste vendingar og vitsar, med enkle, strofiske, rima dikt, framandspråklege ord og utsegner, lærde sitat, stadige referansar til all verdas saksfelt - ikkje minst til politikk,  litteratur, musikk og biletkunst - (halv)gløymde dialektuttrykk, glupe framandord, rå bannskap, etymologiske djupdykk, essayistiske mini-føredrag, ei magisk-realistisk skrøne om å susa rundt ute i verdsrommet, sensuelle bilete, kjønnsrelaterte vulgarismar – i sum ein encyklopedisk alt-i-eitt-roman som på frodig-folkeleg nynorsk fortel, fabulerer, dokumenterer, analyserer og polemiserer, bare avbrote av ein del gjennomgripande, kursiverte, satirisk vinkla tekstsekvensar utforma på danna, flatt bokmål. 

Les også

Les stort intervju med Kjartan Fløgstad:

Over stokk og stein?

Nokon vil truleg meina at «det går over stokk og stein», og at «det halve kunne ha vore nok», når dei faste, ståande uttrykka dukkar opp, igjen og igjen og igjen, når rima florerer, blødmene blomstrar, frekkisane spreier seg og den grunnlærde forteljaren, essayisten, poeten Kjartan Fløgstad med eit frekt flir overlet ordet til Charlotte «Sjalla» Andresen, busett i Holmenkollåsen og gift med ingeniør Thorvald Magnus Brostrup Landstad Seyss-Jørgensen. Ho skryt uhemma av å ha pult halve Oslo og vil gjerne hoppa til køys med den andre halvparten også. Mannen sin karakteriserer ho på følgjande brå, uendeleg mjuke vis: «Han er ikke en kuk engang, han er en fitte!» At denne kåte overklassedama går frå eit promiskuøst luksustilvære til Raud Front og eit lesbeliv, bør ikkje overrumpla nokon.

Foto: Finn Vaaga

Humor av dette slaget er garantert ikkje noko korkje for «uklanderlege modernistar» som aldri er «tatt i så mykje som ein einaste vits eller eit einaste rim», eller for kvinnelege «nypuritanistar» av vanleg VG-merke. Gjennom diverse meta-kommentarar undervegs åtvarer forfattaren difor mot ei «usamanhengjande livshistorie» med mange digresjonar og uklår kronologi, ei form for urein dikting som ber den unike signaturen til ein «Rein Fløgstad» i fyr og flamme, altså saudaforfattaren «på sitt verste». Det skjer m.a. ved at teksten løftar fram diverse personnamn henta frå «Dalen Portland» og «Grand Manila» og flirande peikar på han som denne gongen «sit og bankar på ein smelteomn for å finna hòlrom i språket».

Les også

Disse bøkene vil prege den norske bokhøsten

Sima - som kan rima

Den kanskje mest sentrale personen i denne brokete, rike kollektivromanen er Olav Ullvik Sima, ein mangfaldig, sympatisk bondegut frå Hardanger som alltid har «eit ordspel eller eit rim eller ein vits å by på», om han då ikkje radbrekker det engelske språket på karakteristisk vis: «That takes the cake».

Han kom frå eit miljø der nettopp «vitsen og den underforståtte, halvkvedde visa, underdriving og overdriving var faste talefigurar». På mange krokete stigar følgjer vi spora hans - som habil skiløpar, rimsmed og ivrig fotballspelar, som arbeidar på smelteverket i Sauda, som soldat i dei første krigsvekene, som flyktning på dei britiske øyane og i Stockholm, som offisiell utsending i Sør-Varanger like etter at Den raude hæren hadde frigjort Finnmark, sidan som stipendiat i USA og politikonstabel på austkanten av Oslo, før juss-studiar på fritida skaffar han ei lukrativ rolle som ekkel forretnings- og høgsterettsadvokat.

Nokon politisk feel good-roman er dette episke bravurnummeret om vår nære fortid og ei tenkt framtid definitivt ikkje

Ved samstundes å skapa rom for andre kryssande livshistorier brettar forteljaren ut eit digert lerret der sentrale trekk ved samfunnsutviklinga dei siste tiåra avteiknar seg. Ikkje berre viser han til Stalin-tida og USA-imperialismen og det som skjedde under og etter andre verdenskrig, han teiknar også konturane av eit kommunisthatande Norge som let ein «terrorist» og «massemordar» flykta, og som slår seg til ro med å vera okkupert av amerikanske styrkar. - Så nokon politisk feel good-roman er dette episke bravurnummeret om vår nære fortid og ei tenkt framtid definitivt ikkje.

Foto: Finn Vaaga

Kjærleiken

Kan henda er Olav Sima som kan rima, for mykje av ein fløgstadsk typefigur til å kunna oppfylla kravet om meir «sjel og dybde» (professor Erik Bjerck Hagen) i personteikninga. Og likevel – ein skal vera passe blasert eller pottesur om ein ikkje blir emosjonelt berørt av kjærleikshistoria som utviklar seg mellom politikonstabel Sima og butikkdame Kcenia Nyslåttbuktmo på Bjølsen. Varmt og vakkert og lattermildt alvorleg skildrar forteljaren korleis han flyttar inn i blokkleilegheita hennes, nyt lukta av grønsåpe og salmiakk, tar seg av Pøyken, den vesle sonen hennes, som uavlatelig stikk av garde for å kjøpa South State når stefaren og mora seier dei vaksne skal ta seg ein middagslur på sofaen i stova. 

Les også

Tidenes rogalandsbok: Fløgstads magiske vegg av ord

Men vil du ta innover deg den gripande historia om kva som skjer når Kcenia, fødd i Bjørnevatn, stel ein robåt, tar med seg ein ryggsekk og midt på natta oppsøker Ingierstrand Bad, då må du lesa heile denne massive, sprellande, sprikande romanen og ikkje berre denne bokmeldinga.

For sjølvsagt er «Due og drone» ein så tett mosaikktekst - med mykje kunnskapsbasert stoff, lasta til randen med stramme scener, dramatiske forviklingar, stadig nye politiske finter eller svingslag retta mot ei rekkje nordmenn, russarar, tyskarar og amerikanarar, fiktive som faktiske – at ein aviskritikk i Stavanger Aftenblad umogleg kan yta fabulatoren og tendensdiktaren Kjartan Fløgstad full rettferd.

Men «det er løye med det», ja, «det får ikkje våga seg» - noko nærmare må også ein tabloidskrivande litteraturmeldar kunna koma denne ambisiøse totalromanen som energisk sveipar innom så mange personar og stadar og motiv at «det nesten blir for mykje av det gode».

Det sovjetiske samfunn

Gjennom den omflakkande lagnaden til Oksana Konstantinovna Steinkopf og hennar familie får vi t.d. eit fascinerande innsyn i det sovjetiske samfunnet gjennom fleire tiår, vi skjønar kvifor ho som musikalsk vidunderbarn må gi opp konsertpianistdraumen og blir sekretær for ein partipamp i staden, vi høyrer om det amerikanske spionflyet U2 og meir fordekt spionverksemd ved hjelp av  eit fotoapparat, vi får glimt av elskovslivet og reisene hennes, og vi får vita at ho framfører sin eigen song «Due og drone», i tillegg til at ho blir landsdelsmusikar i Nord-Norge.

Foto: Finn Vaaga

VG-journalisten

Meir satirisk i tonen er portrettet av journalisten Kege Hege i VG, den gløgge dattera til Sjalla og hennar rike ektemann, ho som flyttar i kollektiv, blir frisinna preseterist, studerer historie i Bergen, melder seg inn i Studentmållaget, protesterer mot Vietnam-krigen og EEC, får seg ein bondeson frå Øvre Sima som kjærast, sluttar seg til AKP(m-l) og heiar på Pol Pots Raude Khmer. For deretter å gjera karriere som skarp kommentator i tabloidpressa, sjølvsagt på ekte m-l-vis utan å angra noko som helst.

Brått taler ho like sterkt for NATO og EU som ho tidlegare var mot dei same institusjonane. I tillegg blir ho leiande nypuritanist, alvorleg bekymra for den mannlege seksualmoralen, og ho er med på å stifta De hvite pennene, ein internasjonal skribentorganisasjon som blir tildelt Nobels fredspris av Knut Olav Åmås, leiaren for Nobelkomiteen, for sin kompromisslause kamp mot «falske nyheter».

Ingen skal vera i tvil om at Kjartan Fløgstad framleis liker å pirka borti snobbekulturen på Oslo vestkant (...) og ein fredselskande AUFar og NATO-motstandar som i lag med ekte 68-arar buklandar i høgrevridd USA-applaus

Andre komitemedlemmar er stortingspresident Bård Hoksrud, den franske filosofen Bernard-Henry Lévy, musikaren Bono og den høgt verdsette fredsmeklaren Tony Blair. Organisasjonen får dessutan ros for å støtta bruken av den lokale Oslo-dialekten, såkalla «dannet tale», for slik å gå inn for «ei språkleg rensing» som gir «den offentlige samtalen» i Norge «et mer enhetlig preg». At Nobels fredspris allereie har hamna hos NATOs våpenkjøpande generalsekretær Jens Stoltenberg, utropt til vekselvis «Feltmarskalk Jens av Benghazi» og «Trumps torpedo», seier også sitt om stoda i fredsnasjonen Norge  - som gjennom det fiktive, fusjonerte selskapet AS Kongsfoss lagar dei styringssystema og våpna som skal til for kirurgisk bombing av sivilebefolkning, skular og sjukehus. 

Snobbekultur i Oslo vest

Så ingen skal vera i tvil om at Kjartan Fløgstad framleis liker å pirka borti snobbekulturen på Oslo vestkant, rike riksmålsfantastar med prakthytter i den vestfoldske skjergarden, mujahedinsvermarar  som banar vegen for Taliban og IS, for så å bli ihuga anti-muslimar – og altså ein fredselskande AUFar og NATO-motstandar som i lag med ekte 68-arar buklandar i høgrevridd USA-applaus, vestleg opprustingsiver, ideologisk korrekt Russlands- og kommunisthat i demokratiet sitt namn. 

Les også

Nå kan du stemme på Tidenes rogalandsbok

Gjennomført kritisk er portrettet av den austerrikske, norsktalande SS-offiseren Ottomäx Zuckerkandl, ein intellektuell bølle med akademisk doktorgrad som kjem frå krigen utan å få sin fortente straff, ein nazist som seier det er «ei Guds lukke at nedbrenninga av Finnmark hausten 1944 skjedde med tysk orden og disiplin.» Den brente jords taktikk er som kjent ikkje for kven som helst. 

Dyslektikaren Pøyken

Meir sympati legg forteljaren i portrettet av tyskarungen og mobbeofferet Pøyken Nyslott, dyslektikaren som blir stempla som vriompeis, urokråke, skuletapar av di han teiknar og lagar formsikker graffiti i staden for å bruka energi på å lesa og skriva. På ekte Fløgstad-vis drar dette problembarnet til sjøs, oppsøker byar og land og får med seg mykje av det bøkene og rådyre snobbeskular i Sveits og USA aldri kan læra han. Ikkje berre etablerer han eit forhold til Oksana og eit par av dei andre kvinnelege aktørane i romanen, han blir først og fremst ein så framifrå kunstsvindlar at dei originale målarstykka han tar utgangspunkt i, fortonar som bleike utgåver av dei kopiane han lagar. Slikt handlag blir det naturlegvis pengar av.

Elles kan dei som misliker rim, vitsar og folkelege standarduttrykk, trøysta seg med poetiske naturskildringar og biletspråk

Blant dei viktigaste leiemotiva i romanen er elles den vedvarande, krimaktige jakta på poeten Olav H. Hauges krigsdagbøker og ein elegant, vridd bruk av Olaf Bulls dikt «Metope». Sentralt står også dei stadige tilvisingane til skjulte kablar nedi jorda og på havbotnen. Dei blir kopla saman med både Standard Telefon og Kabelfabrik på Økern, den raude linja mellom Washington og Moskva samt varslaren Edward Snowden.  Elles kan dei som misliker rim, vitsar og folkelege standarduttrykk, trøysta seg med poetiske naturskildringar og biletspråk knytt til stemmebruk «ru som universalklister på grovkorna skare», eller til ei stemme som rislar «i veg som tynne sykkelhjul over våt grus». 

Les også

Kva med ei rogalandsk litteraturhistorie?

Foto: Finn E. Våga

Politiske minefelt

Det tyngste skytset rettar samfunnsrefsaren Kjartan Fløgstad mot to politiske minefelt – NATOs og særleg Norges forhold til Russland samt det lukrative samarbeidet som fann stad under andre verdskrig mellom velrenommerte norske bedrifter og tysk krigs- og massedrapsindustri. Dette stoffet er viktig og brennbart og må kunna skremma ikkje bare «fanden på flatmark», men konservative tankesmiekommentatorer av begge kjønn og i alle aldrar. For igjen peikar ein stribar forfattar på politisk-historiske fakta som bør vekkja nødvendig debatt og vanskeleg kan imøtegåast.

At «Due og drone» er ei litterær storhending, det er «banna bein og sikkert som lås og både sant og visst»

Her slår teksten nemleg fast at over 2000 sovjetiske soldatar blei drepne på norsk jord då Den raude armeen frigjorde Finnmark, og at kommunistane var mønstergyldige okkupantar. Etter fredsslutninga blei NATO danna, eit nytt fiendebilete oppsto, den kalde krigen starta, Sovjetunionen blei oppløyst, og etter 1991 har NATO ekspandert på brei front mot Russlands grenser. Alle tal viser at NATO-landa i dag militært sett står mykje sterkare enn Putins Russland same kva NATOs militante fredsapostlar i Norge hevdar. Neste gong vi skal markera eit jubileum for frigjeringa av Finnmark spørst det om ikkje dei farlege russiske frigjerarane bør haldast borte frå festen. Nokon moralske krav må vi kunna setja.

Les også

Pionerverk om nynorsklitteraturen − men med mange mistak

Les også

Sakprosa: Det sovjetiske hus

Krigsprofitørane

Endå meir kontroversielt er venteleg det materialet forfattaren presenterer når det gjeld norsk industri under hakekorset. For her dokumenterer Kjartan Fløgstad at Norsk Hydro under krigen samarbeidde med IG Farben som leverte giftgassen Zyklon B til Auschwitz, han vengeristar Oslo-konsortiet og ser investorar som skipsreiarane Thomas Fearnley, Fred Olsen og A. F. Klaveness, godseigar F. M. Treschow, tobakksfabrikant Johan H. Andresen og Jens P. Heyerdahl, styremedlem i både Norsk Aluminium Company og Storebrand, etter i saumane.

Då desse gode nordmennene i 1941 kjøpte tyske industriaksjar var kursen 180 kroner. Då Oslo-konsortiet realiserte Auschwitz-gevinsten sin 30 år seinare, var pålydande 520 kroner. Ingen skal såleis kunna påstå at det ikkje kom noko godt ut av brotsverka til Det tredje riket. Spør bare dei jøssingane som tente seg rike på å gå inn i rolla som krigsprofitørar, men som i ettertid ikkje blei dømde for økonomisk landssvik av den norske staten med leiande AP-politikarar som O.C. Gundersen og Jens Christian Hauge i spissen. At brakkebaronen Ditlef Lexow blei domfelt, syner at det er skilnad på ein sosial oppkomling og gode nordmenn med ein solid familieformue og politiske allierte i ryggen. 

Denne demaskeringa av norske firma og enkeltpersonar som profitterte på sitt samarbeid med dei tyske okkupantane, minner for øvrig ikkje så lite om den historia om tyske storkonsern som avteiknar seg i «Dagsordenen» (2019), den Goncourtpris-vinnande boka til franske Éric Vuillard. 

Så at «Due og drone» er ei litterær storhending, det er «banna bein og sikkert som lås og både sant og visst» – for berre å stela eit par Fløgstad-fyndord av vanleg merke. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Politiet fikk penger til 400 nye stillinger. Samtidig har politidistriktene kuttet bemanningen

  2. De frykter stans i historisk laksefiske på havet

  3. Så mye større er risikoen for å bli korona-smittet dersom du reiser utenlands i sommer

  4. Nå øker smitten i Italias suksessregion. En superspreder får skylden.

  5. I fem-seks meter høye bølger hoppet Kim fra redningsskøyta til seilbåten for å redde Thore

  6. Dette er Norges mest populære hundenavn

  1. Litteratur
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Bøker
  5. Roman