Ein imponerande debut

BOK: Imponerande stilsikker og velkomponert debut om korleis me skapar fortida vår. 

Publisert: Publisert:

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 6 out of 6

Per Marius Weidner-Olsen: Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen. Roman. 232 sider. Forlaget Oktober.

Lagnaden, eller tilfellet, gjorde at eg såg dokumentaren «Falske minne» medan eg leste denne romanen. I dokumentaren fortalte forskarar kor formbare minna våre eigentleg er, kor mykje dei endrar seg, og kor lett ein kan få folk til å «hugsa» hendingar som aldri har hendt. Samstundes er me ofte heilt overtydde om at det var akkurat slik det hendte - sjølv i dei tilfella der ein kan prova at det neppe var heilt slik. Til og med dei såkalla falske minna er ein i ettertid like bombesikker på at er ekte. Vidare var konklusjonen at me endrar minna våre umedvite i større eller mindre grad, slik at dei passar inn i verdiane og sjølvbileta våre. Slikt kan jo få ein til å tenka. For viss minna - og dermed på eitt nivå fortida - er såpass elastiske, for ikkje å seia direkte upålitelege, at ein «hugsar» noko som aldri har skjedd, korleis kan ein då vita kva som eigentleg hendte? Og korleis kan ein då eigentleg vita kven ein er? 

Emnet verka å vera relativt nytt i vitskapen, men i litteraturen er problematisering av minna om fortida ein gammal slager. Ein slik innfallsvinkel har òg Jeg hadde en oppvekst nesten som min egen, der utgangspunktet er ei ungdomsskildring frå Haslum i Bærum på 70-talet. Her følgjer me hovudpersonen gjennom ulike episodar frå 12- til 15-årsalderen, fram og tilbake i tid. 

Episodane ber ofte preg av å vera noko grenselause, både seksuelt og kriminelt, og gjennomgåande har guten tidleg i tenåra ei kjensle av å vera på utsida av familie og andre fellesskap; opplevingar ein i dag gjerne hiv i den noko utslitne sekkenemninga «utanforskap.» Når slike velbrukte motiv blir para med lite handlingsmessig framdrift, setningar som er nærare ei side lange og toppa med ein tittel som høyrest både liksom-poetisk, svevande og pretensiøs ut, skulle ein jo tru dette går direkte åt skogen. Men så var det måten Per Marius Weidner-Olsen gjer det på, då. 

Og måten hans er å gå kompromisslaust inn i materialet, med ein gjennomført lojalitet til det litterære som framstillingsform. Stilen kan verka i overkant essayistisk, analytisk og filosoferande, med lange og avanserte refleksjonar. Likevel er språkføringa intens, original og medrivande på ein kvernande måte. Blikket er på same tid framand og underleg kjent. Rett og slett ein særs imponerande debut.

Det har tatt si tid, Weidner-Olsen er i siste del av 50-åra, så dette stoffet har han kanskje gått og ruga på ei stund. Ventetida verkar å ha vore ei god modning, for dei færraste er like modige og ambisiøse, både i form og innhald. Ein kan ta overgrepsscenen i starten som døme. I staden for å la den bli verande som ei tematisering av ungdom og seksualitet, vert den eit verktøy for å utforska eit poeng som er litterært. For var det eigentleg eit overgrep? Hugsar ein rett? Ein kan lesa det som ei provokativ relativisering av ansvar, og provokasjonen har ein tydeleg, kunstnarisk funksjon.

Og på slutten får òg den omtalte tittelen ny meining og smekkar elegant tilbake:

«Så kommer opplevelsene i ettertid som upålitelige og dramatiserende stedfortredere og gjør det tapte om til virkelighet i sitt bilde, i en storslagen og overrumplende erobring av det tapte skaper jeg opplevelser og gjør dem om til originaler slik at det tapte ikke er tapt likevel, jeg lager en oppvekst nesten som min egen i en ustanselig strøm av endring mens jeg leter etter noe fast uten å finne det.»

Falske minne? Muligens. Men ekte litteratur.

Denne boka kjem i sal frå 31. juli.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne fra Stavanger omkom i fallulykke i Sirdal - navnet er frigitt

  2. Kjempetabbe i «milliardkampen»: – Han kommer til å ha mareritt i ukevis

  3. Par fra Jørpeland var på Hurtigruten: – Smittevernet ble tatt på største alvor

  4. Tusenvis av skadde og mange døde i Beirut-eksplosjoner

  5. Nytt korona-tilfelle i Stavanger: – Var på reise i rødt land

  6. Bergingsbil rykket, men ble bedt om å snu – i mellomtiden vokste køene

  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur