Store spørsmål i lite format

Ingrid Z. Aanestad skriv stille bøker utan den store ytre dramatikken. Likevel handlar dei om store spørsmål.

Publisert: Publisert:

Ingrid Z. Aanestad er aktuell med sin sjette roman, «Ein dag vaknar me og det er sommar». Foto: Pål Christensen

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist

– Litteraturundervisninga handlar mykje om å lesa og diskutera tekstar studentane har skrive. Me snakkar mykje om vegen frå ein liten tekst til ein heil roman.

Ingrid Z. Aanestad er fødd og oppvaksen på Tu i Klepp kommune, men har budd mange år i Oslo. Aftenbladet får henne i tale på telefon frå Bø i Telemark. Der er ho for å undervisa studentar ved forfattarstudiet.

– Kva er det viktigaste du lærer forfattarspirane?

– Som mange av dei mest interessante tinga i livet, går det ikkje an å først å læra å skriva ein roman, og så skriva han. Du lærer berre gjennom å skriva. Eg kan bidra med mi eiga erfaring. Forhåpentlegvis kan noko av det koma til nytte. Og så kan eg lesa, rett og slett. Seia noko om kva ein tekst held på med og kanskje få den som har skrive til å sjå ting tydelegare. Slik kan ein koma vidare.

Les også

Bløfferens guide til verdenslitteraturen

Sjette roman

«Ein dag vaknar me og det er sommar» er Aanestads sjette roman sidan debuten i 2006. Den vesle romanen handlar om Mir og Ruth, som møtest på fest og blir kjærastar. Dei to kvinnene går gjennom ein sommar saman. Aanestad skriv om vanlege dagar, skildrar små, kvardagslege ting – men det handlar også om store spørsmål som vennskap, kjærleik, sjukdom og død.

Aanestads bøker er ikkje tjukke. Dei er tvert om små og ganske minimalistiske. Dei er ikkje drivne framover av plot, action og dramatiske ytre hendingar, men ganske stillferdige både i språk, tone og handling. For eit par år sidan gav Aanestad ut langessayet «Kva skjer i romanen?», som kunne lesast som eit slags forsvarsskrift for bøker som går stille i dørene. For romanar der det ikkje skjer så mykje. For det langsomme. For det dvelande. For «stillheit, visse ord og livsformer, intimitet».

– Kva tilfører denne typen romanar som episke, handlingsmetta bøker ikkje gjer?

– Eg håper mine romanar kan laga nokre rom. Å snakka om «liten» eller «stor» ut frå sidetalet i ein roman blir ikkje så presist. Ein må døma ut frå rommet romanen teiknar opp, seier Aanestad.

Les også

Vil styrka litteraturfeltet i Rogaland

Tillit til lesaren

Ho har sjølv ikkje noko mot store og episke romanar – og les dei gjerne også.

– Men når eg skriv sjølv, ønskjer eg å skapa rom for lesaren å gå inn i, der eg som forfattar ikkje spring rundt og seier «Sjå her, sjå her!». Eg har ganske stor tillit til lesarens evne til å gå inn i dei romma og bileta eg skaper.

Og så er Aanestad veldig oppteken av at det skal vera eit språkleg nærvær, ein språkleg presisjon, i det ho skriv.

– Enten ein skriv kort eller langt, forteljande eller ikkje, jobbar ein med erkjenning når ein jobbar med litteratur. Eg skriv om store tema, sjølv om formatet er lite.

– Dette er ikkje litteratur som hamnar i bokhandelens utstillingsvindauge, på avisenes førstesider eller på bestseljarlistene. Korleis er kåra for denne typen bøker i ei stadig meir bestseljarorientert tid?

– Godt spørsmål. Denne typen romanar hamnar litt mellom to stolar. Ikkje finn du dei i dei store bokstablane i bokhandelen, og ikkje er dei med i poesiens kretsløp av poesifestivalar og opplesingar. Kanskje det trengst ein eigen prosafestival som ikkje inviterer dei same forfattarane som blir inviterte over alt?

Ikkje klag, men lag!

Aanestad merkar at bestseljarane får stadig meir merksemd.

– Det er ikkje kvar dag eg er like optimistisk over utviklinga. Samtidig tenkjer eg: «Ikkje klag, men lag!» Eg har tru på at den gode litteraturen finn sine lesarar.

Aanestad har allereie fått eit par gode meldingar for den nye romanen sin, og i Dagsavisen skreiv litteraturkritikar Turid Larsen at Aanestad blir sagt å vera ein sta og envis forfattar som held fast på ei så utfordrande estetisk litterær form i roman etter roman.

– Du skal vera ganske sta for å insistera på å skrua ned tempoet såpass som du gjer i bøkene dine i ei tid der det aller meste skal gå fort?

– Eg tek det som eit kompliment å bli kalla sta. Ein treng å vera sta.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Oppfordrer til Halloween-feiring for de minste barna

  2. Sykefraværet gikk ned, men ikke nok. Nå får de en sjanse til

  3. Silje fikk topp­karakterer og er ingeniør. Nå jobber hun i kles­butikk

  4. Gutt påkjørt på Bryne

  5. To nye smittetilfeller i Sandnes onsdag

  6. Klar melding til egen minister: Grav ut Domkirken!

  1. Litteratur
  2. Roman