Mykje fakta, lite forklaring

BOK: Cas Mudde teiknar eit breitt og brokete bilete av det globale høgreradikale landskapet. Men forstår lesaren meir om kvifor folk stemmer på Trump og Bolsonaro?

Høgrefløyens framgang, her representert ved Donald Trump i USA, er tema for Cas Muddes bok «Ytre høyre i dag».
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Cas Mudde: Ytre høyre i dag. Omsett av Kjersti Velsand. Forord av Anders Ravik Jupskås. 206 sider. Dreyers Forlag Oslo.

Framgangen for parti og organisasjonar på høgre fløy har vore eit markant trekk ved den politiske utviklinga i mange land dei siste tiåra. Kven er desse kreftene? Og kvifor har dei fått så sterk vind i segla?

Cas Mudde svarar utførleg på det første spørsmålet, men ikkje fullt så godt på det andre. Den nederlandske statsvitaren har i mange år vore ein av dei leiande ekspertane på høgreekstremisme og høgrepopulisme, og den relativt korte boka er breiddfull av faktakunnskap om ulike organisasjonar, ideologiar og arbeidsmetodar. Mudde rissar opp den historiske utviklinga, samstundes som han heile vegen samanliknar forholda i ulike land.

Sjølv om Mudde bruker mest plass på Vest-Europa og USA, viser han også korleis ytre høgre er blitt ei sterk politisk kraft i ikkje-vestlege land som Brasil, India, Israel og Japan. Brasils president Bolsonaro og Indias statsminister Modi frå det hinduistiske nasjonalistpartiet BJP styrer to av verdas største land, og er samstundes blant dei mest yttarleggåande statsleiarane me har. Så stussar eg rett nok litt når Mudde skriv at ytre høgre-rørsler har fått lite innpass i muslimske land, med unntak av Tyrkia og Malaysia. Eg skulle gjerne sett kor han plasserer IS og Taliban i dette ideologiske spekteret. 

Rydding i kaos

Men elles er landskapet han teiknar, brokete nok. Ein sentral tanke hos Mudde er at ytre høgre-kreftene tek form av det nasjonale politiske miljøet dei opererer i. Frå tid til anna blir det gjort forsøk på å etablera ein «høgreradikal internasjonale», men i praksis er det vanskeleg å få til. Eit eksempel er synet på EU. Medan Brexit var ei kampsak for den britiske høgresida, har strategien til Ungarns statsminister Viktor Orbán og andre aust-europeiske høgrepolitikarar ikkje vore utmelding, men å forma EU meir i sitt bilete. 

Mudde gjer eit prisverdig forsøk på å rydda opp i kaoset, og har blant anna utstyrt boka med ei ordliste på slutten, der ulike omgrep og ideologiske retningar blir forsøkt definerte. Han prøver også å skilja mellom «høgreekstreme» og «høgreradikale». I den første gruppa finn me nynazistar og andre som avviser demokratiet og ikkje er fjerne for å ty til valdelege kampmiddel. Dei «høgreradikale», som oftare blir kalla «høgrepopulistar» vil derimot bruka demokratiet, sjølv om dei samstundes utfordrar sentrale demokratiske prinsipp som minoritetsrettar og maktfordeling.

Liberal sjølvransaking?

Cas Mudde står fram som ein ihuga forsvarar av det liberale demokratiet. Han innrømmer at han ikkje har noko godt svar på spørsmålet om korleis ytre høgre kan stoppast, og endar opp med ein appell om å tru på dei liberaldemokratiske verdiane.

Her kunne ein større porsjon sjølvransaking ha vore på sin plass. Dermed kunne Mudde også gitt grundigare og meir djuptpløyande forklaringar på kvifor så mange har falle for slagorda til dei høgreradikale. Den økonomiske og kulturelle globaliseringa har skapt raske samfunnsendringar. Forskjellane er blitt større, både mellom rik og fattig, mellom by og land og mellom akademikarar og arbeidarklasse. Mange kjenner på aukande avstand mellom styrande og styrte. Tradisjonelle verdiar, religion, nasjon og lokalsamfunn, blir ankerfeste når forandringane pressar seg på. Elitane i dei liberale demokratia har ikkje tatt slike avmaktskjensler inn over seg i tilstrekkeleg grad, og har i staden ofte svara med moralsk arroganse. Hillary Clintons «basket of deplorables» - «gjeng av foraktelege» - er det klassiske eksemplet som kanskje vart hennar bane.

Ein liknande ståstad kan merkast hos Mudde, sjølv om han streifar innom problemstillingane og til dømes åtvarar mot å la ytre høgre få monopol på å gi svar i saker som kriminalitet, korrupsjon og innvandring. Eg saknar likevel eit meir kritisk perspektiv. Ytre høgre kan ikkje forståast og fordømmast som eit fenomen isolert frå den større samfunnsutviklinga, men er i høg grad eit produkt av den.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Lokalt og livsviktig, men litterært under pari

  2. Nedtelling til et selvmord

  3. Begynner med en begravelse, som en finsk humorbok bør

  4. En rystende bok om oppdrettsnæringen

  5. Mímir feier ikkje akkurat dei svake sidene til Jon Michelet under teppet

  6. Nakstad om korona, seg selv, verdens­krigen, klima­krise og mer til – ikke særlig vel­lykket

  1. Bokanmeldelser
  2. Demokrati
  3. Bokanmeldelse